tirsdag 28. desember 2010

Romjul og rabiessprøyte

Ikkje berre berre å bli bitt av ein gatehund. Dette er eit bilete av låret mitt. Sjølve bitta gror fint, og det litt blåe har no blitt kjempeblått. Eg fortalte historia på stambakeriet vårt, Sweet Bakery, og dei var sjokkerte. Paula som jobbar der skal ta med noke eg kan ha på såret i morgon. Det veks i hagen deira heime, og skal virke bra mot eit eller anna. Det skal visst vere 31 000 laushundar i landet her, så eg vil tru der er relativt vanlig at nokon blir bitt, sjølv om hundane stort sett er svært rolige.


 Eg har vore ein tur på rabiessenteret i Duarte og fått ei rabiessprøyte og ei tetanussprøyte (stivkrampe). Tetanussprøyte fekk eg for så vidt på legevakta også, og den gjer utrulig låkt i mange dagar etter. Dei fekk ikkje med seg at eg hadde, og sette liksågodt ei til i den andre arma mi. Eg sa det tross alt berre til 2 av dei 4 damene som hadde med meg å gjere.

Ingen snakka engelsk, men vi klarer stort sett å gjere oss forstått på spansk. To av dei trudde openbart vi forstod spansk bedre om dei ropte uten å sette ned tempoet. Det stemte ikkje. Så ringte ho eine, ei eldre usmakelig dame, til dattera si så ho kunne oversette. Ho sa eg måtte kome igjen i 5 dagar for å få resten av sprøytene. Eg spurte om det var mulig å finne ei ordning så eg slapp det, då det er eit stykke å reise, og det er relativt dyrt med taxi til og frå. Dette var heilt umulig, sa ho, og eg kunne dø. Og eg såg heile nyttårsturen gå i grus. Men så skulle eg visst ha 4 sprøyter til, men over tid, og eg kunne få den eine på sjukehuset der vi skulle på tur til. Og sprøytene var gratis, så det var iallfall bra. JR var god støtte, som vanlig, og dama som sette sprøyta var svært hyggelig.
1.juledag åt vi på La Dulceria med Sofie og Frode. Ein koselig restaurant med svært god mat. Grilla biff med pommes frites og ein sjukt god tomat/koriander-salsa. Vi har vore her tidligare, og då var alt upåklagelig. Denne gongen rota dei med servicen, bestillingane og rekninga. Frode sin dessert kom aldri, sjølv etter purring, mi oreo-ostekake var ikkje god (trudde ikkje det var mulig), og vi måtte sende regninga tilbake 2 gongar for å få dei til å fjerne ting vi ikkje hadde bestilt. Brownien til JR var derimot svært god, og det same var hovedretten.

Sofie og Frode måtte få kome seg på stranda, og 2. juledag tok bussen til Juan Dolio. Det var fin temperatur, men litt mykje grums til god snorklesikt. JR og eg stakk innom ei lokal strandsjappe for å sjekke ut kva dei hadde å by på, og enda opp med diverse friterte greier. Ok smak. 

Like før heimreise. Ikkje gale å vere på stranda 2.juledag.  Eg blei vennar med nokre ungar, fyrst under snorklinga, sidan eg kunne plukke vekk kråkebollane som låg i sanden der dei bada. Mora  likte det svært godt. Så kunne eg plukke skjell til dei. Sidan oppdaga dei frisbeen vår, og då var det underholdning for resten av ettermiddagen. Dei to gutane på 5-6 år hadde imponerande god kontroll på friebeen. 

Eg fann magne skattar denne gongen også, sjølv om det var relativt dårlig sikt. Ikkje dei største skjella, men absolutt dekorative. Her under vaskesermonien.

Omlag 5 min gange frå huset vårt ligg Bella Italia, ein liten italiensk restaurant med ekte steinomn (i Jose Contreras, like ved Churchill). JR har fått den anbefalt av ein kompis, og 2.dag gjekk vi dit på kvelden. Nydelig pizza! Sofie fekk eigaren til å kaste pizzadeig opp i lufta så ho fekk ta bilde. Hit kjem vi lett tilbake!

Sofie og Frode har no reist nord til Sosua, og skal vere der nokre dagar. I natt kjem Trond, og så skal vi til Samana til nyttår, heile gjengen. Deretter reiser vi sør-vestover til Barahona-området. Det skal vere lite utbygt og omtrent ikkje utenlandsk turisme, men like flotte strender som på turiststadane. Der skal også vere ein nasjonalpark med krokodiller, iguanaar og flamingoar, samt mange andre fugleartar. JR har fått ei veke fri på nyåret, og vi er så klare for tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar