mandag 6. desember 2010

Framlegg i spansktimen

Eg og JR (Robert) går på spanskkurs. Dvs vi har vore veldig mykje vekke i det siste, for det er utrulig lite lærerikt å vere til stades. Kurset er over om ei god veke, så no ventar vi berre på eksamen. Eg var innom i forge veke, og fekk beskjed om at vi skulle ha framlegg på fredag. Vi blei delt inn i grupper, og kvar gruppe skulle snakke i 30 minutt (!!!!!) om eit valgt tema, på spansk. Eg og JR kom på gruppe, berre oss to, og valte å snakke om Noreg. Vi hadde ikkje hatt for mykje tid til koordinering og innøving men fredag stilte vi med godt mot til spansktimen. Fyrste gruppe ut var to andre i klassa. Dei snakka om noke eg ikkje forstod. Det var iallfall om naturen, og at det var over alt. Og noko om jordskjelv, trur eg. Dei heldt det gåande i omlag 10 min.

Så var det min og JR sin tur. Vi hadde laga til ein PowerPoint-presentasjon, og så hadde vi fordelt det vi ville snakke om. JR skulle byrje med harde fakta om Noreg, så snakke om økonomisk utvikling. Eg skulle så snakke om historie, språk og religion. Deretter skulle vi gjennomgå byane Oslo, Trondheim, Bergen, samt Sunnmøre og Nordnorge. Vi var svært spente på korleis det skulle gå med spansken, samt på korleis læraren vår kom til å oppføre seg. Vi venta å bli avbrotne heile tida, og såg til dels mørkt på det, sidan det er ein ting å skulle snakke i 30 min ut frå manus, noke anna å ha dialog med læraren i 30 min. Ho braut svært lite inn i den fyrste gruppa, så motet steig ein smule.

Etter omlag 1,5 min inn i vår presentasjon byrja læraren vår å bryte inn. Ho la ut om økonomien i Noreg, om fiske og bacalao (dei er steike opptekne av bacalao her borte). Om vi ikkje skulle seie noke om det. Vi sa at det kjem, og prøvde å halde oss til rekkefølga på bilda. Eg hadde til og med forbreda eit eige avsnitt om bacalao (klippfisk)-produksjon i Nord-Noreg. Då eg sa at Norge var eit kristent protestantisk land, lurte ho på om ingen trudde på Gud. Eg prøvde å forklare at protestantisme var ei retning innan kristendomen. Men det forsto ho ikkje. Himmel og hav kor lenge vi heldt på med akkurat dette. Eg teikna opp kirkehistorie på tavla, blanda inn Martin Luther, og snakka så godt eg kunne på spansk. Dei andre i klassa var like oppgitte som meg og JR. Til slutt gjekk vi vidare, og ho blanda seg inn for kvart nytt punkt. Ho elskar tydeligvis Noreg, og for kvart bilete vi viste, utbraut ho: Ai, dios mio! (å, min gud!). Det blei svært vanskelig å halde presentasjonen, for ho spurte spørsmål om kvart bilete før vi fekk sagt noke. Då vi endelig var ferdige, var det tid for spørsmålsrunde. Kjapt oppsummert enda det med at eg sang ei norsk "folkevise", snakka om den norske matkulturen, teikna ein sau på tavla (ull og godt kjøt og eg veit ikkje kva), lærte vekk å seie "din sau!", vi dansa swing, lærte vekk mange norske glosar, sang nasjonalsongen og at alle vil kome til Noreg. Eg trur vi heldt på i ein time, minst.

Etter timen tok vi ei chinola juice med ei herlig jente frå Haiti, det hjalp på det meste. Moro å bli pressa til å snakke spansk, og merke at det faktisk går an. Var godt i spansksiget etter den timen iallfall. Men eg er så glad for at vi snart er ferdige! Måten læraren vår legg fram ting på er heilt borte i natta, og no vil ho ha jobb i Noreg. Kunne til og med vaske og stelle og lage mat til meg og JR, om vi ville. Eg trur den siste var tull, men aldri godt å vite. Ho vil iallfall ha ein norsk mann, så det er berre å melde interesse!!

2 kommentarer:

  1. Takk for at du fylle en ellers so kjedelig jobbkvardag med latter! :D

    SvarSlett
  2. Fantastisk! Stadig nye tips til korleis drive språkopplæring ...
    Godt dokke kan takle det meste :-))

    SvarSlett