torsdag 21. april 2011

Påske Påske med Maddi i byen!

Marianne, eller Maddi som ho gjerne blir kalla, er systra til JR, og kom til Santo Domingo fredag 15.april, for 10 dagar i sommaren. Eg har påskeferie ut veka, og JR har spurt seg fri frå jobben. Planen er avslapping og kos. Vi kom oss raskt til Zona Colonial, gamlebyen, i Santo Domingo.


Fyrste stopp i Zona Colonial, hatteselgaren. 200 pesos for ein ekte Santo Domingo-hatt var eit røvarkjøp! Deretter kjøpte vi is av mannen i isvogna i bakgrunnen. Herlig å vere turist!


Vi var på ekte sightseeing i gamlebyen, og Maddi ville teste ut vakttårnet, som seg hør og bør.



Vi bestemte oss for å gå på muren rundt eit eller anna, og måtte sjølvsagt ta turist-bilder. Vi herma litt etter karane i bakgrunnen.


Maddi framfor huset til sonen til Columbus, med Cola lighten plassert innan rekkevidde.


Karane vi herma etter, sette stor pris på poseringa vår, og ville også ta bilete av Maddi. Det fekk dei sjølvsagt. Deretter ville vi ta bilete av dei, og det fekk vi. Han til høgre er frå Venesuela og han venstre frå Peru. Hyggelige små menn.

Søndagar er det loppemarked i Zona Colonial, gamlebyen. Eg og Maddi gjekk på skattejakt! JR som ikkje er så god i shopping-situasjonar brukte heller tida i hengekøya heime.
Mykje fint og mykje stygt å finne. Vi kjøpte ikkje stort, men alltid moro å sjå!

Etterpå tok vi ei kald øl i ein trivelig park like ved loppemarkedet. 

JR kom og møtte oss etterkvart, og vi tusla kringom i gamlebyen. Her avslapping på ei trapp ved Plaza Espana. 

Posering framfor bilete av alt ein kan oppleve her i landet. 

Syskena Børhaug framfor Columbus-familien sin residens. 

Claudia, Jenny og Sarah kom for å møte oss då vi åt på Segafredo. Sarah hadde med dette fantatiske 2,5 mnd gamle sjarmtrollet, Maya.

Eg blei heilt forelska!

Finn omtrent 1 feil. 

Chilling i parken. Frå venstre Jenny, Sarah og Claudia med Maya. I bakgrunnen påpassarar. 

Mandag stakk eg til stranda saman med Jenny, Claudia og to vennar av dei. Jenny delte ut tatoveringar til alle samen! 

Ein haug med California-folk kom og joina, og viste seg å vere ein steikje trivelig gjeng. Karen til høgre selte kokosnøtter med rom i, til oprisar. Men hyggelig var han, og laga litt show. Karen til venstre hadde akkurat komt frå USA, og blei køyrt rett til stranda. 

Kokosnøtta mi naut utsikta på fagre Juan Dolio. Eg har aldri vore på akkurat denne delen av stranda før, men han fall så utrulig i smak!

Fleire enn oss ville nyte utsikta...

Det var ikkje verre enn at vi stakk tilbake dagen etter. Denne gongen var også Claudia og Jenny med, samt JR og Maddi.  I ein liten butikk ved stranda selte dei litt forskjellig...

Maddi syntest det var ok å vere i sommaren. 

Utrulig bra snorkling på denne delen av stranda, og eg fann mange skattar! Med andre ord, alt vel. Vi har byrja å få huset fullt av skattar no, men eg har ingen planar om å endre samlemønster. 

Claudia er ein glad laks. 

Jenny også. 

Deilig deilig stranddag, med litt skyer, ein del hard sol, småsoving, snorkling og skattejakt. 

På kvelden gjekk vi bort til den italienske naborestauranten vår og fekk oss litt lasagne. Legg merke til strikkaslipset JR er ikledd. Det fekk han med Maddi, som strikka det sjølv. JR rota ned kniven og fekk tomatsaus utover skjorta. Eigaren var kjapt på pletten med noko som likna på spray-is. Ho spraya på, lot det vere på til vi var ferdige og ete, og så berre børsta ho tomatsausflekkane av kviteskjorta! Eit triks å ta med seg!
Eit pust i bakken i parken vår, rett ved huset. Vi har ikkje nytta parken så mykje enno, men no skal det endrast! Der er mange benkar, og som regel ein god del folk som berre chillar i parken, på ekte dominikansk vis. Ein ting dei virkelig kan her i landet, er parkar!

Mykje tid går med på Body Shop, det store treningssenteret vårt. Her utsikta frå takterassen på 5.etg, der bassenget og solstolane er. Greit å jobbe på brunfargen der oppe. 

Utflukt til kjøpesenter på onsdag, slik at Maddi fekk kjøpt litt småplukk før butikkane blei påskestengt. På vegen gjekk vi innom eit akvariefiskbutikk, og såg på skilpaddebabyar! Like før JR kjøpte ein, men så ville ingen av dei kose i handa, berre stikke ned til vatnet igjen. Derfor ingen skilpaddebaby enda. Vi satsar heller på å fange ei firfisle i hagen, og trene den opp til kosing.

I dag skulle eg egentlig til Cabarete, men så blei det avlyst. So no er planen å finne noko anna å gjere på. Ingen hast, vi har tross alt nokre dagare med påskefri igjen.

God påske, folkens! 


onsdag 13. april 2011

Kvardag i fyste del av 2011

Sidan begge kameraa våre blei stjelt under innbruddet, har vi no berre brukt mobiltelefon til å ta bilete. Det blir ikkje akkurat høg kvalitet, men det viser iallfall kva som skjer her borte...


14.februar fekk alle tilsette kjærleik på pinne med skulen. Ein tek det ein får...

8.mars, kvinnedagen, fekk vi kvinsa små kaker på jobb! Stas! Det skal jobben ha, dei er god på dette. 

Trond kom i romjula, og var her med oss i 3 mnd. Her et vi god mat på ein litt småfin mexicansk restaurant. Gjekk som det så ofte gjer...

Dersom eg har fri i fyrsteperioda gjeng eg gjerne ned til gatehjørnet, der ei trivelig Haitisk dame sel frukt. Fruktsalat med mango, ananas og banan kostar 50 pesos, omlag nkr 8. Ikkje opris, men heller ikkje golljbillig. Men godt er det iallfall!

Vi hadde eit resirkuleringsprosjekt med 11.trinn økologi, og ein av elevane mine laga denne flotte veska av flaskeetikettar! Eg er heilt imponert, og har samla etikettar til den store gullmedalje! Håper å få til noke liknande!

Til venstre ser de Jenny. Ho er ein god kollega, og arrangerte bartefest her for ei stund sidan.  Ho hadde den desidert beste barten. 

Flyshow i Santo Domingo. Imponerande. 

Her blir ein småbåt gassa. Stor stemning på land!

Ein utrulig flott søndagsettermiddag. 

Det er alltid stas når det skjer noko, og dominikanarane stiller lett opp! Det er fleire enn nordmenn som lagar folkefest!

Ei helg rett før Trond reiste attende til Noreg kom vi oss endelig til la Damajagua, eller heller kjent som 27 Charcos (27 fossane). Reiseboka vår var ikkje korrekt, og det var eit godt stykke å gå frå Texacoen i Imbert, og brått stoppar ein mann i bil, lurer på om vi skal til fossane, seier han jobbar der men har fri i dag, stuer alle 6 i bilen, og køyrer oss dit. 

Delar av oss etter vel gjennomført fossefall! Der var nokre som sette pulsen fint i gong, iallfall. Men eg gjennomførte alle! Flott tur! Har lyst å gjere det heile igjen, med eit vanntett kamera! 

På vei heim kom det å styrtregne. 

Det regna så fælt at bussen vår ikkje kunne køyre oss til den planlagte busstasjonen, og sette oss av på ein heilt annan. Men vi kom oss vel heim. Desse karane var så herlige, der dei køyrte forbi bussen vår. 

Hooters! Kan iallfall ikkje vere maten her som dreg folk hit. Trond, Claudia og Kate nyt selskapet. Brått kom alle damene og stilte seg opp, dansa ein tydelig innlært dans, på ein svært lite entusiastisk måte. Trur ho eine smilte litt ein gong. Men dei har iallfall korte shortsar. 

Shakira!!!!! Då ho kom på scena hadde vi venta i mangfoldige timar, og var så leie at vi stakk heim etter kort tid. Det hjalp ikkje at skjermane ikkje fungerte skikkelig og at der var så fullt i folk! Men ho var flott! 
Shakira har iallfall blitt reklamert for. 

På jobb har dei ein tradisjon med bursdagskaker ein gong i måneden, dvs dei hadde det før jul. No i slutten av mars fekk vi vår fyste bursdagskake. Vi feira alle som hadde hatt bursdag hittil. Kaka skal symbolisere eit vegskille, blei det sagt. Ho var ikkje så verst i smaken, overraskande nok. 

Channing hadde nesten bursdag denne dagen, og fekk ballongar med elevane. Det er visst tradisjon at elevar går rundt med ein haug med ballongar og et kake heile dagen. Channing fekk gjere det same. Ho var skikkelig bursdagsglad. 

HMS er mangelvare. Dette er i eit av dei største kryssa i byen, og stigen står ut i veien. Det er to karar der opp, og berre ein stige. Dette er eit vanleg syn. 

Eit ikkje fullt så vanleg syn var han body buildaren her. Interessant kar. Trena (?) på stranda. Er ikkje ofte ein ser folk i speedo her. JR var sur for han hadde planlagt samme treningsopplegget, og kunne ikkje gjennomføre det rett etter han her. 

Nydelig fisk med tostones (most fritert kokebanan), eit av dei store plussa med å stikke til stranda her. 

Ein vanleg carrito, ein av dei små bilane som går i bane i byen, og fungerar som ein mellomting mellom taxi og buss. Denne her var ikkje i flott stand. Det er det få som er. 

Kva skal ein vel med speil? 

Og så tryna eg og trakka over. Juhu! 

Var sengeliggane av andre grunnar i eit par dagar før eg kom meg til legen. 

Dei fokuserte mest på foten, som det slettes ikkje var mykje gale med. Sendte meg til røntgen og ville gipse foten i 3 veker. Eg tok berre med røntgenbildet og heldt lav profil. No, ei veke etter overtrakket, har eg ingen problem med å gå på foten. Men den rullestolturen var flott!

Det blei ein lang dag med legebesøk, og sjøfør- og god venn, Arturo, tok meg med til ein sushi-lunch midt i det heile. Det hjalp mykje. 

JR og eg innom ei lokal sjappe for å få oss noke mat før pokernight. Vi spelar saman med nokre trivelige folk, og denne kvelden gjorde JR reint bord! Det er ikkje snakk om mykje pengar, men det er alltid moro å vinne! Inne i denne sjappa var det ein eldre mann som gjorde kung fu-triks. Det såg ikkje ut som om han hadde studert det eller noko, men han gjorde det like fullt. Og dansa rundt. Nokre små ungar som surra rundt her sette stor pris på det. 

Etter ny tur til legen blei eg sjukemeldt ei veke til, og svimmel som eg er prøver eg å ta det med ro. Å ligge stille i hengekøya er alltid bra (bevegelse er ikkje bra). Her med ein steingod sjokoladecrossant frå Sweet Bakery. Det ein ikkje kan sjå på dette bildet, men som skjedde like etter, er at Watchimannen vår (han som "passar på" huset og oss på kvardagar frå 9 til 4-5) sat inne i skuret han har bygd i hagen, men buksa og trusa på anklane. Eg kika på noke maur som kosa seg med restane av crossanten på bakken, snudde blikket litt, og såg ei stor kvit truse under 10 meter i klar bane frå meg. Gru på jord. Eg la meg kjapt tilbake i hengekøya. Tok eit bildet av det heile (har dog ingen planar om å publisere det, berre ha det som eit merkelig minne), og lata som ingenting. Og det samme skjedde i dag. Han i skuret, men buksa og kvitetrusa rundt anklane. Satsar på at han brukar gjødselen på fruktrea i hagen. 

Gladnyhende! Mangoen er tilbake i butikkane! Eg slit litt med å få god pris på gata, truleg grunna bleik hud og blå auger , men inne på butikkane er det fast pris! Dei eine av dei eg kjøpte i dag var iallfall sabla god! 

Min fyrste kaffidate på leeenge, iallfall med nokon annan en JR! Eg trassa svimmelheit og rusla opp til ein cafe rett oppi gata. Claudia og Kate, to kjekke kollegaar, kom for å drikke kaffi med meg. Det var så trivelig! Eg kjøpte ein kaffi med sjokolade og mint. Den var ikkje så fin då laga blei blanda, men den var god! Eg skal dit i morgon også, med Claudia igjen, og Jenny. Noko av det eg saknar frå Noreg er å drikke kaffi med gode vener, sjå på folk, og prate om laus og fast. Dette hjelp iallfall litt på! 


Sjølv om det har vore mykje styr med innbrudd og sjukdom og greier i det siste har vi det framleis flott. Returbillettar er ikkje kjøpt, for eg klarer ikkje å forhalde meg til det enno. Eg skal nyte dei 3,5 siste månadane, og er så klar for å reise meir rundt! Landet er sabla flott, vi har hatt så mykje kjekt besøk, fleire kjekke besøk gjenstår, mangoen er på plass igjen, vi kjenner mange flotte folk og alt i alt har vi det veldig bra! Marianne, systra til Jr, kjem om berre eit godt døgn, og skal vere her med oss i påska! Så kjem Gloppen og Karianne i juli. Vi gler oss til å vise fram landet og henge med alle! Og vi har frameis gjesteseng om nokon skulle vere interessert! 


Og så berre nemner eg at Punta Cana-stranda på vestkysten her blei nettopp kåra til verdas 8.beste strand, i fylge tripadvisor.no. Eg er ikkje heilt samd i det, for eg synest her er flottare og kjekkare strender i landet, men den er heilt grei. Så veit de det.