fredag 27. mai 2011

Harrytur på party-bussen

Søndag 22.mai hadde nokre amerikanske kollegaar av meg fått ordna med party-bussen som overrasking til nokre vennar.  Partybussen køyrer rundt i gatene og har fest ombord. Dette kunne ikkje slå feil! 

Nesten heile gjengen samla framfor bussen. Omlag alle her er kollegaar av meg, og amerikanarar. 

Channing!

Claudia og Jenny klare for tur!

Ombord i bussen var det nokre kjekke handtak i taket så ein kan stå medan bussen køyrer. Bussen køyrte veeeeeeldig sakte, men likvel. Eg såg for meg overskrifta i bt....

Dave og Channing dansa. 

Bussen gjorde eit stopp på ein liquer store, der det som regel er full fest utanfor.

Bussen vår utafor liquer storen. 

JR og Claudia var tankefulle. 

Eg er glad i Doug. 

Bussen kom med bartender og DJ, og massevis av juletrelys. 

Emiliy og Dave

Kjekke Emiliy og Jenny

Synes Doug var så søt her at eg berre måtte ta det med...

Bussen sette oss av rett bort i gata vår omlag ved midnatt. Vi har no fått oppleve ei legende her i Santo Domingo. Himmel og hav for en kveld....

søndag 22. mai 2011

17.mai er vi så glad i!!!

17.mai måtte sjølvsagt feirast. Vi slo oss ihop med Helene, ei steike trivelig norsk kjekse! Vi møtte henne relativt tilfeldig gjennom Jeremias (til høgre i biletet under). Jeremias jobbar saman med JR, og han gjekk på engelskkurs, og hadde norsk lærar. Vi blei med han då dei hadde ein happening på jobben, og møtte Helene. Etterkvart fekk eg meg jobb på samme skulen som ho jobbar på. Eg jobbar på dagen, ho på kvelden. Uansett, vi inviterte nokre folk til å feire med oss...

Fyrste del av gjestane. Frå venstre: Claudia (som planlegg flytting til Noreg, heilt på seriøst), JR, Jenny (ho har norsk bestemor og er derfor svært glad i Noreg. Ho fann t-skjorta på eit gatesalg her i byen), Kate og Jeremias. Chicsa er kollegaar av meg. 

Eg og JR laga til foccacia (typisk norsk?), eggerøre og laks. Claudia hadde med nokre syd med ost og skinke, og nokre med ost, tomat og basilikum, samt pesto. Vi sette også fram ein del norsk sjokolade, som eg spedde ut med litt lokal. 

Claudia og Jenny var godt nøgde. 

Jeremias er ein ekte viking!

Flesteparten som var tilstades. Frå venstre Claudia, Kate, JR, Pavol, Philip, Helene, Jeremias og eg. Framme er Jenny og Miriam. Det kom ein del til etterkvart... 

Helene hadde med rjømegraut, risengrynsgraut, sjampis, vaffeljarn og follti Noreg-effekter. Vi sparte risengrynsgrauten til seinare, men resten blei servert!

Rjømegrauten slo overraskande godt an!

Ein smule raud sjampis-etterlikning! 

Pablo og Jenny

Philip!

Effekter i sentrum!

Vaffeljernet fekk litt problem, så det blei vaffel-pannekaker i staden...


Annarleis og utrulig trivelig 17.mai-kveld! 

søndag 15. mai 2011

Mai-helger i storbyen

På skulen eg jobbar har dei familielaurdag iallfall ein gong i året. Då er det å skrive seg på vaktliste og stille opp for eit eller anna som var uklart for meg. Eg skreiv meg på tidligvakt, for eg veit at dominikanarar generelt ikkje er så tildlig ute, og tenkte at det sikkert blei ei rolig vakt. Eg skulle vere kunst-vakt, men blei utan varsel flytta til karaoke midt i verste området. Eg såg ikkje altfor lyst på tilhøvet... 

Då eg kom, litt forsenka, var ingenting klart. Det tok omlag 2 timar av vakta mi før alt var klart for leikar for store og små! Nesten litt 17.mai-kjensle. 

Elevane hadde ansvaret for forskjellige delar, og dei som ville delta måtte betale litt, som gjekk til ansvarleg klassetrinn. Dette fann eg ikkje ut før ei stund etter familiedagen. 

Det skulle vere ponny-riding. Men dette var ikkje ponnyar! Flottaste hestane eg nokon gong har sett! Eigarane av skulen har visst ein ranch med premiehestar oppe i nord. Greit å vite kva inntekta frå skulen går til...

Sekkeløp! Claudia stilte opp! 

Etter god marknadsføring slo karaoka an! Eg opna showet med Rock DJ, og etter det var ikkje terskelen så høg...

Claudia hadde eit forrykande karaoke-show!

Etterpå måtte ho kjøle seg ned i frysaren... Etterkvart som dagen blei varmare blei eg enda meir glad for at eg hadde tidlegvakta, og kunne gå før eg rann heilt vekk. 

Bokhandelen på skulen hadde utsalg der småunga leika. 

Familiedag er ikkje noke fill på ein av dei "beste" skulane i byen. 

Hestane måtte ha kvile og for etter lang tid i solsteiken. Staselege dyr! JR kom innom etter jobb, og fekk sett seg litt om, han også.

Laurdagen etter, 14.mai, var eg i strålande humør. Sola skein frå skyfri himmel, temperaturen var fantastisk og eg skulle møte JR for ein kaffi etter han var ferdig på jobb. Den eigentlege grunnen til humøret trur eg var at eg visste at det berre var ei veke med ordinær undervisning igjen. Himmel og hav kor eg gler meg til å bli ferdig med undervisninga! Den nydelige mini chinola-paien trakk ikkje ned humøret. 

JR skulle absolutt på jakt etter ein dyrebutikk han hadde funne ut om. Etter litt leiting og spørjing fann vi fram. Den var som dyrebutikkar flest, men med nokre øgler, ein perserkatt med kattungar, massevis av fuglar, marsvin og skilpadder, samt fiskar. Og to apekattar! Dyrebutikk-dama tok babyapekatten ut av buret, og viste den til oss! Og so mata ho den. Den hadde ikkje fått skikkelig namn, men blei kalla Cappuchino, og var 6 mnd. Han kosta 120 000 peosos, eller 17 000 norske kroner. Det tilsvarar 4 av mine månedslønner. 

Dette var ein liten tass på størrelse med handa mi. 

Fiskane var ikkje så verst dei heller!

Etter dyrebutikken fekk eg lurt med meg JR til ein koselig cafe. Det blei frozen limon og chinola, og avslapping i bakhagen på Elysse. 

Kakene her er ikkje så gode, men macaroonane deira er nydelige! Så nydelig at den forsvann fortare enn svint...

Bakhagen har mange blomar og bambus-vekstar. Eg tok meg tid til å lukte.

Innom Nacional, ein enormt svær og fæncy matbutikk, for ein kjapp handel, og så rusla vi heim i det nydelige veret. JR rakk ein god time i hengekøya før det blei mørkt, og eg fekk overført bilder, og byrja på nye blogginnlegg. 



Søndag morgen reiste vi til Juan Dolio, stranda ein times tid frå Santo Domingo. JR slappa av i fluktstolen sin, medan han åt frukost på busstasjonen. Alle passasjerane i bussen ved sidan av stirra på han, heilt oblyge. Han tok seg god tid, laga til ein god italiensk blings med skinke, pesto og oppskåren tomat.


Det blei litt venting på Jenny som også skulle vere med, og til slutt gjekk Pavol med på prøve stolen. Han blei ikkje skuffa. 
Jenny blei skvisa av ei stor rompe på bussen. Dama hadde i tillegg med seg ein skokk med ungar, og ville skvise alle inn på eit par sete for å spare pengar. Stakkars dei som sat ved sidan av dei!

Happiness


Jenny underheldt. 

Monkey boy. Diverre ingen kokosnøtter å plukke ned denne dagen. 


Palma vår!
JR og Jenny i strandburka/ niqab

Buss-ventetid like før solnedgong. Det er berre å gå opp til hovedveien og vente til ein passande buss kjem, og så site på til Santo Domingo. Pavol måtte stikke tidligare for han måtte på jobb. Ikkje berre berre å vere daglig leiar av ein bar som er open alle dagar unntatt mandag. Men uansett nok ein utrulig herlig stranddag. Ikkje gale å kunne reise på stranda kvar søndag. Blir ein tung overgong til Bergen. Men der er mykje hjertevarme! Har byrja å tenke på heimlandet og heimreise, og prøver å tenke positivt. Gler meg iallfall til å gå på cafe!