mandag 24. januar 2011

Paragliding in Jarabacoa

Vi har ein venn som driv med paragliding, og vi har snakka så mykje om å bli med! No var tida endelig inne, og utpå morgenen søndag køyrte vi mot Jarabacoa! JR fekk turen i bursdagsgåve med Arturo, og resten av oss hengte oss med! Det var litt fram og tilbake om kven som skulle vere med, og det enda til slutt med JR, Arturo, Trond, Kierstin og eg. Turen tok omlag 2 timar, pluss ein svipp innom Anti-rabiessenteret for mi siste rabiessprøyte (i denne omgong).

Her var vi framme der vi skulle parkere bilen. Omkledning og klargjering. Arturo bakpå planet. 

Herlig utsikt over dei nydelige fjella i Jarabacoa. 

Vi måtte opp ein bratt bakke til toppen, der vi skulle ta av frå. Arturo med utstyret på rundt 20 kg på ryggen. 

JR var fyrstemann ut!

Vi hadde nettopp sett ein kar som ikkje klarte å ta av, og tryna ned i skråninga. Vi var litt skeptiske. Det var lite vind, og derfor ikkje heilt optimale flygeforhold. 

Men JR og tandempartneren tok fint av, med god hjelp, sprang rett ut i lufta!

JR på tur. 

Neste ut var Kierstin. Ho skulle flyge med sjølvaste instruktøren av paraglidingkurset her, Tony (i oransje hjelm bak til høgre). Ho fekk også den desidert tøffaste hjelmen.

Ho tok også fint av!

Ingen problem!

Neste ut var eg. Vi måtte vente litt på å få vind, og så var det berre å springe utfor skråninga, og ut i lufta! Sjukt herlig!!!

I lufta!!!

På grunn av vindforholda denne dagen kom det ikkje til å bli ein lang tur. Eg følte at turen tok 2 min, så kjekt var det!

Eg hadde venta at det kom til å vere skummelt å sjå ned. Det var det ikkje i det heile. Berre deilig å flyge.  Før landing hadde vi ein del svingar der vi fekk kjenne litt på kreftene, og det var skikkelig rush! 
Vi landa rett på rompa på eit stort gjorde. 

Vel nede, og godt overbevist om at det blir fleire turar!


Kierstin var varm etter turen. Det var eg og. Tok litt tid å kolne både kroppen og adrenalinet. 

Vi venta lenge på at Trond skulle kome, for det var visst så lite vind på toppen. Her er det Arturo som kjem, i den raude skjermen sin. 

Vel nede fekk han god hjelp av ein liten hjelpar. 

Godt mulig at dette er Trond. 

Nesten heile gjengen samla, med unntak av JR, som av ein eller anna grunn var på toppen igjen. 

På tide å stikke heimover, og eg fekk bilnøklane! Trur eg sat i bilen i 10 min før dei andre kom inn, så utrulig klar for å køyre bil her i landet! 

Vi stakk innom feriehuset til familien til Arturo i Jarabacoa for ein matabete. Dei hadde forberedt nydelig sancocho, ei typisk dominikanske suppe med kjøt og grønsaker. Vi fekk beskjed om å ikkje ete for mykje, for då vi kom tilbake til Santo Domingo skulle vi ete fantastisk biff. 

Avslapping i lysthuset, med utsikt mot elv og skog. Skikkelig hyttefølelse med tilhøyrande avslapping!

Eg og Kierstin fekk omvising i hagen av foreldra til Arturo. Dei hadde massevis av fruktre!

Og andre spennande tre. 

Dette er avocado-tre! Eg har faktisk lurt mykje på kva avocado veks på.



Vel attende i Santo Domingo stakk vi til ein resturant Arturo har snakka mykje om. Dei skal visst ha den beste biffen i byen. Restauranten var liten, med ca 5 bord. Til venstre er grillen og kjøkkenet, til høgre er restauranten. Plaststolar og -bord, koselige små lykter i taket, og herlig stemning. Restauranten ligg like bak Torre Washington, vest for Churchill, for dei som er interessert i det. (fotograf Kierstin)

Vi kjøpte churrasco, som er grilla tynnskåren biff. Vi fekk den servert med chimichurri (ein saus med persille, kvitløk, eddik og olje), samt friterte bananar. Biffen her blir tradisjonelt berre krydra med litt havsalt. Fy flate kor godt. Arturo fekk til og med Kierstin, som er vegetarianer og ikkje har smakt kjøt på 10 år, til å smake! Ho syntes det var godt, men ikkje nok til å gå tilbake til å ete kjøt. (fotograf Kierstin)
Etter dette var det berre ein ting å gjere. Rett heim og i seng. Før eg sovna gjekk eg mentalt gjennom flygeturen igjen. For ei herlig kjensle! Sovna før eg landa...

JR har bursdag!!! og avskjedsfest for Paula

Onsdag 19.januar hadde JR bursdag! Han ville feire på colamdoen vår, sidan det er så lenge sidan vi har vore der. Vi troppa mannsterke opp utover kvelden! Trur vi var omlag 20 stk. Dei fleste var frå AIESEC, enten lokale eller folk på internship.

Vi blei etterkvart så mange at vi måtte flytte ned på parkeringsplassen for å få plass til alle. 

Laura og Manuel

JR har fått dominio i bursdagsgåve med diverse AIESECara! Det er ein av dei store tinga her borte, og vi ser stadig folk som spelar det i på gata og i parkar. JR fekk med seg Maria, Kierstin og Trond til nokre runder dominio. 

Helene (tv) og Amelia kom også innom. Helene er frå Norge, og jobbar på same skule som eg. Amelia møtte eg for fyrste gong, men det viste seg at vi var på samme pilatestime dagen før. Og fleire skal det bli....

Arturo tilbaud seg å køyre Kierstin og Maria heim. Han har køyrt meg heim ein gong før, då med hjelmar, og han køyrde svært forsiktig. 


Paula har bestemt seg for å reise heim til Costa Rica før internshipet er over. Torsdag var det avskjedsfest for henne. Her er ho saman med Arturo og JR. Ho hadde med seg Cacique, lokal drikke frå Costa Rica.

Alle måtte prøve! Ein skulle drikke det med salt og lime, men det likna ikkje på tequila i det heile. Mykje betre og svakare. Det var faktisk ikkje så gale.

Frå venstre: Claudia, Manuel Peru, JR, Sasha, Trond, Yeimy, Alejandra, Paula og eg. I bakgrunnen hoppar Tomas. 

Kierstin, eg, Paula og Adaica. 

JR, Trond, Adaica, Sasha og Arturo poserar på verandaen. Legg merke til "nye-posen" til JR. 

Paula saman med Claudia
 
Vicky, Alejandra, Felix, Claudia og Yeimy

mandag 17. januar 2011

Juan Dolio med Silje, Trygve, Kierstin, Trond og JR

Silje og Trygve kom på besøk til oss 12.januar, og vi har hatt nokre flotte dagar! Vi har ete mykje god mat, drokke god drikke og sløva mykje! Vi er no offisielt stamgjestar på La Dulcerie, og maten der leverar gong på gong! Sidan både eg og JR jobba blei det ikkje så altfor mykje tid ilag, men vi fekk kjekke kveldar!

Søndag reiste vi til stranda! Juan Dolio ligg omlag ein time aust frå Santo Domingo, og vi reiste med buss. Denne delen av stranda, Hemingway, er muligens den finaste, og det er 10 min å gå frå hovedvegen. Vi reiste ganske tidlig på føremiddagen, og var der til etter solnedgong. 

Kierstin nyt ei kald Presidente i hengekøya. 

Trond tok ein rask blund i hengekøya. 

Silje og Trygve ventar på solnedgongen. 

Kierstin, Silje og Trond, redigert. 

Gjengen uredigert, no med JR. 

Gjengen klare for avreise sidan sola held på å gå ned. 

Fager kveldsol smiler...

Herlige Silje

Trond

Eg og JR

Vi fekk brått lyst på mexicansk mat! Sidan eg måtte rekne algebra når vi kom heim, bestemte vi oss for å ete ved stranda, slik at vi kunne få ein siste middag samla.

D'Tony Chef. Vi var einaste gjestane, og det tok over ein time å få maten. Den var ikkje verdt å vente på. Sistebussane går i 8-9-tida, og sidan klokka nærma seg 9 og vi var så lei av venting at vi berre tok ein taxi heim til byen. Blei lite algebra på meg den kvelden.