| Vi hadde lest mykje bra om Casablanca, som er eit lite hotell sør for Barahona, og no var tida inne for å prøve det. Vi kom dit på ettermiddagen, litt før solnedgong. Blei møtt av dei del vakthundar, og eg oppdaga at eg slettes ikkje er glad i vakthundar og laushundar. |
Roma var svært sparsommelige, med ein del maur, samt berre kaldt vatn. Eg syntes likevel det var ein svært koselig plass. Det var ikkje mulig å ete drop-in- middag, for her bestill ein mat om morgenen, så går eigaren til markedet for å handle inn, og lagar maten om kvelden.
|
| Utsikta frå hagen var heller ingenting å klage på. |
| Der var også basseng og varmtvatn og det var ikkje måte på! |
| Men no over til Casablanca, som eg synest var så utrulig herlig! |
| Det var mange planter og murte gangar i hagen. |
| Eg stod opp i 8-tida om morgenen, medan alle andre sov. Eg tusla inn i hagen, blei fanga inn av eigaren, og gitt ein rykande varm kaffi. Frukostbordet stod klart, men eg venta på resten. |
| Det var dekka på langbord til oss og dei fire andre gjestane. |
| Fersk pasjonsfruktjuice og vannmelonjuice i morgensol. |
| Det hang fersk frukt kringom, og det var mange treutskjeringar. |
| Banan frå hagen. |
| Restauranten sett frå baksida av hotellet. |
| Ein ny skolopender til Trond. Denne enda større enn den forge! |
| Medan karane jobba i solsteiken nytta eg høvet til å fotografere nokre av dei mange sommarfuglane som flaug kringom. |
| Denne var spesielt fotogen, opna vingane og tok ei ekstra runde for så å kome tilbake for vidare fotografering. |
| Trond ville også posere. |
| Innom ein verkstad for å få fiksa dekket. Denne karen hadde fullstendig kontroll! Kosta oss 100 pesos og ein halv time. |
| Den magnetiske polen skal visst finnast like vest for Barahona, og dit måtte vi. Vi hadde lest at om ein stoppa bilen i botnen av ein bakke, og sette den i fri, ville den rulle oppover bakken igjen. |
| Bilen sett i fri, og vi er klare. Og ja, bilen rulla oppigjen!!! |
| Her illusterar gjengen effekta. Det skal visst vere ein optisk illusjon, der omgjevnadane og veien får det til å sjå ut som om det er ein nedoverbakke, medan det ikkje er det. Utrulig spesielt. |
| Enriquillo, den fyrste statua eg har sett av ein lokal kar. Han her var ein Taino-indianar som gjorde opprør mot spanjolane på tidleg 1500-tal. Stort sett finn ein berre statuar av spanjolar som drap indianarar. |
| Vi var no på veg mot Lago Enriquillo, ein svært spesiell saltvatninnsjø. Her var det ørken og fjell. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar