søndag 27. februar 2011

Fræshelg med mykje besøk i St.Domingo

Mamma og pappa bodde på Hotel Frances i Zona Colonial denne veka. Hotellet er i gammal kolonistil, og svært så flott. Fredag åt JR og eg middag med dei i restauranten der. 

Vi åt churrasco heile gjengen. Maten var heilt ok, servicen svært god, og selskapet upåklagelig. Mamma var godt nøgd med å få gå i sommarklede i februar, trur ej. 

Ein mann underheldt med pianospeling i bakgrunnen. Pappa var og nøgd. 

Eg slo på stortromma med ein piña colada til dessert.
Her nærma klokka seg 22, og som vanlig blei vi ganske så trøtte rundt det tidspunktet. Merkelige saker, men det blir få seine kveldar på oss her i landet. 

Laurdag kom LOL tilbake til byen. Vi åt lunch på Sweet Bakery. Line underheldt. 

Ein flott gjeng!

Ein kan ha mykje moro med sugerør. 

Posing utanfor yndlingsbakeriet vårt. Etter dette stakk pappa og JR heim til leiligheta, medan vi andre for på shopping. 

Vi gjekk mot Plaza Central, og brått såg vi ein liten og utrulig koselig butikk som heitte "Gosh so pretty". Line var ekstatisk. Lars var ikkje slett så entusiastisk. Enda med at både eg, Line og mamma handla der. Så mange fine smykker!
Lardagskvelden hadde vi tapaskveld med oss. Dvs vi prøvde iallfall. Vi gjekk brått tom for gass, og måtte låne ovnen til naboen. Claudia hadde fiksa så mykje nydelig mexicansk mat at vi omtrent slapp unna all matlanging! Vi fekk sett fram litt ost og frukt, men det var omlag det. Eg har fått oppskrift på maten, og gler meg til å prøve å lage! Frå venstre her er Claudia, Silvia, Trond, Line, Lars, JR, pappa og mamma. 

Etter tapasen stakk vi innom AIESEC-kontoret, der det var Dominikansk Aften. Det var presentasjon av Den Dominikanske Republikk, smaksprøver på lokal mat,  samt lokal musikk og dansing. Moro!  

JR, Karen og Yeimy

Søndag var ikkje Line særlig glad. Ho hadde på langbukse og sko for fyrste gong på omlag 3 veker, og skulle straks ta taxi til flyplassen. Ikkje kjekt å reise frå sommaren. Men det har iallfall vore utrulig kjekt å ha dei på besøk!

27.februar er nasjonaldagen til DomRep. Vi feira med søndagsmiddag på La Dolcerie, etter ein del fram og tilbake. 

Det var herlig å sette seg ned og nyte god mat. Og i dag klarte dei å ikkje rote til bestillinga heller! Dei hadde berre ein liten glipp, men den var så liten at den nesten ikkje telst. 

Pappa og eg kjøpte Swiss Bacon Burger, og den var like god som alltid! Papas Fritas med honey mustard sauce og ketchup. Herlig!

Etter middagen gjekk vi innom Krispy Kream, der mamma og pappa fekk sine fyrste doughnuts av den herlige typen! Vi gjekk heim gjennom Churchill, og der var det karneval og parader, så då fekk vi sett litt av det også! I morgon, mandag, reiser dei austover til Bayahibe for nokre dagar der, før vi reiser vestover til Barahona neste helg. 


lørdag 26. februar 2011

Las Terrenas og kvalsafari


Fredag 18.februar kom mamma og pappa til Santo Domingo. Dagen etter tok vi fyrste buss nordover til Las Terrenas på Samana, saman med ein heil gjeng. Vi skulle på langhelg med kvalsafari! Vi hadde booka 3 leiligheter med  Las Palmas, som JR hadde snubla over på nettet.


Vi kom inn i ein oase, med mange små fine leiligheter, enormt med blomster og tre, og utrulig fin atmosfære!


Gjengen samla til innsjekk. Frå venstre har vi Trond og Claudia (gøymt), så Kierstin, Silvia og JR. I bakgrunnen er mamma og pappa, samt Lars og Line. Til saman var vi 10 stk.
Leilighetene var kjemekosliege, med kjøkken og stove, samt eit dobbeltrum og bad nede, bad og to enkeltsengar oppe. Heile herligheita kosta omlag 90 dollar pr natt. 

Verandaen var så koselig, med to gyngestolar, samt eit bord med fire stolar. 

Heile sulamitten var berre 50 meter frå stranda. Rett bak stranda gjekk det ein veg, og det var vel det einaste som kunne utsettast på plassen.


På stranda nemnte Claudia at ho hadde lyst på kokosnøtt. Eg sa at ein eg hadde snakka med sa at det var for seint for JR å lære å klatre i palmer. Og der var karen på veg opp i ei palme for å motbevise det. Eg hadde ikkje med kameraet på stranda fyrste dgen, og har derfor ingen bilder. Men JR klatra iallfall opp i ei ganske så høg palme, der han kasta ned 2 kokosnøtter.  Lokale forbipasserande syntes dette var hivens, og vinka og helste og ropte til han! JR og Lars gjekk laus på kokosnøttene med steinar, og klarte å kome inn til sjølvaste kokosen. Koksmjøla synest eg ikkje er spesielt god, men det var stas med sjølvplukka kokosnøtt!
Då vi skulle ut og ete fyrstekvelden kom det ei god regnbyge. Vi venta til det verste var over, og så tusla vi innover mot sentrum. 

Vi gjekk til ein restaurant der Trond hadde sett at dei hadde krokodillekjøt. Karane bestilte det, i peanøttsaus. Merkelig kjøt, ein mellomting mellom fisk og kjøt, med heilt spesiell konsistens. Pappa sa han såg for seg ei krokodille for kvar bit. Det gjorde eg og då eg smakte.

Søndagen var det taxi til Samana City, der vi skulle på kvalsafari. Hatteselgaren spotta pappa med ein gong, og var rett bort for å selge hatt. Mamma fekk forhindra kjøp, sjølv om prisen stadig sank. 

Her var fullt i laushundar, som tigga mat og oppmerksomheit. Han her var ein trufast følgesvenn. 



Det kom forbi ein solbrilleselgar også, og han fekk storfangst! Alle tre invisterte i solbriller til rundt 200 pesos (35 kr).  Dei er importerte direkte frå USA fekk vi vite, og pappa sine var til og med vaskeekte Oakley!


Turen var litt forsenka, så vi kjøpte litt mat. Restane gjekk til hundane. 

Pappa gjekk litt aleine, og hatteselgaren sirkla han inn igjen. Denne gongen blei kjøpet gjennomført, for berre 100 pesos. Her er mamma på veg, og pappa ventar friskt på tilbakemeldinga.

JR kjøpte seg også hatt! Og eg fekk låne pappa sin, for å ta eit skikkelig turistbilete!

Etter litt forsenkingar var vi på plass i kvalsafaribåten! Vi hadde booka billett med Kim sin båt. Ho er marinbiolog frå Canada, og har forska på kvalar her i landet i omlag 30 år! Ein minikval blei sendt rundt, og eg var så klar for å sjå kval!

Gleda var stor då vi fann ut av vi fekk servert cola frå glasflasker! Og det til og med inkludert i prisen. Dette gleda spesielt sunnmøringane. Det blei også servert sprite, vatn, kjeks og eit lite jordbærdrops.
Kina og Canada var også fornøgde med glasflasker! 

Her er Kim, i gulejakka, i aksjon. Vi fekk grundig innføring i knølkvalen sitt liv. Dei kjem ned til Samana om vinteren for å parre seg, og få unge, og så sym dei nordover New England, Newfoundland, Grønland eller Island for å ete om sommaren. Dei har også blitt sett utanfor Noreg! 

Vi fekk beskjed om å halde utkik etter kvalar som bles luft og vatn ut av nasa. Vi kika og kika. 

Vi gjorde som vi fekk beskjed om. Det er omlag 2 kvalar pr kvadratkilometer i dette området, så vi måtte kike godt. 
Claudia og Trond heldt utkik. Eller...

Og brått var der noko! Stor glede, og fram med kamera!

Vi fekk sjå hopp!!! Svære dyr dette, kan bli opptil 15 meter, og dei veg 30-40 tonn! 

Dei er av dei mest aktive kvalartane, og det er hoene som underheldt oss. Hannane var for opptatt med å kurtisere damene. Denne var forfulgt av to mannkvalar som var ute etter henne. Ho showa og drusa flipperane i vatnet. Her sym ho på sida. 

Etterkvart rulla ho over på ryggen, og hadde begge flipperane i lufta.

For så å smelle dei i vatnet. Etterkvart fekk den eine hannkvalen overtaket, og den andre stakk av. Vi såg fleire kvalar, men dette var dei kjekkaste!

På veg tilbake stakk båten innom Cajo Levantado, ei utrulig fin øy rett utanfor Samana City. Her er det eit flott resort, Gran Bahia Principe Cajo Levantado som mellom anna Silje H anbefalar på det varmaste! 

Vi fekk utlevert ei brosjyre med infomasjon om kvalane, og JR fordjupa seg i den. På dette tidspunktet var eg så trøtt så trøtt, og måtte legge meg ned og sove litt. Trur det må vere sjøsjuketabletten eg tok.

Alle som ikkje var norske, og hadde fiksa fri mandagen, måtte reise heim etter safarien. Resten tok taxi tilbake til Las Terrenas. På vegen stoppa vi for å handle inn litt til grilling på kvelden. Grillkol var ikkje å få tak i på butikken, men sjøføren visste råd. Han spurte ein mann unanfor eit hus, og brått kom han med to posar grillkol. Diverre var grillen oppteken denne kvelden, så vi fekk ikkje bruk for det likevel. 

Tilbake i leiligheta spela JR og Trond sjakk med turisthattar. Line fann ein gjenglømt ein på båten, og ho var så omtenksom at ho tok den med og gav den til meg. Eg lot Trond låne den. 

Lurer på om det kanskje er parringstid for firfisler også. Dei driv og viser fram ein pose under haka. Dette var ein kjapp kar. Eg hadde lita lukketid, men då kameraet laga knipselyd, stakk han av!

Medan eg sov (eit par timar), gjekk Line og Lars på butikken og handla inn litt meir til kvelden. Vi steikte kyllinglår og hadde ris og guacamole og anna godt til. 

Meir sjakkspeling. Vi hadde også nokre runder med domino etter kvart. 
JR fekk låne hatten min.
Mandagen gjekk eg og Line tur i Las Terrenas og kika på lokalt handverk. Mykje fint å sjå! Vi drakk kaffi på ein liten gatecafe, og hadde skikkelig ferie! (Dette er ein av restaurantane vi gjekk forbi på stranda og har eigentleg ingenting med teksta å gjere.)


Vi rakk litt bading på mandagen også, før vi måtte reise heimover. Eg og Line tok med oss kvar vår Corona, og rusla på stranda. Vår buss gjekk frå Samana City kl 4, Line og Lars stakk då til Las Galeras for nokre dagar der, og mamma og pappa reiste til eit anna hotell på andre sida av Las Terrenas for eit par dagar der. Dette er absolutt ein stad å kome tilbake til, og Las Palmas har mine varmaste anbefalingar!