søndag 27. mars 2011

Innbrot

Laurdag 19. mars stakk vi ut på shopping og cafe i 3-tida. Då vi kom heim var huseigar og fleire naboar ute i hagen. Dei sa at noken hadde brote opp portane inn til gangane i huset, og at det såg ut som om dei hadde vore inne i leiligheta vår. Og jada. Dei hadde komt seg inn den låste porten, knust låsen inn til gangen, og deretter brote seg inn i leiligheta vår. Huset har 3 etg. og dei andre var heime, og hadde ikkje høyrt noke. Dei tok kun med seg elektronikk, og 100-pesos-solbrillene t JR. 




Dei fekk med seg både PCen til JR, og jobb-PCen hass. Dei tok også det lisje og det store kameraet, med 18-200mm-linsa og den vanlige, samt mp3-spelarane våre og dei norske mobilane våre. Min var øydelagt, så den får dei ikkje mykje glede av. Men JR sin var bra. Dei var ikkje interessert i pass eller kredittkort, heldigvis. Dei var heller ikkje innom kjøkken eller bad. Dei var også innom romet til Trond, og forsynte seg med det han hadde av dollar. 

Dei braut seg inn i naboleiligheta også, på samme plan som vi er på, og dermed måtte dei inn nok ei gangdør, før dei braut seg inn i leiligheta deira. Der fekk dei "berre" med seg PC og kamera. JR og eit par naboar stakk til politiet for å anmelde.

Døra vår fekk litt hard medfart, og kunne verken lukkast skikkelig eller låsast på eit par dagar. Vi har no fått ny lås og ny dørkarm.


 Neste morgen, før kl 10, stilte eit par politimenn på døra. Dei tok fingeravtrykk av div i leiligheta, og av meg og JR. 

Vi har ikkje høyrt noke meir, og ingen rundt huset har sett noke, sjølvsagt. Vi har kontakta forsikringsselskap, og håper det raskt blir ordnings.  

mandag 7. mars 2011

Barahona med fam

Fredag 4.mars, rett etter jobb, for eg og pappa til Avis for å leige bil. Dei hadde ingen tilgjengelige, så vi blei henta av Budget, og fekk leigd ein Kia med dei. Prosessen tok berre 4 timar, så det blei ikkje avreise mot Barahona den kvelden. I tillegg trakka eg på ein spikar hjå Budget, noke som la ein liten dempar på røyrsleevna mi. Uansett, laurdag morgon var det avreise litt før 8!

Fyrste stopp var for å få oss frukost, omlag ein time vest for Santo Domingo. Her har JR fått seg ein skikkelig dominikansk frukost, med pølse, løk, mangu (mosa kokebanan) og kokt yuka (potet-liknande grønsak). 


Vel framme på Las Patos måtte vi ha oss litt mat. Og vi venta lenge. Og alle ungane var innom for å snakke med oss. Alle ville passe bilen vår, og gjerne vaske den. 

Då maten endelig kom var det berre fryd og gammen! Ekte dominikansk mat her også, med kreps og fisk og tostones og alt mulig godt!

Så var det endelig tid for stranda. Ei herlig steinstrand, med store bølger!


Det blei nokre grusingar...

Vi hadde med vannmelon, og pappa fiksa kniv av noke flintstein han fann på stranda. 

Easy peasy!

Steinane var så fine! Eg sleit sjølvsagt veldig med å bevege meg sidan venstrefoten min hadde eit stort sår under...

Og fleire blei grusa. Her var visst ein del straumar i området, fekk vi vite etterpå. Men vi merka ikkje så mykje av dei, heldigvis!

Utrulig flott strand!

Mamma og turist-pappa kosa seg!

Då det var på tide å finne overnatting, stakk vi fyrst til Playa Azul, omlag 5 km sør for Barahona. Der var det diverre fullt, men vi fekk sett litt på solnedgongen. 

Vi køyrde vidare til Hotel el Quemaito, og overnatta der. Dei har utrulig god mat, kjipe rom, hyggelige tilsette, og ein herlig frukthage. I hagen såg eg mellom anna ei ananas-palme! Det er alltid stas. 

Mange blomar også. 

Søndagen sov vi uten vekkarklokke, og rakk så vidt den herlige frukosten. Så var det avslapping og lesing ved bassenget i nokre timar. Eg er midt inne i boka Shantaram, som Silje la igjen her. Den er så fengande! Vi sjekka ut i 1-tida og køyrde til den nærmaste stranda, berre eit par km lenger sør. Dette var ei minst like fin strand! Her var det i tillegg bra å snorkle. JR kom litt langt ut, og fekk virkelig kjenne på straumane. Heldigvis kom han seg fint inn igjen.Vi kjøpte middag på stranda, nydlelig fisk og kylling, samt tostones og anna godt. 

Då vi måtte reise i 4-tida var det med utrulig tungt hjerte. Eg likar dette området så godt, for det er så rolig her, og så få andre turistar. Vi sjakka mamma og pappa inn på Playa Azul, og køyrde til Barahona for å ta ut pengar. Mamma og pappa blei igjen der, og eg og JR vende nasene heimover.

Turen frå Barahona til Santo Domingo tok 3 timar, og då vi nærma oss byen byrja det å regne. På med alle nødlys, som dei gjer her i landet. Vi køyrde inn til Budget 3 min før tida, med full tank og ingen skraper. Fyrste gong eg har køyrt bil her i landet, på skikkelig, og det gjekk sabla fint! Dette gjer eg lett igjen! Mamma og pappa er igjen i Barahona fram til onsdag, og eg tankane mine reiser dit heile tida. Det er så herlig å kunne ta slike helgeturar!

I ettertid har eg fått høyre meir om at å bade i områda der kan vere farlig, for der er så mange sterke straumar.