onsdag 27. oktober 2010

Oktober snart over, seier du???

I dag, 27.oktober, er det utrulig nok akkurat to månadar sidan eg kom til den Dominikanske Republikk. Då passar det ganske fint at eg faktisk forstod litt av det som blei sagt på spanskkurset i ettermiddag. Vi snakka mellom anna om Baccalao de Noruega. Eg er framleis den entusiastiske eleven som ikkje skjønar pøkk, men sit fremst og har ivrig augekontakt med læraren. Har iallfall lært mange nye ord denne veka, og er nesten klar for testen vi skal ha neste veke. Sjøl om eg ikkje forstod kva læraren sa då ho fortalde at vi skulle ha testen...eit heller dårlig teikn. 

I dag for vi til symjebassenget etter spanskkurset. Det eine bassenget var stengt (til høgre, utanfor bildet), og vi fekk beskjed om at der var iallfall fem grupper som skulle symje. Vi forstår framleis ikkje heilt korleis det foregår, men fekk hoppe uti med ei gruppe frå ein bank. (ja, ein bank) Dei øvde mykje på stuping. På bildet ser ikkje bassenget fullt ut, men der var folk over alt. Dei fleste er til venstre i bildet. Etter badinga i det mindre reine vatnet gledde eg meg til ein rask dusj. Men ingen vatn...og det bar toaletta preg av. Fytti katta. God mulig at vi ikkje skal tilbake dit. 

Eg les mange aviser på nett, både norske og internationale. Det eg virkeleg ikkje forstår er kvifor Dagbladet.no er så himla glad i Tone. Toppsaka her ein dag var at ho likte best å bli fotografert frå venstre. Det likar eg også.

Var innom ein interiør-butikk i dag. Der hadde jula teke over. Ferdigpynta falske juletre er tydeligvis in. At dei i tillegg spelte julemusikk synst eg var drøyt. Den eine songen var om "snowmen". Eg hadde på meg linbukse, tynn bluse og sandalar, og alt føltes heilt feil. Det blei ikkje meir rett då eg kom ut igjen til 30 grader. 

Uansett gler vi oss kjempemykje til Sofie og Frode kjem til jul! Og rykter vil ha det til at Trond også kjem, så det kan bli litt av eit kalas. Blir spesielt å feire nyttårsafta på stranda, men vi skal nok klare det...alle er iallfall hjertelig velkomne!!!

Siljene oppe i nord har gitt livsteikn frå seg, og har visst opplevt litt av kvart. Eg gler meg stort til skikkelig oppdatering! Gler meg også mykje til å reise med dei til helga og litt utover veka!

søndag 24. oktober 2010

Date night og rolig-helg

Det blei plutselig ei rolig-helg, då turen til dei 27 fossane i nord blei utsatt til neste helg. Eg og JR bestemte oss for å ha date night på laurdag. Vi såg The Expendables på kinoen på Malecòn, ei gate som går langs havkanten i Santo Domingo. 100 pesos for en billett (18 kr) er heilt greit. Det som ikkje var greit, var temperaturen. Eg hadde med jakke (i bruk for fyrste gong her i landet) og var relativt godt påkledd, likevel var eg iskald! Eg forstår virkelig ikkje bruken av air condition i dette landet! Filmen var omlag som venta, i ekte Stallone-stil. Moro å sjå alle desse karane ilag. Statham var som vanlig fantastisk.
(bilde frå http://www.imdb.com/title/tt1320253/)

Deretter vandra vi bortover Malecòn. Vi tenkte å finne noke mat, og enda opp på Adrian Tropic, som er kjent for svært god lokal mat. Dei hadde uteservering, og vi venta ei stund for å få bord med sjøutsikt. Bordet vi fekk hadde aldeles optimal plassering, heilt nede mot sjøen, ytterst ute. Så bra var plasseringa at eit par ungar slettes ikkje ville flytte seg frå utkikspunktet då vi kom. 

Sidan det var stortromme-kveld, kjøpte vi begge filet mignon med potetstappe, grønsaker og mofongo (lokal greie av mosa plantain og div anna).  Nydelig!!!

Blogginnlegget om galleriet for moderne kunst slo såpass an at Manuel, Kierstin og JR også ville dit. Vi stakk søndag morgen, siste dagen det var ope. Sidan lokale Manuel var med, fekk vi no gode oversettingar på det guidane sa. 

Ein elg som druknar. 

Hyttetur



Eit av mine favorittverk var den gravide bur-dama med undulatar inni (jfr forge blogginnlegg). Det virka som om dei krangla, og han til venstre gadd til slutt ikkje meir, og gøyme hovudet i fjøra. Ikkje so greit å avslutte ein diskusjon når ein ikkje kan stikke av...

I dag blei vi slettes ikkje forfulgt av vakter/guidar. Mange var opptatt av å ligge lettare henslengt på puter i krokar, og spelte musikk frå mobilen. Merkelig konsept.
Moderne kunst? 


Vel heime laga vi utebord i hagen. Kierstin laga herlig guacamole, eg fiksa pasta. Og så drakk vi rom og cola. JR fiksa bord. Det var frisk luft og sval bris. Vi har bestemt oss for å kjøpe inn nokre fleire plaststolar og eit bord, samt ei hengekøye. No skal vi fikse utearealet!

JR hoppa og klatra og fiksa appelsin frå treet i hagen. Den var svært beisk. 

Sidan det var søndag og rolig-dag helte JR ut restane av tostitosen (nachos), slik at mauren kunne få den,og vi kunne observere. Det blei overraskande interessant. Det tok ikkje lang tid før det krydde av maur på rekke og rad. 

Ein luring-maur greidde å etterlate seg luktestoff oppå eit blad, noke som resulterte i at nesten alle maurane gjekk innom bladet og surra rundt der ei stund, på veg mot tua si. 

lørdag 23. oktober 2010

Museo de Arte Moderno

Då vi kom tilbake frå Bayahibe blei plutselig Silje H sengeliggande. Eg og Silje V drog på oppdagingsferd i Santo Domingo. Dag 1 var vi i Zona Colonial, dag 2 stakk vi til museumsområdet. Museet for moderne kunst imponerte stort! Temaet for utstillinga var ureining, og kunstnerar frå 13 land i karibien og sentral-amerika hadde bidratt. 

Følte meg veldig heime her, grunna all mauren. Heile fasada var full av svære maur.





 Det Karibiske hav

Tvillingane. Står Puerto Rico på veska, og ho til høgre har tårer i augene.

Plutselig var vi omringa av vakter. Dei såg ut til å vere i ungdomsskulealder, og var svært nærgåande, dog imøtekomande. Her har dei akkurat byrja, og det er berre 7 av dei (nokre er bak stolpen).

Vanktene fulgte heilt klart etter oss. Her held dei framleis ein viss distanse.  Vi høyrde knising og at dei prøvde å lage nokre engelske setningar. 

Flugerommet

Fantastisk flotte fotografi av framandlekamar i naturen

Ei gravid dame med to undulatar inni! På veggen bak står eit dikt. 

Te gustan las flores... pero las arrancas
Te gustan los peces...pero te los comes
Te gustan las aves...pero las enjaulas
Me preguntas si te amo... Temo en responderte

Jacques Prèvert

Etter ei lett runde med google translate får eg noko som ikkje stemmer i det heile. Eg trur oversettinga blir omlag slik:

You like flowers...but pick them

You like fish ... but you eat them
You like birds ... but put them in cages
You ask if I love you ... I am afraid of the answer

Eg skal få nokon spansktalande til å sjå på oversettinga....


Her har vaktene auka i antal, og og vi kan så vidt skimte Silje til høgre for flokken. Installasjonen heiter "Washing og brain and memory".



Mange flotte og fæle bilete. Dette heiter "Killing time" og eg syns fargane er sjukt herlige!

På dette tidspunktet hadde vi rundt 20 vakter rundt oss. Nokre snakkar litt engelsk, og eg kunne kommunisere lett på spansk men nokre av dei. Vi fekk forklaring på eit par av bilda. Kan nemne at ingen andre blei forfulgt.

Dette biletet likte eg veldig godt. Utprinta papir og limt på flis. Easy pisy. Blir å prøve dette når eg kjem heim til moderlandet igjen.

Museet hadde 4 etasjer. Då vi gjekk ned i kjellaren var der ingen vakter som fulgte etter oss. Nesten litt tomt...

Utstillinga går berre i 2 dagar til, og så kjem det ei ny om arkitektur. Det blir nok fleire turar!


fredag 22. oktober 2010

Bayahibe med gode venner

Vi køyrde etter jobb fredag 15.oktober. Gerardo var sjåfør, Silje, Kierstin, JR og eg sat på. Ein liten 2 timers køyretur austover frå Santo Domingo til Bayahibe. 
Rett på stranda og fekk eit par timar før solnedgongen

Silje sitt vanntette kamera var ein stor suksess!


Bayahibe er ein koselig liten fiskelandsby på sør-aust-kysten.

Plutselig var Silje (nr 2 f.v) på vei! Vi trudde ho skulle kome søndag, og blei svært forvirra då ho plutselig var her på laurdag! Uansett, heile gjengen samla på Barco Bar, for middag og rolig kveld.

Dag nr 2 køyrde vi til stranda i Dominicus. Det meste av stranda er for resort, men litt er offentlig. Herlig dag i solsteik på ei nydelig strand!
Få fiskar men mange skjell. Flaks eg kler dykkermaske.

JR i solnedgong

Mykje energi...


Flotte folk! Arbeidarane blant oss reiste heim søndagskvelden, for jobb mandag.

Fyrste natta sov vi på Cabañas, andre natta på Hotel Bayahibe. Den fyrste staden var svært mykje dårligare enn den andre. Hotel Bayahibe kan eg anbefale på det sterkaste!

Silje V fekk med ein cricket i bagasja frå den fyrste til den andre staden

Utsikt frå frukostbordet vårt på Hotel Bayahibe
Vi kjøpte tur til nydelige Isla Saona (1300 pesos), og borda den store catamaranen. Avreise i 10-tida om morgenen, heimreise frå øya kl 3. Ikkje alle klarer å handtere fri bar, og desse høglytte folka frå Canada er eit godt eksempel på det. Rop og hoiing, pirattørkle på hovudet samt Cuba Libre i store kvantum. Eine dama fekk tilnamnet "høgtalaren" av underteikna.  Dei var tydelig på utfart frå ein resort, då dei slettes ikkje visste kvar dei var. Dei tilsette på båten ropte stadig "Punta Cana-da!!!!" til dei.  Alle andre på båten var rolige...unntatt dei tilsette som sprang rundt og filma oss konstant. 

Framme på øya. Veldig turist-turist. Fått tips om andre operatørar som køyrer til mindre turistifiserte områder på øya. Å anbefale.

Vi kosa oss likevel (foto Silje H)
Etter båtturen tok Bruno oss med til ferskvannsgrotta der vi var sist eg var her. Snorkling i krystallklart vatn mellom stalakittar og -mittar, samt kiking på flaggermus. 


Sistekvelden grilla vi på stranda. Vi fekk besøk av ein liten lokal gut som synes gitarspeling var svært interessant. Elles var det Silje, Silje, eg, Bruno og to spanske kompisar av han. Trivelige folk! (foto Silje H)
Militæret kom innom. Dei passar på stranda slik at ingen turistar (eller lokale) skal gå seg bort i mørket.  Det var egentlig ikkje lov å brenne bål der, så eg trur nokon måtte betale dei litt. Eg nytta høvet til å få tatt eit bildet saman med skytevåpen. (foto Silje V)
Bruno underheldt

Det var mange store grashopper på hotellet. Herlig søte. Uansett, Silje, Silje og eg blei igjen til og med onsdag. Ut på ettermiddagen reiste vi tilbake til Santo Domingo. 

Deilig solnedgong og ha det bra!