tirsdag 28. juni 2011

10-retters middag på Lolita

Eg fekk anbefalt restaurant Lolita av Channing, ein kollega. Ho hadde ete der med foreldra sine, og dei var svært nøgde. Lolita skulle feire 1 års-dag, og hadde tilbud på 10-retters middag. Det beste eg veit er å smake mange forskjellige rettar, og sidan eg og JR lenge har snakka om å gå ut og ete ein betre middag, nytta vi no høvet. Eg ringte og bestilte bord, noke som viste seg ikkje naudsynt, då vi var dei einaste gjestane så tidlig som kl 20.00. 

Fyrste rett kom øyeblikkelig på bordet, aubergine med noke kjøtfyll, tomatsaus og mozarella. Nydelig! Frozen juice leverte også. Vi slo på stortromma og bestilte ein deilig Malbec i tillegg. 

Andre forrett kom raskt på bordet. Eg var godt nøgd. 

Potetstappe med reker og noke sterkt noke. Med avocado på toppen. Så godt!

Brått fekk vi ein tredje forrett, meir mozarella, pesto og tomatsaus, men av ein annan sort enn tidligare. 

Ein aldri så liten mellomrett, diverse røykelaks. Eg har aldri likt røykelaks, men dette var faktisk godt. 

Dei fyrste tre hovedrettane. Frå venstre biff med soppsaus og ruccola, på delt fyrsteplass med rett nr 2, risotto med safran og churrasco-biff. Nr 3 var ravioli med sopp og div. Sjefskokken, Santiago frå Peru, var innom oss fleire gongar for å høyre korleis vi likte maten. 

Nr 4, 5 og 6 fylte raskt opp magen. Vi fekk 2 nye risottotyper, og ein pasta. Alt var svært godt, men favoritten her var den i midten, svart risotto med skampi. 

Vi måtte ta ei pause før desserten. Vi fekk italiensk is, vanilje, sjokolade og pistasj (dvs. kelneren sa det var pistasje, men eg syntes det smakte meir av mandel. Uansett utrulig godt!). Det var litt vel mykje air-conition i restauranten, som elles i DomRep, men eg var godt forberedt. 

Etter is-desserten var vi godt nøgde. Men så kom kelneren og sa at vi skulle få ein is til, sidan det var ein til kvar. O`glede!

Brått var det levande musikk! Han vandra rundt i lokalet og spelte svært behagelig musikk. 

Så var det tid for bursdagskake av sjokolade og mousse. 

Eg synes badeflisene var så fine, og av ekte naturstein. 

Avsjedsgåve, 3 fine små sjokoladar. Men på dette tidspunktet var vi så mette at dei havna i veska, og deretter i kjøkeskapet. Får spare dei til i morgon.

Eg er så mett no, og så utrulig godt nøgd!

mandag 27. juni 2011

Fantastiske Las Terrenas

Gloppen og Karianne, det er berre å smøre seg inn med solkrem! Våre siste gjestar kjem om ei god veke, og vi er så klar for nytt besøk! Omlag 15 stk har vore på besøk alt, og opplevd landet saman med oss. Det har vore så kjekt å ha alle her! Eg kjenner at det nærmar seg heimreise, noko eg slettes ikkje er klar for! Takk og lov for at eg kan reise mykje rundt i juli. Eg har lyst tilbake til omtrent alle stadar eg har vore.

Fredag 24.juni, ut på ettermiddagen, sette vi nasa nordover mot Samana og Las Terrenas. Eg har vore der ein gong tidlegare, og der er utrulig flott. Nokre frå jobben snakka om å reise, og vi heiv oss med. Vi var tilsaman 8 stk i vår villa, og så var det kjentfolk av kjentfolk i ein annan villa, eit stykke vekke. Ashley hadde funne villaen ganske tilfeldig på nett, og her var det snakk om bulls eye! Staden heitte Costa Las Ballenas, og eg anbefalar det på det varmaste!

Etter 2 timar, for min del sovande, på buss frå hovedstaden til Sanchez på Samana, tok vi motoconcho til guagua (minibuss)-stoppet. Derifrå var det omlag 20 min i guagua til Las Terrenas.

Det var supergrønt og flott rundt villaen vår! Den høyrer på ein måte til eit resort som er der, Costa Las Ballenas, og vi fekk bruke fasilitetane.

Hovedhuset, med 6 sengeplassar. Det høyrte også til ein liten bungalow med dobbeltseng og bad.
Villaen vår heitte Casa Corales

Stove og kjøkken. Det var mange sitteplassar ute. Eg diggar biletet av fisken. 

Romet vårt.

Badet var aldeles nydelig, med herlige fargar og fliser.  

Kjøkkenkroken, som hadde alt av utstyr. 


Bassengområdet. Vi rakk ein kjapp dukkert før det blei mørkt på fredagen. 

Fyrste kvelden stakk vi over til den andre folka, nokre som går på skule med Cesar, men dei var ikkje så interessert i å snakke med oss. 

Vi klarte oss fint på eigahand! Frå venstre Jenny (kollega), eg, JR, Helene (norsk) og Fanna (svensk)

Frukost laurdag morgen, appelsin juice, steikt egg, italiensk brød med chorizo og pesto (takk for den Line, framleis ein slager!)

På stranda var det så mange søte rosa skjell...

JR, Jenny og Mihai var på foto/oppdagelsesferd. JR måtte sjølvsagt klatre opp i ei høg pamle og kaste ned kokosnøtter.
Eg er rimelig glad eg ikkje var med, for palma var høg og eg hadde sikker freaka ut...

Spasertur på stranda, her Fanna og Helene

Vi fann ein halvfin restaurant, med kjekke brikker. Maten var veldig god! Det kom ei regnsky medan vi sat der. Perfekt timing! Det regna visstnok mykje i hovedstaden i helga, men ikkje oppe i nord!

Playa Bonita, like ved der vi bodde. 

JR fann ei kjekk palme

Resorten hadde flotte hengekøyer ved sjøen, men inne på området. JR nytta høvet til litt avslapping.

Mihai, nyekaren i firma der JR jobbar, i solnedgong. 

aaaah...

Eg naut kvelden 
Vi som gjekk tur på stranda i solnedgongen. Frå venstre eg, gravide Ashley, Mihai, Helene, Jenny og JR. Fanna låg i hengekøye, og Cesar, mannen til Ashley, var ute på tur. 

Hoppebilete er obligatorisk...




Etter solnedgongen stakk nokre av oss inn til sentrum. Alt var stengt, sidan det var kveld og lavsesong, men vi fann ein trivelig strandbar, med svært gode drinkar.

Las Chicas, Helene, Jenny, eg og Fanna. 

På veg heim stakk vi innom ein Colmado for å få tak i litt rom og cola, samt sjokolade og egg til frukosten. Colmado-mannen var svært så trivelig. 

Så var det å prøve å kome seg heim. Dei andre hadde byrja å grille, og vi var klare for litt mat... Det var slettes ikkje lett å finne transport. Tilslutt fekk vi tak i ein kar på ein moped med stort bagasjebrett. Han køyrde moto-taxi. Han fekk tak i ein kompis, og dei køyrde oss heim for 100 pesos. 

Fanna og Jenny bakpå. Dei køyrde veldig fint, så fint at vi bestilte samme karen dagen etter (dog ikkje han her). Han ringe forøvrig i dag då eg var på jobb...

Tilbake i villaen, etter grillinga. Mihai har det ok fyrste helga si i DomRep.

Jenny, Cesar og Ashley. 

JR sløva i hagen, og lata som om han var MJ.  
Dei små kokosnøttene er inne i masse greier, så JR bearbeida dei litt. Den grøne på bakken er slik dei er på trea, den lysebrune er slik dei er inni, før den har tørka. Den er sjølvsagt full av kokosmjølk og kokos. 

Søndag tok Fanna, Helene og eg motoconcho til Playa Coson, ei anna flott strand, uten mange folk. Der var ein liten restaurant med god juice. 
Motoconcho-drosjesjåføren vår, Jonathan. Han ville henge på stranda. Det var ikkje vi så ute etter. 


Stranda er til salgs.... Her er ein del hotell og leiligheter,men dei er ikkje så synlige.

Jenny og Ashley gjekk til stranda (ein god time frå playa Bonita), og fortsette litt vidare. Dei fann ein utrulig flott villa, og dama som eigde den inviterte dei inn for å sjå. Ho eigde fleire villaar, og det var visst skikkelig Hollywood-style. Då Jenny og Ashley hadde kome opp i 2.etg, og såg på det eine badet, med ein flott sofa i, høyrde dei at det kom folk. Dei blei litt satt ut, for dei var i bikini, og syntes det var litt pinlig å møte dei som leigde villaen. Dama beroliga dei med at det berre var nokre ungdomar. Og jada, der kom halve 10.trinn frå skulen vår! Og både Ashley og Jenny er lærarar, og kjenner godt til elevane. Det var visst mora til ho eine som leigar dei ut.

Utrulig flott strand!

Det var mykje vind denne dagen, og etter 10 min i sjøen var sarongen min full i sand. Øyra mi, som var mot vinden, er framleis full av sand. 

Restauranten.

Eg og Jenny skulle gjere nokre ærend før heimreise, men alt var stengt. Vi tok heller ein kaffi medan vi venta på at Ashley og Cesar plukka oss opp for heimreise. Dei andre tok bussen.

 Der er litt kjøligare enn i hovedstanden, og det var veldig godt. Det har vore kvelande varmt og klamt i Santo Domingo i det siste. 
Etter denne helga har faktisk Las Terrenas på Samana komt seg opp på topp 3-lista mi over beste plassar i landet. Området sør for Barahona er også på den lista. Mulig Las Galeras også er der, litt lenger austover på Samana.