Nancy, ein herlig kollega, inviterte alle oss utlenningar til ranchen deira ein halvtime nord for Santo Domingo. Søndag morgen skulle vi møte på skulen kl 9 for å bli plukka opp. Vi var litt seine, og ingen av dei eg ringte for å seie frå var på plass. Vi er i manana-land. Omlag ein halvtime etter oppmøtetidspunktet var alle 13 tilstades, og vi kom oss i minibussen.
 |
| Ashley forsyner seg av frukosten. Nancy hadde forberedt ekte dominikansk frukost med mangu, salami, stekt ost, kakao og frisk juice. |
 |
| Utefrukost |
 |
| Dette er ein ekte kamikaze-sommarfugl. Han flaug stadig inn i vifta frå forge bilde. Han blei slått til fleire gongar, og fekk til og med rift i vingen. Ei lita stund etter kom ein annan sommarfugl og gjorde akkurat det samme... |
 |
| Nancy si signaturkake; Arepa |
 |
| Fyrst såg vi ein pitteliten baby-tarantell. Deretter såg vi ein mykje større død ein. |
 |
| Nancy laga sancocho, dominikansk variant av brennsnut, på gamlemåten. Eg jobbar med Ashley. Cesar er mannen hennar. |
 |
| Gale å ha symjebasseng i hagen. |
 |
| JR kosa seg. |
 |
| Channing likte maten. Ho har forøvrig fått seg jobb på ein amerikansk skule i Kongo til hausten. |
 |
| Verten sjølv, Nancy. |
 |
| Nydelig! Vi åt og åt og åt.... |
 |
| Etter hovedretten var det meir avslapping. Cesar, Doug, Ashley og JR spelte domino. |
 |
| Raylind and Kate. Raylind har evne til å snakke med fluger...iallfall nå han har på dei brillene. |
 |
| Herlige kollegaar. |
 |
| Nancy og mannen har så mange manto-tre! Med enorme mangoar! Eg fekk med ein heil pose heim... |
 |
| Dei sel også honning. |
 |
| Mange forskjellige orkidear i hagen. ok omgivelsar dette. |
 |
| Emily og ein kjempe-lime! |
 |
| Tok med meg pool-boyen heim rundt solnedgong... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar