tirsdag 28. desember 2010

Romjul og rabiessprøyte

Ikkje berre berre å bli bitt av ein gatehund. Dette er eit bilete av låret mitt. Sjølve bitta gror fint, og det litt blåe har no blitt kjempeblått. Eg fortalte historia på stambakeriet vårt, Sweet Bakery, og dei var sjokkerte. Paula som jobbar der skal ta med noke eg kan ha på såret i morgon. Det veks i hagen deira heime, og skal virke bra mot eit eller anna. Det skal visst vere 31 000 laushundar i landet her, så eg vil tru der er relativt vanlig at nokon blir bitt, sjølv om hundane stort sett er svært rolige.


 Eg har vore ein tur på rabiessenteret i Duarte og fått ei rabiessprøyte og ei tetanussprøyte (stivkrampe). Tetanussprøyte fekk eg for så vidt på legevakta også, og den gjer utrulig låkt i mange dagar etter. Dei fekk ikkje med seg at eg hadde, og sette liksågodt ei til i den andre arma mi. Eg sa det tross alt berre til 2 av dei 4 damene som hadde med meg å gjere.

Ingen snakka engelsk, men vi klarer stort sett å gjere oss forstått på spansk. To av dei trudde openbart vi forstod spansk bedre om dei ropte uten å sette ned tempoet. Det stemte ikkje. Så ringte ho eine, ei eldre usmakelig dame, til dattera si så ho kunne oversette. Ho sa eg måtte kome igjen i 5 dagar for å få resten av sprøytene. Eg spurte om det var mulig å finne ei ordning så eg slapp det, då det er eit stykke å reise, og det er relativt dyrt med taxi til og frå. Dette var heilt umulig, sa ho, og eg kunne dø. Og eg såg heile nyttårsturen gå i grus. Men så skulle eg visst ha 4 sprøyter til, men over tid, og eg kunne få den eine på sjukehuset der vi skulle på tur til. Og sprøytene var gratis, så det var iallfall bra. JR var god støtte, som vanlig, og dama som sette sprøyta var svært hyggelig.
1.juledag åt vi på La Dulceria med Sofie og Frode. Ein koselig restaurant med svært god mat. Grilla biff med pommes frites og ein sjukt god tomat/koriander-salsa. Vi har vore her tidligare, og då var alt upåklagelig. Denne gongen rota dei med servicen, bestillingane og rekninga. Frode sin dessert kom aldri, sjølv etter purring, mi oreo-ostekake var ikkje god (trudde ikkje det var mulig), og vi måtte sende regninga tilbake 2 gongar for å få dei til å fjerne ting vi ikkje hadde bestilt. Brownien til JR var derimot svært god, og det same var hovedretten.

Sofie og Frode måtte få kome seg på stranda, og 2. juledag tok bussen til Juan Dolio. Det var fin temperatur, men litt mykje grums til god snorklesikt. JR og eg stakk innom ei lokal strandsjappe for å sjekke ut kva dei hadde å by på, og enda opp med diverse friterte greier. Ok smak. 

Like før heimreise. Ikkje gale å vere på stranda 2.juledag.  Eg blei vennar med nokre ungar, fyrst under snorklinga, sidan eg kunne plukke vekk kråkebollane som låg i sanden der dei bada. Mora  likte det svært godt. Så kunne eg plukke skjell til dei. Sidan oppdaga dei frisbeen vår, og då var det underholdning for resten av ettermiddagen. Dei to gutane på 5-6 år hadde imponerande god kontroll på friebeen. 

Eg fann magne skattar denne gongen også, sjølv om det var relativt dårlig sikt. Ikkje dei største skjella, men absolutt dekorative. Her under vaskesermonien.

Omlag 5 min gange frå huset vårt ligg Bella Italia, ein liten italiensk restaurant med ekte steinomn (i Jose Contreras, like ved Churchill). JR har fått den anbefalt av ein kompis, og 2.dag gjekk vi dit på kvelden. Nydelig pizza! Sofie fekk eigaren til å kaste pizzadeig opp i lufta så ho fekk ta bilde. Hit kjem vi lett tilbake!

Sofie og Frode har no reist nord til Sosua, og skal vere der nokre dagar. I natt kjem Trond, og så skal vi til Samana til nyttår, heile gjengen. Deretter reiser vi sør-vestover til Barahona-området. Det skal vere lite utbygt og omtrent ikkje utenlandsk turisme, men like flotte strender som på turiststadane. Der skal også vere ein nasjonalpark med krokodiller, iguanaar og flamingoar, samt mange andre fugleartar. JR har fått ei veke fri på nyåret, og vi er så klare for tur!

lørdag 25. desember 2010

Feliz Navidad

Velkomen til oss!



Sofie og eg på Segafredo. Eg henta Sofie og Frode på flyplasen litt før 5 på morgakvisten lisjejulafta, så var det søvn, og deretter ut i byen. Vi gjekk stort sett frå cafè til cafè. 

Julehandel! Mannen framfor oss i køa var frå Noreg! Ikkje ofte vi møter det på supermarkedet! Han var gift med ei lokal dame, og dei skulle feire jul her. 

Frukost på julafta! Egg, bacon, ananas, god ost og skinke, kaffi og juice, samt bakevarer frå den lokale italienske butikken.

Ekskursjon til Zona Colonial. Vi rusla inn i ei gate som er litt utanfor turiststrøket, sette oss i ein park og tok ei lita øl, og berre slappa av. 

Sofie sat i sola og tina. Eg sette meg ganske kjapt inn i skuggen. Frode trakk seg også tilbake. Det var så  fint ver!  Sol frå skyfri himmel, og utrulig god temperatur!

Julelunch på Hard Rock Cafe, midt i gamlebyen. Veldig få turistar, og dermed ein rolig og behagelig dag.  Få som ville selge oss ting også. 

JR og Miss Sophie framfor huset til Diego Colon.

Juletreet på Plaza España er sponsa av Coca Cola. 

Smågatevandring mot utkanten av Zona Colonial.

Eg blei bitt av ein laushund på julafta. Kjekt for meg det. Skulle gi noke lite pengar til ein mann på gata. Han hadde tre sløve hundar rundt seg. Dei var ikkje sløve lenge, og brått var eg omring av hoppande, glefsande og bjeffande hundar, og ein beit godt i låret mitt. Mannen heiv seg rundt og beskytta meg mot hundane. Etter litt ringing til legar vi veit om, bar det rett på legevakta, og dei va supertivelige. Har stivkrampesprøte, men har no fått påfyll. Såg for meg ein kveld på legevakta, men det gjekk så kjapt at eg var ute etter 10 min!  I morgon skal eg ta anti-rabies-sprøyte, sidan kontoret er stengt i jula fekk eg ikkje gjort det i går eller i dag.


Så var det julekvelden. Vi var invitert til Manuel, en lokal AIESECar. Vi tok med laks, potetsalat og agurksalat, og tusla over i 8-tida. Vi var superspente på ekte dominikansk jul, og blei møtt av ei fantatisk koselig familie! Her sit vi og slappar av i hagen før middagen. Dei har druer i "taket"! 
Gjengen samla, med unntak av fotografen. Mora til Manuel hadde laga til ris med mais og sopp, russisk salat, steik kylling, svinekjøt og kalkun, noke banangreier eg ikkje huska namnet på, samt herlige pastelitos. Sofie fekk med seg ein god del av dei heim!

Isabel og Manuel, syskenparet.

Sofie og JR blei plassert ved sidan av kvarandre.
Eg fekk Frode som kavaler! Det herlige juletreet i bakgrunnen. 

Isabel og julekaka!
Mammaen i familien poserar saman med meg! Eg var så glad for å ete julemiddag i nærheit av eit juletre, då vi ikkje har det i leiligheta.
Heile den gjestmilde familien! Vi måtte ta kvelden relativt tidlig, rundt midnatt, sidan besøket vårt lid av jetlag. 

JR fekk fruktkorg med jobben. Marshmallows, epler, pærer og druer, forskjellig snop, ei flaske Whisky og Baileys. Det gjor ikkje heilt godt for at han måtte jobbe overtid på julafta, fordi dei plutselig har så mykje å gjere!


JR og eg i heimen år, like før gåveoppakking.
Frukost 1.juledag. Endelig fekk JR ete med oss, sidan han hadde fri! Etterpå var det hengekøye, spasertur langs sjøpromenaden, og avslapping heime. Planen vidare er middag og kino.  I morgon skal vi på stranda, etter eg har fått rabiessprøyta. Planane vidare er Bahia las Aguilas, Jarabacoa og kaffiplantasje, samt Samana. Så får vi sjå kva vi faktisk endar opp med, og kva Trond har mest lyst til!



tirsdag 21. desember 2010

Beisbol, Agilas vs. Tigres del Licey

Mitt einaste forhold til baseball, eller beisbol som det heiter her, er gamle amerikanske filmar, gjerne med Kevin Costner i hovedrolla (eksempel: Field of Dreams frå 89). No skulle eg endelig på eit skikkelig "game". Beisbol er ei stor greie her borte, så stort at det er nasjonalsporten, og JR spurte ein kollega om han kunne tenke seg å bli med oss. Det skulle vere spel mellom topplaga i serien, og vi var spente som straumledningar. 

Fyrst måtte eg lære nokre reglar, då eg virkelig ikkje hadde ein liten idè eingong om kva det går ut på. Utenom at ein skal slå ein ball, og prøve å springe rundt bana. Det andre laget skal fange ballen. Og så gir dei teikn til kvarandre, og har på seg caps. Kierstin tok ansvar under lunchen, og teikna og forklarte.

Oppsummering av reglar kan de finne på heimesida til about.com. Det finst sjølvsagt også på wikipedia, men der var det så himla omfattande. 

JR, Kierstin og Jeremias utanfor stadion, med nykjøpte hattar. Eg hadde kjøpt billettar på Aguilas si side, då damene i billettluka på supermarkedet meinte eg burde heie på dei. Dette viste seg å vere full klaff, sidan det var dette laget Jeremias heia på. Aguilas (eagles) var frå Santiago, same staden som faren til Jeremias er frå. Det andre laget var frå Santo Domingo, og heitte Tigres del Licey. Vi kjøpte sjølvsagt capsar på veg inn til stadion. 

På plass, fulle i forventingar. Også veldig spente på kva mat det var mulig å få kjøpt på kampen, då Kierstin fortalte at beisbol-mat skal vere veldig bra. Ho spela litt beisbol i sine yngre dagar, og kunne forklare det meste vi lurte på! Vi hadde sjølvsagt plassar rett under dei store høgtalarane, og speakeren ropte i mikrofonen sin. 

Gutta boys poserar. 

Han karen her selg druer. Eg syns det var rimelig spesielt. Vi kjøpte heller ei øl kvar, samt eit pizzastykke. Etter det gjekk tida heller sakte.

Ein selgar med noke uidentifisert gjekk forbi oss nokre gongar, og sidan det berre kosta 5 pesos, måtte vi prøve. Det var nokre små papirark som var sammenrulla. Det viste seg å vere jordneter (jordnøtter). Dei var så gode atte.
Stillinga var 0-1 for vårt lag etter 6 runder (av totalt 9). Få klarte å springe til 1. base. 3. base var omlag umulig. Tigres del Licey var nok best, då dei klarte å få to til å kome rundt heile bana (på gudane vite kor mange slag). Dei hadde også damer som dansa heftig i lite kle. Men det var altså på den andre sida av tribuna. 

Då det nærma seg slutten var det mykje stemninga, sjølv om folk for det meste var svært oppgitt på vår side. Kampen hadde vart i 3 timar, stillinga var 0-2, og eg må innrømme at dette ikkje var spesielt spennande. Kan godt hende eg stikk innom ein gong når vinnaren av denne serien skal spele i den karibiske serien etter nyttår, men tvilar på det blir noke meir.

Då vi kom ut, køyrde ein bil forbi, med ein unge i baksetet . Han ropte ut noke sånt som "takk for at de ordna dokkar eiga gravferd!". Han hadde på seg Tigres del Licey-caps.

Eg kan informere om at det slettes ikkje er som det framstår i amerikanske filmar, der dei spring som galne og kastar seg til basane, fulle av fart og action. Sjøl om nokre her kasta seg litt, og fekk litt sand på draktene sine. Dei fleste rakk ikkje fram til basen, og måtte gå ut. Det gjekk i treigaste laget for min del. I 3 timar. 



mandag 20. desember 2010

Helg med ZC og Juan Dolio

Santo Domingo har mange tre og palmer på fortaua. Nokre tek heilt over. Det bor forøvrig ei rotte i eit hol i dette treet. 
JR og eg blei med Kierstin til Zona Colonial der ho skulle kjøpe nokre julegåver. Her et vi is på Plaza Colon. I byrjinga likte eg ikkje Zona Colonial så godt, men har det endra seg. Her er så mange flotte bygningar, parkar, museum og utstillingar litt utanfor turiststien. 

Plutselig oppdaga vi eit koselig lite galleri! Dette var Kierstin sitt favorittbilete! 

"Traffic Jam" 

Min favoritt. 
Men trur ikkje eg ville hatt den i stova. 


Likte dette også veldig godt. 

Søndag for vi endelig til stranda! Det har vore så kaldt og overskya i det siste at det ikkje har blitt noken søndagsturar til stranda, men no heiv vi oss på bussen og 45 min etterpå var vi på Juan Dolio-stranda. Det var nydelig ver, flott temperatur, og relativt kaldt i sjøen. 

Denne delen av stranda har så mange skattar! Desse er pittesmå. Då vi snorkla fann eg mange store flotte skjell og kokelurar. Det var ikkje så bra snorklehøve, grunna mykje bølger som virvla opp sanden og skapte dårlig sikt, så eg lot fiskane vere, og konsentrerte meg om skattane.

Matatid, og han her karen dukka opp. Vi sat på stranda og skulle bestille pizza, og brått får vi ein musling med innmat i handa. Og lime. Vi seier at vi ikkje er interesserte. Mannen fortset å opne muslingar. Vi seier at vi virkelig ikkje vil ha, for vi skal ha pizza. Han held fram. Opnar seks til, og legg dei på bordet. Og han vil ha pengar. Vi seier at vi ikkje vil ha. Han har ei bøtte full av muslingar, samt litt lambi. Til slutt gir vi han 25 pesos, som er omlag det dobbelte av kva ein skopussar får, og han blir fornærma. Han vil ha meir. For absolutt ingenting anna enn forstyrring. Då klikka eg. På spansk. Og han tok muslingane sine og gjekk. 

Pizzaen kom, men JR sin var feil. Han skulle ha skinke, ananas og sopp. Han fekk berre sopp. Vi er ein smule lei etter hendinga med muslingmannen, og seier frå til servitøren vår. Som absolutt huskar at JR sa det han sa. Og så må JR bli med opp til restauranten sidan servitøren vår ikkje klarer å huske dei 3 ingrediensane, når han har ein av dei framfor seg. Det var mange selgarar innom, og massasjedamer. Umulig å ete i fred. Då vi var ferdige, viser det seg at mannen vil ha 300 pesos for at vi skal få site ved bordet på sanden. Det er like mykje som ein pizza kostrar. Ny seriøs klikk! Eg trur vi fekk det omlag gratis tilslutt. Dette er det mest irriterande med dette landet, syns eg, alle skal ha betaling for ting vi ikkje forstår. Og ikkje vil ha, og ikkje vil betale for.

Dagen var fin likevel, og eg klarte å få ein pittelitt brunfarge til jul. Fargen forsvinn veldig kjapt i Santo Domingo, og det er vanskelig å få ny her i byen, så strand må til! No er det berre eit par dagar til jul, og vi gler oss sånn til Sofie, Frode og Trond skal kome! Deretter kjem Silje og Tryge, og so berre ballar det på seg! 










fredag 17. desember 2010

Jobbdetaljar og La Dulceria

Lunch på Taco Bell. Faktisk ein av mine favoritt-fast food-plassar. Vi et stort sett på Super Pola, og der går det i ris og bønnar, men av og til slår vi på stortromma. Her Big Box, som eg og JR delte. Bak oss sat nokre jenter som åt ei heil boks sjølv. Imponerande. 

Den 15. er det lønningsdag. Mange firma utbetalar lønna to gongar i mnd. No i desember er det dobbel lønning! Det er alltid lang kø i minibankar og bankar på lønningsdagane. Her ei natt drømte eg at eg fekk dobbel lønning, og eg var så glad! Heilt til eg kom på at eg verken har jobb eller får noko lønning.

Eg måtte ut på tur for å fikse meg ID til jobben. Måtte ta taxi for det var sabla langt nord i byen. Køyrde forbi den mest forsøpla elva eg nokon gong har sett. Grusomt. Eg fekk meg virkelig ein sightseeing, og grunna mykje trafikk var det også sightseeing-tempo. Skulen eg skal jobbe på brukar dette firmaet til å lage ID for dei. Eg skjønar ikkje kvifor, for det er så langt vekke frå alt! Kosta meg ei halv dagslønn i taxi å få tak i IDen, som blei laga på under 5 min og kosta 15 kr.
ID-kortet mitt, samt PINen eg må ha på skjorta/vesten.
Vi køyrde forbi ein dyrebutikk som hadde høner, papegøyer og påfuglar. Tenk å ha ein påfugl i huset eller hagen. Det hadde vore noko.  

Så var det til Zona Colonial, for der var butikken som sel uniformer. Hadde med brev frå skulen om at eg skulle ha ei blå bukse, samt ein blå vest. Der hadde dei skreddar og alltingen. Får levert uniforma på skulen når den er ferdig. Må ut på tur og kjøpe kvite skjorter no. Eg såg rimelig dust ut i uniforma. Håper det ser bedre ut når den blir tilpassa, men eg har min tvil. 

Vi møtte Pedro for ein kaffe torsdagskvelden. Enda med full middag, samt dessert, det var tross alt lønningsdag.  La Dulceria feira 1 års jubileum, og vi fekk eit gratis glas med spansk cava då vi kom inn. Dei hadde dessert-tilbud også, 2 for 1. Det var ok størrelse på dessertane. Maten var svært god her, prisnivået greit, og servicen upåklagelig. Hit skal vi tilbake!

Eg og JR kjøpte sjokoladefondant med is. Eg hadde ikkje sjanse til å ete opp, og måtte legge med rett nedpå då vi kom heim for eg var så kvalm.


Om de lurer på kvar julestemninga er, så er ho ikkje her. Berre til informasjon. Men eg håper ho kjem sånn ca når Sofie og Frode kjem den 23. desember!