mandag 20. desember 2010

Helg med ZC og Juan Dolio

Santo Domingo har mange tre og palmer på fortaua. Nokre tek heilt over. Det bor forøvrig ei rotte i eit hol i dette treet. 
JR og eg blei med Kierstin til Zona Colonial der ho skulle kjøpe nokre julegåver. Her et vi is på Plaza Colon. I byrjinga likte eg ikkje Zona Colonial så godt, men har det endra seg. Her er så mange flotte bygningar, parkar, museum og utstillingar litt utanfor turiststien. 

Plutselig oppdaga vi eit koselig lite galleri! Dette var Kierstin sitt favorittbilete! 

"Traffic Jam" 

Min favoritt. 
Men trur ikkje eg ville hatt den i stova. 


Likte dette også veldig godt. 

Søndag for vi endelig til stranda! Det har vore så kaldt og overskya i det siste at det ikkje har blitt noken søndagsturar til stranda, men no heiv vi oss på bussen og 45 min etterpå var vi på Juan Dolio-stranda. Det var nydelig ver, flott temperatur, og relativt kaldt i sjøen. 

Denne delen av stranda har så mange skattar! Desse er pittesmå. Då vi snorkla fann eg mange store flotte skjell og kokelurar. Det var ikkje så bra snorklehøve, grunna mykje bølger som virvla opp sanden og skapte dårlig sikt, så eg lot fiskane vere, og konsentrerte meg om skattane.

Matatid, og han her karen dukka opp. Vi sat på stranda og skulle bestille pizza, og brått får vi ein musling med innmat i handa. Og lime. Vi seier at vi ikkje er interesserte. Mannen fortset å opne muslingar. Vi seier at vi virkelig ikkje vil ha, for vi skal ha pizza. Han held fram. Opnar seks til, og legg dei på bordet. Og han vil ha pengar. Vi seier at vi ikkje vil ha. Han har ei bøtte full av muslingar, samt litt lambi. Til slutt gir vi han 25 pesos, som er omlag det dobbelte av kva ein skopussar får, og han blir fornærma. Han vil ha meir. For absolutt ingenting anna enn forstyrring. Då klikka eg. På spansk. Og han tok muslingane sine og gjekk. 

Pizzaen kom, men JR sin var feil. Han skulle ha skinke, ananas og sopp. Han fekk berre sopp. Vi er ein smule lei etter hendinga med muslingmannen, og seier frå til servitøren vår. Som absolutt huskar at JR sa det han sa. Og så må JR bli med opp til restauranten sidan servitøren vår ikkje klarer å huske dei 3 ingrediensane, når han har ein av dei framfor seg. Det var mange selgarar innom, og massasjedamer. Umulig å ete i fred. Då vi var ferdige, viser det seg at mannen vil ha 300 pesos for at vi skal få site ved bordet på sanden. Det er like mykje som ein pizza kostrar. Ny seriøs klikk! Eg trur vi fekk det omlag gratis tilslutt. Dette er det mest irriterande med dette landet, syns eg, alle skal ha betaling for ting vi ikkje forstår. Og ikkje vil ha, og ikkje vil betale for.

Dagen var fin likevel, og eg klarte å få ein pittelitt brunfarge til jul. Fargen forsvinn veldig kjapt i Santo Domingo, og det er vanskelig å få ny her i byen, så strand må til! No er det berre eit par dagar til jul, og vi gler oss sånn til Sofie, Frode og Trond skal kome! Deretter kjem Silje og Tryge, og so berre ballar det på seg! 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar