mandag 13. desember 2010

Marked og museumsnatt i ZC, samt ekte dominikansk julemiddag.


Fredag 10.desember var det museumsnatt i Zona Colonial. Omlag alle muesea var opne, og det var gratis entre frå 21 til midnatt. Planen var at vi skulle møte mellom anna Sylvia, som skulle flytte tilbake til Whales dagen etter, men ho måtte kansellere. Heldigvis fekk vi sagt ha det bra litt seinare, då vi åt pizza på Segafredo, og ho og Arturo kom innom. 

JR poserar framfor det store (og sjølvsagt falske) juletreet på Plaza España. 

Eg og Gerardo er klare som nokre egg til å kome inn i huset til Diego Colon, sonen til Christoffer Columbus (Cristobal Colon). I bakgrunnen kan de så vidt skimte eit av banda som spelte på ei stor scene utanfor bygninga. Kierstin var også med denne kvelden. 

Ein modell av skipet Columbus brukte på den fyrste reisa, Santa Maria, med eit maleri av Columbus og sonen, Diego, i bakgrunnen.  

Heilt ok balkong.

Gerardo inviterar oss med inn. 

JR og Gerardo utanfor Museo de las Casas Reales. Det er eit virkelig interessant museum, og eg har skrive om det i eit tidligare blogginnlegg. Denne kvelden var det stengt, grunna bryllup.  

Torre del Homenaje, med eit militærband som underheldt. Skal absolutt tilbake hit når det er lyst!

Men mørkre kan også nyttast...

Laurdag kom delar av oss tilbake til Zona Colonial, for å sjekke ut markedet. Så mange boder! Yeimi og JR gjer reaserch. 

Vi var innom eit par galleri, mellom anna eit med antikvitetsbutikk også. Eg fall for desse klovnane!


Det er så utrulig herlig å rusle rundt i gatene i ZC!

Vi lokka Gerardo med is, og han kom og møtte oss. 

Inne i eit av galleria oppdaga vi ein fantastisk hage! Dei hadde mange mangotre,  og alle mulige slags planter! Dei hadde også flotte skulpturar. Han til venstre bak meg er Columbus. 

Mango-baby!!! Snart er det mulig å få tak i mango igjen!!!!

Vi fann ein park like ved ei flott kyrkje. 

Vi kjøpte kvar vår øl på ein colmado, og sat og chilla. Følelsen eg hadde akkurat her var fantastisk. Så avslappa og glad. Ein nydelig dag i herlig lag!

Yeimy likar duer!

Utsikt frå der vi sat. Dei til venstre har domino-turnering. Slikt finn ein over alt. Domino og sjakk. Sigarrøying og overlevering av pengar. 

Kolibri.

Nytt forsøk på noke som tidligare gjekk feil. 

JR og Gerardo underheldt. 


Søndag stakk eg og JR så vidt innom Mirador Sur. Det er ein lang og smal park sør i byen. Planen var å sjekke ut klatrehøva her, for vi har høyrt dei skal vere bra. Stoda var ikkje så bra som den kanskje ser ut til å vere her, då vi måtte skli/klatre/banne oss (meg) ned ei svært bratt skråning. Pingle-meg miste iallfall litt av piffen der, og var rimelig misfornøgd her. Himla tørst også.

Vi klarte å skrape saman nok småpengar til carrito, og så hadde vi berre ein 1000-lapp. Den er vanskelig å omsette. Ikkje kunne vi kjøpe vatn, for dei hadde ikkje vekslepengar. Eg var så tørst eg ikkje visste kva eg skulle gjere. Enda med at vi fekk to flasker med vatn aldeles gratis. Betal neste gong de er her, sa dei. Så kom det ein manzana-boy (ein mann i grøn bekledning. Han selg is), og eg klarte å finne 5 pesos i lommeboka. Det held til ein is. JR prøvde seg å spøre om vi kunne få to, men det gjekk ikkje. Eg ville ha eple og JR ville ha jordbær. Og så smilte manzana-boyen og sa vi kunne få to is for 5 pesos! 

Fager blome.

Og kven har kontroll på mamboen???
Julemiddag, Dominican style! AIESEC inviterte til julemiddag, der alle tok med eit eller anna. Etter å ha rusha heim frå parken, stressa og styra, kom vi oss avgårde. Det heile skulle byrje kl 5, og vi hadde ringt og avklart om det var "latin time" eller om faktisk skulle kome kl 5. Dersom det er "latin time" er det heller frekt å kome på tidspunktet. Vi fekk beskjed om at her skulle vi møte på tida. Vi var som vanlig blant dei aller fyrste. Jadda. Og vi var allereie svoltne. Her er Manuel, Mabelina, Yeimy og Marlon.

Etter i underkant av 3 timar venting og coladrikking, byrja vi å bli sjukt svoltne. Yeimy fekk fiksa litt druer til oss. Det hjalp pittelitt. Denne festen var definitivt på "latin time", og vi har lært til neste gong. 


Då maten endelig blei servert, var vi holsvoltne. Og maten skuffa IKKJE, den var utrulig smakfull og herlig! Dette var visst ekte dominikansk julemiddag, med svin og kylling, ris med bønner og ris med mais, samt salatar av foreskjellig slag. 

Det var ein kjempetrivelig kveld, i godt lag. Og ein fin ende på ei svært god helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar