fredag 10. desember 2010

Ferdig med spanskkurs!!!!

JR og Profesora Ysis. Her rettar ho arbeidet hans etter prøveeksamen. Smilet er berre spel for galleriet, trur eg. Men ho utbraut ialfall at vi måtte ta fleire bilete med henne, "Robert y Maaaaaari!" 

Nokre av oppgåvene våre på prøveeksamen. Av og til er læraren vår dekt i kritt frå topp til tå, og gjerne heile katerteret også. Ho tørkar tavla med handa. Eg får tørr hud berre ved tanken. 

Eg er på plass på fremste rekke. Dersom eg sit lenger bak forstår eg så mykje mindre av kva som blir sagt. Gjengen bak meg er frå Haiti. Døra går ikkje igjen, så vi må sette opp ein pult/stol  mot døra. Alltid kjekt når folk kjem for seint og skubbar stolen innover. 

Ysis, JR (Robert, som han blir kalla her) og eg. Var mykje styring med korleis vi skulle stå. 

Kjekke folk frå Haiti. Dei har pynta seg for høvet. Alle er ute etter norske kjærestar, så det er berre å kome på besøk! Han til venstre er ute etter systrene mine (Sorry, Solveig og Ellen. Eg har sagt at dokke har kjærestar, men det gjekk ikkje heilt inn) Dei to andre vil svært gjerne møte Trond når han kjem. Her fylger alle fire strenge dresskoder, innprenta frå barnsbein av. Dette er stort sett gjengen som alltid heng igjen og skal snakke og styre. Gale, herlige folk!

Posering med JR var svært så populært. Dette er Jennifer.

Emmanuela er så herlig! Synes kanskje ho held litt vel godt tak i JR på dette biletet...

Las chicas

Fleire ville vere med på å ta bilete, men ikkje vere med på dei. Her snik ho seg unna, igjen. Ho har maaaange bilete av meg og JR på mobilen.  

Profesoras

Store smil, nest siste dag på spanskkurs.


Eksamen blei ikkje heilt som venta. Det var ikkje så mange oppgåver, og folk småsnakka og styra heile tida. Læraren vår  prøvde å hysje, og so snakka ho igjen. Etter vi var ferdige, men ikkje alle andre, rette ho oppgåva høgt, og kommenterte. Vi prøvde å seie at det var folk som ikkje hadde levert enda, men det brydde henne openbart ikkje så mykje. Til slutt var det berre to igjen, og dei nytta høve til å snakke litt, medan læraren var opptatt med oss. Dei sendte også ei ordbok fram og tilbake. Ganske sikker på at det ikkje var lov å bruke ordbok. When in Rome do as the Romans, so neste gong skal ej vere bedre forberedt! Uansett, både eg og JR to stod på kurset, og kan gå vidare til neste nivå om vi vil. Vi vil ikkje. No skal vi jobbe med spansken heime og ute blant folk. Så ville læraren ha nummert mitt, for eg og Robert var verdt å kjenne. Nummer og e-post. Blir interessant å sjå kvar det endar. Så var noken framme med kameraet, og fekk knipsa nokre bilete av oss. Læraren vår stoppa oss fem gongar på veg ut av klasseromet, for det var alltid noke til. Men endelig kom vi ut i fridom, heilt utkøyrte.




Feiring på kvelden. På vei heim kjøpte vi nokre merkelige bær med ein mann på gata. Smakte sjølvsagt på dei fyrst, sidan vi ikkje ante kva det var (akkurat slik ein skal gjere, smake på uvaska ting på gata, no i desse koleratider). Slo på stortromma og kjøpte også ei corona til kvar. Eg laga nokre banan-lappar. (Eit lite forskningsprosjekt. Hadde ein gammal banana, mosa den, hadde i litt fløte og mjølk, samt kveitemjøl og litt sukker, salt, kanel og bakepulver, og steikte i steikepanna.) Blei faktisk veldig godt. Så såg vi eit par episoder med Dexter, og var sabla glade for at vi slepp å gå på spanskkurs meir!


Merkar at berre eg skriv om spanskkurset så blir eg heilt gåen. Svakesjuka, rett og slett. 

4 kommentarer:

  1. Saknar deg så!
    Og synes det er fantastisk å følge bloggen din

    Stor klem fra Ingerid

    SvarSlett
  2. tusen takk, ingerid! ej savna dej også, og fylge nøye me på face! :-)

    veldig kjekt å høyre at du lika bloggen min!

    SvarSlett
  3. Hallo Mari!
    Kjekk blogg du har. Kjekt liv du har! (Her i Førde ligg nok både spennings- og opplevingsnivået nokså mange hakk under...) Eg er misunneleg på varmen også, her skal det bli -19 til veka. Topp! Kos deg masse!

    SvarSlett