fredag 17. desember 2010

Jobbdetaljar og La Dulceria

Lunch på Taco Bell. Faktisk ein av mine favoritt-fast food-plassar. Vi et stort sett på Super Pola, og der går det i ris og bønnar, men av og til slår vi på stortromma. Her Big Box, som eg og JR delte. Bak oss sat nokre jenter som åt ei heil boks sjølv. Imponerande. 

Den 15. er det lønningsdag. Mange firma utbetalar lønna to gongar i mnd. No i desember er det dobbel lønning! Det er alltid lang kø i minibankar og bankar på lønningsdagane. Her ei natt drømte eg at eg fekk dobbel lønning, og eg var så glad! Heilt til eg kom på at eg verken har jobb eller får noko lønning.

Eg måtte ut på tur for å fikse meg ID til jobben. Måtte ta taxi for det var sabla langt nord i byen. Køyrde forbi den mest forsøpla elva eg nokon gong har sett. Grusomt. Eg fekk meg virkelig ein sightseeing, og grunna mykje trafikk var det også sightseeing-tempo. Skulen eg skal jobbe på brukar dette firmaet til å lage ID for dei. Eg skjønar ikkje kvifor, for det er så langt vekke frå alt! Kosta meg ei halv dagslønn i taxi å få tak i IDen, som blei laga på under 5 min og kosta 15 kr.
ID-kortet mitt, samt PINen eg må ha på skjorta/vesten.
Vi køyrde forbi ein dyrebutikk som hadde høner, papegøyer og påfuglar. Tenk å ha ein påfugl i huset eller hagen. Det hadde vore noko.  

Så var det til Zona Colonial, for der var butikken som sel uniformer. Hadde med brev frå skulen om at eg skulle ha ei blå bukse, samt ein blå vest. Der hadde dei skreddar og alltingen. Får levert uniforma på skulen når den er ferdig. Må ut på tur og kjøpe kvite skjorter no. Eg såg rimelig dust ut i uniforma. Håper det ser bedre ut når den blir tilpassa, men eg har min tvil. 

Vi møtte Pedro for ein kaffe torsdagskvelden. Enda med full middag, samt dessert, det var tross alt lønningsdag.  La Dulceria feira 1 års jubileum, og vi fekk eit gratis glas med spansk cava då vi kom inn. Dei hadde dessert-tilbud også, 2 for 1. Det var ok størrelse på dessertane. Maten var svært god her, prisnivået greit, og servicen upåklagelig. Hit skal vi tilbake!

Eg og JR kjøpte sjokoladefondant med is. Eg hadde ikkje sjanse til å ete opp, og måtte legge med rett nedpå då vi kom heim for eg var så kvalm.


Om de lurer på kvar julestemninga er, så er ho ikkje her. Berre til informasjon. Men eg håper ho kjem sånn ca når Sofie og Frode kjem den 23. desember!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar