tirsdag 12. juli 2011

Isla Saona og Bayahibe, igjen.

Gloppen og Karianne kom på besøk til oss på torsdag, og skal vere her til dagen før vi skal heim. Planen er å ta ein turne kringom til alle standane eg og JR har likt best, og vise fram det landet har å by på! Vi har planar om å reise både i aust og vest, nord og sør. Fyrste turen gjekk austover...

Berre ein liten teaser...

Etter eit par dagar i Santo Domingo sette Gloppen, Karianne, JR og eg nasa mot Bayahibe. Planen var å ha eit par dagar der, med ein visitt til Isla Saona. Både eg og JR hadde vore der tidligare, men no skulle vi gjere ein vri. Meir om det seinare. 

Siste etappa var i guagua, minibuss full av folk. Vi fire sat samenklistra på bakerste benk. 

Vel framme i byen sjekka vi inn på Hotel Bayahibe. Deretter gjekk vi ein tur i byen for å få nokre gode tilbod på tur til Isla Saona. Omlag alle som kjem til Bayahibe skal til denne turistdesitinasjonen, og vi fekk kjapt ein del tilbod. Undervegs i forhandlingane enda vi opp med å mate skilpadder i ein dam midt i sentrum. Eit godt salgstriks å skaffe oss brød å mate dei med! Vi fekk gjort avtale om dagen etter, og deretter kjøpte vi snorkleutstyr, og stakk til Playa Dominicus, omlag 5 min med bil frå Bayahibe. Vi var der til det byrja å regne, like før solnedgong.

  Vi sat og chilla på hotellet medan det regna som verst. Vi fekk oss litt mat og rom, og så gjekk vi ut for ei øl. 

God øl. 

Gode karar.

Eg og Karianne kosa oss med mojito 

Vi fekk blomekransar av dei kjekke servitørane. 

Etterkvart fekk vi danseskjørt av ei gal servitrise. 

Resten høyrer ikkje heime her, men kan nemne at Gloppen og JR fekk kvar si flaske med whiskey på vei ut, grunna god underhaldning. Etter ein rundtur i byen kom vi oss tilbake til hotellet.

Utsikta frå frukost-restauranten på Hotel Bayahibe. Heilt ok.
Neste morgen var det tidleg opp, iallfall tidleg nok. Vi skulle på spesialtur til Isla Saona, den største øya i DomRep, og ein turistmanget. Eg hadde sjekka ut litt prisar på nett, for eg ville ikkje på turist-turist-tur. Dei aller fleste som kjem hit reiser ut i store grupper på katamaranar eller speed båtar, kjem til ei ok strand med høg musikk og lunch-buffet, er omkransa av andre turistar på solsenger. Etter litt søk på nett fekk vi eit tilbod på 600 dollar, pluss 35 dollar pr pers, for å leige båt med kaptein. Det var i meste laget. Turen vi fekk forhandla oss fram til lokalt kosta omlag 800 kr for ein heil dag, for alle fire. God deal for alle partar, tenkte vi. Då fekk vi ein eigen liten båt med kaptein, som ville ta oss akkurat dit vi ville.
Kapteinen vår var ein eldre trivelig mann. Han hadde med seg ein liten gut, som sikkert var barnebarnet hans.Vi sa vi ville til ei strand uten for mange folk. Han tok oss dit. Langt vekke på den nydelige øya. Stranda var i ei bukt som var omringa av korallrev, og det var heilt rolig inne i bukta, i motsetning til utanfor. 

 Det var nokre turistar som åt lunch der då vi kom, men dei forsvann raskt. Så hadde vi heile stranda for oss sjølve. Den eldre mannen og den lisje guten gjekk for å plukke frukter mellom palmene, og lot oss vere i fred.

Vi rigga oss til under nokre palmer. Vi hadde med litt mat og drikke, og hadde ein aldeles fantastisk dag. Nok ein gong måtte eg revurdere kva favorittstranda mi her er. Det er altfor mange fine, men denne er iallfall godt oppe på 3-på-topp.

Vatnet var så klart så klart!

Dette er den beste snorklinga eg har vore med på i DomRep! Store fiskar i massevis, i heilt klart vatn. Litt av ein start for Karianne og Gloppen!

Tilbake på land var det berre for fint...

Mannen og havet. 

Kvit sand så langt auga kunne sjå...

I sanden bodde det mange små og store krabbar!

Etterkvart måtte vi reise tilbake. På vegen stoppa vi i den einaste byen på øya, Mano Juan, for ein matabete. 

Karianne forelska seg i ein liten kattepus. 

Maten tok litt tid, så vi fekk melon. Antibac og myggspray. 

Landsbyen er ein fiskelandsby, så flesteparten av oss gjekk for dagens fangst. Nydelig fisk og poteter! Gloppen satsa på kyllingen. 

Neste stopp var natural pool, med nokre flotte sjøstjerner. Dette er eit område med grunt vatn eit stykke ute frå fastlandet. På veg tilbake såg vi også ein pelikan, på ganske så nært hold. Då vi sløva i båten heim såg vi brått noke som hoppa opp av havet omlag 50 meter frå båten. Eg trudde fyrst det var ein stor fugl som kom opp frå eit dykk, men det var ei svær skate! Ho må ha vore godt over ein meter brei! Eg har berre sett slikt i akvarium før, og var aldeles euforisk. Etter denne turen måtte arbeidskaren JR reise attende til Santo Domingo. Eg kjente at eg ikkje trengte det, flytta inn på romet til Karianne og Gloppen, og vi blei igjen i to dagar til.

Neste dag reiste vi til Dominikus-stranda for soling av den sida vi sola minst dagen før. Det var ein del raude ryggar, sidan veret dagen før var så utrulig flott, og det blei ein del snorkling! Ingenting å klage på her heller. Eg fekk kjøpt meg ein hatt, special price, før avreise, så den raude panna fekk roa seg litt. Prisane byrja himla høgt denne dagen, men vi fekk dei stort sett greit ned. Spansken flyt ganske så greit no, og det hjelp mykje på. Herlighet kor turistar får gjennomgå, og for noke sjuke prisar som blir gitt! 

Etter heimreise frå Dominikus stakk eg og Karianne innom den lokale stranda for litt chilling før solnedgong.  Treninsnarkomane Gloppen måtte ha seg ein springetur.

Då sola gjekk ned stakk vi tilbake til Cafecito de la Cuba, der vi hadde innteke ein del måltid tidligare. Etter maten fekk Karianne og Gloppen smake sin fyrste mamajuana. Den slo ikkje veldig an... Mamajuana er ein lokal drikk laga av urter, røter og ein eller anna form for alkohol. Denne trur eg det var rom i, saman med honning.


Openbart heilt ute på biletetakinga, men iallfall eit bilete frå heimreisa frå stranda sistedagen. Vi stakk til Dominicus denne dagen også, og tok motorsykkel-taxi. Gloppen og Karianne på denne. Veldig greit.

Ventepils på hotellet før avreise. Kan nemne at Gloppen møtte ei innpåsliten lokal dame kvelden før, då han var ute i resepsjoen for å sjekke internett. Ho ville absolutt vere med inn på romet vårt, noke han berre så vidt klarte å unngå. 

Guaguaen vår frå Bayahibe til La Romana. Derfrå tok vi vanlig buss til Santo Domingo. Heile turen tok omlag 3 timar.  No skal brunfargen og huda få roe seg litt, før neste utflukt til helga. Karianne og Gloppen skal vere her til vi skal heim, så vi ser fram til 3 gode veker! Det skal hardt gjerast å toppe denne turen. Men det har vi sagt om dei fleste turane vi har vore på....

mandag 4. juli 2011

Historisk Museum og litt politikk

I fylge The Rough Guide (2009) er Museo del Hombre, eller folkemuseet, på 18 plass over stadar ein ikkje må gå glipp av i den Dominikanske Republikk. I helga skulle vi eigentlig til Conztansa, men avlyste grunna dårlig ver. Søndag hadde vi derfor ingen planar, og stakk på museum! Eg fekk med meg JR og Lisa. 

Vi er på veg... 

Dei tre vaktene ville ha 75 pesos med kvar av oss. Kvitteringa blei skiva ut til Roberd Verg?r
Museet var svært slitt, og eg trur dei spara på straumen. Det var iallfall ikkje særlig belysning kringom. Men her ser vi iallfall nokre Taino-indianarar som jaktar på ei sjøku! Taino-indianarane bodde her i området før Columbus kom i 1492, og etterkvart nytta dei som slavar. Etter omlag 30 år var dei utrydda.  Dvs. ein god del spanske menn fann seg Taino-damer, i fylge wikipedia var det så mange som 40% av spanjolane på øya, så ein del av arven blei ført vidare. 

Tainoane var gode på hengekøyer og slikt. 

Døde Tainoar. 
Då Columbus kom til øya for fyrste gong, i 1492, omtala han Tainoane på denne måten
They traded with us and gave us everything they had, with good will..they took great delight in pleasing us..They are very gentle and without knowledge of what is evil; nor do they murder or steal..Your highness may believe that in all the world there can be no better people ..They love their neighbours as themselves, and they have the sweetest talk in the world, and are gentle and always laughing.

Likevel tok dei Tainoane i bruk allereie på den neste turen. Spanjolane laga eit fiffig system i 1503, der dei sa at alt land tilhøyrte Spania. Taino-indianarane var dermed på Spansk jord, og måtte tjene den spanske trona. Dei måtte kome med gull, og generelt gjere mykje jobb for dei nyankomne. Då spanjolane kom, antek ein at det var omlag 1 million Tainoar på øya. Etter 50 år var det omlag 500 igjen.

JR studerar kunst. 

Det var mykje penis-kunst. 

Herlige statuer. 

Dei kunne sine krukker...

Dei brukte mange typer skjell og stein til utsmykking. 

Og dei brukte også ein god del sentralstimulerande middel, og såg syner...

Dette er tre-utsmykking, med ei Taino-familie i bakgrunnen. 

Mange ord i dangens engelsk og spansk kjem frå nettopp Taino-indianarane. 

Etterkvart som Tainoane døydde ut av nedslakting, koppar, influensa, svolt eller anna, måtte det ny arbeidskraft til. Turen gjekk til Afrika. I fylge U.S. Library of Congress var det i 1790 så mange som 40 000 kvite jordeigarar, 25 000 frie svarte eller mulattar, og 60 000 slavar i Santo Domingo. 
Sjølv om dette høyrest sjukt ut, var den enda verre i franskstyrte Haiti på den tida.  Der var det omlag 30 000 kvite og 27 000 frie menn som fekk arbeid gjort av 500 000 svarte slavar! Derfor er dei fleste folk frå Haiti i dag mørkare enn dei frå den Dominikanske Republikk. Det er svært mykje rasisme mot folk frå Haiti. 

Dokke laga av tre, bein og menneskehår. 

JR og sukkerpressa. 

Taparliste skrive på sukkerpressa. 

I tillegg til å mangle lys og mange forklaringar, var det også mangel på støvtørking på museet. Her kan ein finne opptil mange små og store insekt. 

Trist karneval

Karnevalmaske

Eit bilete av spanjolar og tainoar.

Eg kan trygt seie at eg har vore på ein del andre museum som fortjenar 18.plassen meir enn dette museet. Men det var likevel interessant å sjå, og det sette igong litt studering av Tainoane og generell DomRep-historie. Etter Columbus og Spanjolane kom Franskmennene og Haitisk okkupasjon. Deretter blei DomRep sjølvstendig igjen litt utpå 1800-talet. Så kom ein del diktatorar, USA kom inn og okkuperte, deretter grusomme Trujillo. Trujillo blei styrta i 63, og etter det har det vore forskjellige presidentar. Den forge, Hipolito Mejia, er naboen vår, rett nedi gata. Leonel Fernandez, som er no, hadde sonen sin på skulen der eg har undervist det siste halvåret. Guten gjekk ut for 2 år sidan. Lite land dette her, men med sjuuuuukt i historie. Og det meste er grusom historie. Landet er likevel på veg oppover, og den store kampanja no er å få regjeringa til å bevilge meir pengar til utdanning. Kravet er 4%, noke presidenten lova, men ikkje heldt. Dei brukar i dag litt under 2% av BNP. Noreg brukar til samanlikning litt under 7% (talet er frå hukommelsen, så det kan vere at det er feil). Sidan utdanninga er så mangelfull er også den historiske kunnskapen svært mangelfull, og det er framleis mykje overtru ute og går. Eg merkar eg kan skrive side opp og ned om dette, men det må då vere måte på. Slutt.