tirsdag 21. desember 2010

Beisbol, Agilas vs. Tigres del Licey

Mitt einaste forhold til baseball, eller beisbol som det heiter her, er gamle amerikanske filmar, gjerne med Kevin Costner i hovedrolla (eksempel: Field of Dreams frå 89). No skulle eg endelig på eit skikkelig "game". Beisbol er ei stor greie her borte, så stort at det er nasjonalsporten, og JR spurte ein kollega om han kunne tenke seg å bli med oss. Det skulle vere spel mellom topplaga i serien, og vi var spente som straumledningar. 

Fyrst måtte eg lære nokre reglar, då eg virkelig ikkje hadde ein liten idè eingong om kva det går ut på. Utenom at ein skal slå ein ball, og prøve å springe rundt bana. Det andre laget skal fange ballen. Og så gir dei teikn til kvarandre, og har på seg caps. Kierstin tok ansvar under lunchen, og teikna og forklarte.

Oppsummering av reglar kan de finne på heimesida til about.com. Det finst sjølvsagt også på wikipedia, men der var det så himla omfattande. 

JR, Kierstin og Jeremias utanfor stadion, med nykjøpte hattar. Eg hadde kjøpt billettar på Aguilas si side, då damene i billettluka på supermarkedet meinte eg burde heie på dei. Dette viste seg å vere full klaff, sidan det var dette laget Jeremias heia på. Aguilas (eagles) var frå Santiago, same staden som faren til Jeremias er frå. Det andre laget var frå Santo Domingo, og heitte Tigres del Licey. Vi kjøpte sjølvsagt capsar på veg inn til stadion. 

På plass, fulle i forventingar. Også veldig spente på kva mat det var mulig å få kjøpt på kampen, då Kierstin fortalte at beisbol-mat skal vere veldig bra. Ho spela litt beisbol i sine yngre dagar, og kunne forklare det meste vi lurte på! Vi hadde sjølvsagt plassar rett under dei store høgtalarane, og speakeren ropte i mikrofonen sin. 

Gutta boys poserar. 

Han karen her selg druer. Eg syns det var rimelig spesielt. Vi kjøpte heller ei øl kvar, samt eit pizzastykke. Etter det gjekk tida heller sakte.

Ein selgar med noke uidentifisert gjekk forbi oss nokre gongar, og sidan det berre kosta 5 pesos, måtte vi prøve. Det var nokre små papirark som var sammenrulla. Det viste seg å vere jordneter (jordnøtter). Dei var så gode atte.
Stillinga var 0-1 for vårt lag etter 6 runder (av totalt 9). Få klarte å springe til 1. base. 3. base var omlag umulig. Tigres del Licey var nok best, då dei klarte å få to til å kome rundt heile bana (på gudane vite kor mange slag). Dei hadde også damer som dansa heftig i lite kle. Men det var altså på den andre sida av tribuna. 

Då det nærma seg slutten var det mykje stemninga, sjølv om folk for det meste var svært oppgitt på vår side. Kampen hadde vart i 3 timar, stillinga var 0-2, og eg må innrømme at dette ikkje var spesielt spennande. Kan godt hende eg stikk innom ein gong når vinnaren av denne serien skal spele i den karibiske serien etter nyttår, men tvilar på det blir noke meir.

Då vi kom ut, køyrde ein bil forbi, med ein unge i baksetet . Han ropte ut noke sånt som "takk for at de ordna dokkar eiga gravferd!". Han hadde på seg Tigres del Licey-caps.

Eg kan informere om at det slettes ikkje er som det framstår i amerikanske filmar, der dei spring som galne og kastar seg til basane, fulle av fart og action. Sjøl om nokre her kasta seg litt, og fekk litt sand på draktene sine. Dei fleste rakk ikkje fram til basen, og måtte gå ut. Det gjekk i treigaste laget for min del. I 3 timar. 



1 kommentar:

  1. Jeg vil også gå på kamp... Men trenger en liten oppfrisking på reglene... :)

    SvarSlett