| Vi køyrde etter jobb fredag 15.oktober. Gerardo var sjåfør, Silje, Kierstin, JR og eg sat på. Ein liten 2 timers køyretur austover frå Santo Domingo til Bayahibe. |
| Rett på stranda og fekk eit par timar før solnedgongen |
| Silje sitt vanntette kamera var ein stor suksess! |
| Bayahibe er ein koselig liten fiskelandsby på sør-aust-kysten. |
| Dag nr 2 køyrde vi til stranda i Dominicus. Det meste av stranda er for resort, men litt er offentlig. Herlig dag i solsteik på ei nydelig strand! |
| Få fiskar men mange skjell. Flaks eg kler dykkermaske. |
| JR i solnedgong |
Mykje energi... |
| Flotte folk! Arbeidarane blant oss reiste heim søndagskvelden, for jobb mandag. |
| Fyrste natta sov vi på Cabañas, andre natta på Hotel Bayahibe. Den fyrste staden var svært mykje dårligare enn den andre. Hotel Bayahibe kan eg anbefale på det sterkaste! |
| Silje V fekk med ein cricket i bagasja frå den fyrste til den andre staden |
| Utsikt frå frukostbordet vårt på Hotel Bayahibe |
| Framme på øya. Veldig turist-turist. Fått tips om andre operatørar som køyrer til mindre turistifiserte områder på øya. Å anbefale. |
| Vi kosa oss likevel (foto Silje H) |
| Etter båtturen tok Bruno oss med til ferskvannsgrotta der vi var sist eg var her. Snorkling i krystallklart vatn mellom stalakittar og -mittar, samt kiking på flaggermus. |
| Bruno underheldt |
| Det var mange store grashopper på hotellet. Herlig søte. Uansett, Silje, Silje og eg blei igjen til og med onsdag. Ut på ettermiddagen reiste vi tilbake til Santo Domingo. |
| Deilig solnedgong og ha det bra! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar