| Kvar søndag i februar er det karneval i ein liten by som heiter La Vega. Søndag 13. februar tok Kierstin, JR, Knut, Line, Lars, Lostania og eg buss 2 timar nordover frå Santo Domingo, til galskapen. |
| Eg trossa farene og nytta høvet til å bli fotografert med ein kar i parada! |
| Popcorn i lomma og ei kald øl i handa, klar for galskap! |
| JR stilte seg opp, og eg skulle ta bilete. Den svei. Og bildet blei ikkje bra eingong. Men det var uaktuelt å gjere det igjen, fekk eg beskjed om. |
| Skræmande kar. |
| Han til venstre har ein slange, av ekte sort. Han i midten har lånt mora sitt hårstyr. |
| Det gjekk mange utkledde folk i parada i hovedgata, klare til å slå. Eg passa steike godt på å stå med rompa mot veggen. |
| Unntaket var då eg måtte ut for å bli tatt bilete av. Noke som skjedde ein del. |
| JR måtte også ut og posere! |
| Kierstin og Lostania |
| Eg, Knut og JR nyt dagen! |
| Line og Lars også. |
| Knut, monster og JR |
| Det kom nokre damer bort og ville bli tatt bilde av med Lars. Mannen i fylget ville forevigast med Line like etterpå. |
| Som far så sønn |
| Sloskamp og greier, og vi kunne kjøpe popcorn medan vi såg på. |
| Eg vil ha! |
| Svær kar. |
| JR skulle ta bilete av meg i gata, men eg var så redd for å bli slått på rompa. Han venta på at noken skulle kome og smeise til meg, det veit eg, for han var så himla treig. Skrekkblanda fryd her. |
| Plutselig hadde vi fått nok av folkemengder og galskap og høg musikk, og heiv oss på lasteplanet til ein taxi. Venta i 10 min på bussen til Sando Domingo, og så var La Vega-dagen over. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar