| Karane er klare for kaffi! |
| Ein kar som ville vere med på biletet. |
| Kaffien blei sortert og brend litt lenger oppe i byen, så vi måtte ut på ein liten tur. |
| Fine bønnar. Dei eksporterar til Italia og Japan og mange andre land |
| Frode, Sofie, Trond og JR. Omvisaren vår nr 2 frå høgre, vegvisaren vår heilt til høgre. |
| Heilt tilfeldig enda vi deretter opp på Playa Azul, omlag ei halv mil sør for Barahona. |
| Frå 2200 pesos for eit dobbeltrom. Greie rom og bad. |
| Flott basseng. |
| Utsikta nede ved sjøen var majestetisk! |
| Vi fekk med oss heile solnedgongen. |
| JR heldt utkik. |
| Gale med blå himmel og palmer . |
| Brent toast til frukost. Restauranten her var ikkje imponerande. Kan nemne av Frode var svært nøgde med fisken han åt til kvelds her. |
| Påfuglar i hagen trekk derimot opp. |
| Kattungar også. |
| Dei hadde akkurat fått auge! Blei nokre snikturar inn på romet bak resepsjonen. |
| Utsikta var ikkje dårlig i dagslys heller! Diverre var bølgene så store at det ikkje var fint å bade der. JR og Trond fekk leika seg litt i bølgene, og fekk grusa seg i småsteinane på stranda. |
| Vi testa ut eit par andre hotell i området her, og alle leverte. Dette var likevel favoritten til fleirtalet! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar