onsdag 3. august 2011

Punta Cana baby!

Punta Cana er turistplassen over alle andre stadar i landet. Vi skulle ta fly herfrå, og fekk samla saman ein god gjeng med folk for å ha ein avslutsningstur. Vi booka hotell El Cortecito, som viste seg å vere eit grusomt hol. Karianne og Gloppen var dei ei natt før vi andre kom, fann ut at der ikkje var verandes, og tusla langs stranda for å finne noko anna. Og det fann dei, til same prisen. Vi tok inn på Stanza Mare, eit utrulig hyggelig leilighetshotell med basseng og strand like ved. Prisen var på behagelige 115 dollar for ei leilighet for 4 pers, med 2 bad, stove, kjøkken og balkong.

Fredag tok eg, JR og Jenny bussen til Punta Cana. Turen tok 4 timar. Litt seinare på dagen kom Fanna, Jasmin, Matthew og Mihai. Gloppen og Karianne kom dagen før oss. Anika, ein venninne av Mihai, var også innom ein del. Med andre ord ein god gjeng.

Utsikta frå verandaen vår. Lovely! Denne plassen kan eg anbefale på det sterkaste!

Kjøkkenet, med blender, kaffitraktar, toaster, mikro, kjøleskap og alt ein treng. Og, viste det seg, det kom nokon og tok oppvasken for oss kvar dag! Deilig!

Stova. Og trappa opp til soverom nr 2.

Verandaen vår.

JR og Gloppen i bassenget.

Stranda. Dette bildet lyg litt, der var ikkje så utrulig fint, men heilt ok. Denne delen av Punta Cana er omtrent dekt av hotell/resort, og det var så deilig å sleppe unna det. Omlag ingen folk på stranda, mange ledige solstolar, uten at det blei for fullt. Vi hadde også ein svært hyggelig watchiman som passa på oss.

Hengekøya fekk til og med plass på verandaen. Vi bestemte oss for å ta den med til Noreg, og eg kan informere om at det gjekk aldeles smertefritt!

Eg har omlag ingen bilete frå denne turen heller, men flott var det lell. Laurdagen stakk ein del av oss ut på ein skikkelig lokal stad og kosa oss med turistar og lokale. Elles tok vi det stort sett med ro, og chilla på stranda eller ved poolen. Eg er litt lei av solsteiken, og har byrja å føretrekke å ligge i skuggen. Litt bekymra over det, men trur huda mi er nøgd. Etter at alle for tilbake til Santo Domingo, gjenstod det berre pakking.

Tirsdag kom vi oss ut av hotellet, fekk veksla pesos til dollar, og var på flyplassen i god tid. Der var alle så utrulig hyggelige! Vi slapp å betale ekstra for hengekøya, dama i skrangken berre hengte den på størstebagen vår. (etter samtale med BerlinAir dagen før venta vi å måtte betale 150 dollar for hengekøya!) Alt gjekk som ein leik, eg sov omlag heile turen over Atlanteren. Lydsystemet fungerte ikkje i seterada vår, men dei 9 timane gjekk likevel fort! I Dusseldorf fungerte ikkje betalingskorta våre, og vi fekk gratis frukost på ein cafe. Snakk om service! Der måtte vi sjekke inn hengekøya, men mannen var så trivelig og fann billigaste måte å gjere det på. Vi hadde ikkje eingong overlast i byrjinga, men klarte å fylle på med litt tax-free. Likevel slapp vi å betale. Alle på turen var rett og slett supertrivelige med oss! Det einaste som var dårlig, var middagen på BerlinAir. Grusom mat! Frukosten leverte derimot. Eg sov også frå Dusseldorf til Oslo, og Oslo til Ålesund. Heile vegen, faktisk. På Vigra blei vi henta av mamma og pappa som kom frå Trondheim, og dei laga deilig kjøtkake-middag til oss. Det er ikkje så gale å vere heime likevel, kan det virke som.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar