onsdag 6. oktober 2010

Resort 2, this time in Bavaro

Vår venn David skulle få besøk av systra og syskenbarnet sitt, og spurte om oss alle om vi ville vere med på ein resort weekend. Sidan det var public holiday og han fiksa billig resort (gjennom jobbkontakter) var det berre å slenge seg med! Etter mykje om og men blei bestillinga vår kansellert, men vi fekk fiksa ny bestilling på eit anna hotell. Enden på visa blei at David enda på resort med slektningane sine, og vi på eit anna...
Helga 24.-26.september skulle vi heilt til Bavaro, som er omlag 4 timar køyring frå Santo Domingo. Det ligg på austkysten, og er eit ynda resortområde, i likheit med Punta Cana. Geraldo og Manuel stilte med bilar, og alt i alt var vi 9 stk på tur. 

Det var mykje trafikk, og her køyrde vi forbi den typiske stoppeplassen for bussar. 

Eit vanleg syn, både lasteplanet, frontruta og mobilen. 

Endelig framme på Gran Bahia Principe, med velkomstdrinken i handa. Innsjekkinga var ikkje klar enda, så vi åt lunch. Svært god mat frå stor buffet, uten fuglar. Frå venstre: Yeimy, JR, Kierstin og Paula

Sidan dette er ein stor resort, blei vi køyrt til døra. Her er Hawaii-Pavol til venstre, så JR, Yeimy og Geraldo, vår kjære sjåfør. Grunna kontakter og lavsesong fekk vi prisen ned til 55 dollar pr pers/natt

Jadda, svanene var på plass. 

Det var også flotte ballongar som slettes ikkje passa inn...

Geraldo har fått den fæle drinken som ingen ville ha, og poserar villig framfor markedsbodene.

Vi hadde ikkje med oss noko pengar denne kvelden, men det var likevel moro å svinse rundt og prute på ringar og armband og andre overprisa saker

Forvilla oss inn på ein karaokebar. Grusomt. 

Nokre likte det meir enn andre...

JR og eg på vei mot resepsjonen og buffeten. Det var store avstandar og det gjekk små bussar langs veiane heile tida. Var visst 3000 gjestar då vi var der. 

Heilt fantastisk sandstrand!


Vi leika oss med frisbee og triksing

JRen min og ej
Undervannskamerae til Manuel leverte! 


Eg hadde så lyst på mango etter stranda, og fabla om kor flott det hadde vore om det var frukt på romet vårt. Då vi kom inn var der eit fruktfat med herlig mango og andre godsaker! Greit.


Vi var på resorten frå fredag til søndag, og fekk med oss litt soling på søndagen også. Hadde stort sett fint ver, og fekk iallfall jobba ein smule med brunfargen. 

Turen heim tok oss ikkje mindre enn 6 timar, grunna steike mykje trafikk! Køyrde tidvis så sakte at JR kunne springe ut for å finne is på Colmadoa oss paserte. Takk og lov for godt selskap i Geraldo, Sylvia, Kierstin og JR!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar