Det blei plutselig ei rolig-helg, då turen til dei 27 fossane i nord blei utsatt til neste helg. Eg og JR bestemte oss for å ha date night på laurdag. Vi såg The Expendables på kinoen på Malecòn, ei gate som går langs havkanten i Santo Domingo. 100 pesos for en billett (18 kr) er heilt greit. Det som ikkje var greit, var temperaturen. Eg hadde med jakke (i bruk for fyrste gong her i landet) og var relativt godt påkledd, likevel var eg iskald! Eg forstår virkelig ikkje bruken av air condition i dette landet! Filmen var omlag som venta, i ekte Stallone-stil. Moro å sjå alle desse karane ilag. Statham var som vanlig fantastisk. (bilde frå http://www.imdb.com/title/tt1320253/) |
Sidan det var stortromme-kveld, kjøpte vi begge filet mignon med potetstappe, grønsaker og mofongo (lokal greie av mosa plantain og div anna). Nydelig!!! |
Ein elg som druknar. |
Hyttetur |
I dag blei vi slettes ikkje forfulgt av vakter/guidar. Mange var opptatt av å ligge lettare henslengt på puter i krokar, og spelte musikk frå mobilen. Merkelig konsept. |
Moderne kunst? |
JR hoppa og klatra og fiksa appelsin frå treet i hagen. Den var svært beisk. |
Ein luring-maur greidde å etterlate seg luktestoff oppå eit blad, noke som resulterte i at nesten alle maurane gjekk innom bladet og surra rundt der ei stund, på veg mot tua si. |
Ej lika JR so kan hoppe og klatre og bordet i hagen! Kjekke dokke e! <3
SvarSlett