Oh yes, eg trengte dykkerlappen til Siljene skulle kome! Dei kjem på besøk i oktober, og sidan dette skal vere eit dykkeparadis, og begge dei har dykkerlappen, kan eg ikkje vere noke dårligare.
Eg heiv meg rundt ein torsdag ettermiddag, og meldte meg på eit dykkerkurs i Bayahibe gjennom http://divingdominicanrepublic.com/ Laurdag morgen, kl 06.00, var eg på vei! Taxisjåføren, som snakka brukbart engelsk, trudde han skulle køyre meg heile vegen, og ikkje berre til busstasjonen aust i byen. Sa det ikkje gjekk buss så tidlig. Etter litt fram og tilbake kom eg iallfall til både busstasjonen i Santo Domingo, fann rett buss (sjølvsagt gjekk det buss), kom meg til La Romana (i underkant av 2 timar), skifta til Guagua og etter ein halvtime var eg i Bayahibe. Eg skulle vere der 09.00, og var der 09.05, så den var godkjent!
Eg måtte ta teorikurset online. Det viste seg å vere ei svært dårlig investering, sidan det stort sett berre var boka i digitalt format. At heile sida (http://www.padi.com/scuba/) i tillegg var nede då eg skulle ta eksamen gjor det ikkje noke bedre! Eg enda med å ta testen på papir under middagen etter at dykkinga var gjennomført.
|
Vlad og Denise som dreiv sjappa var svært trivelige og hjelpsame! Det same var Bruno som var instruktøren vår. |
|
Det var berre eg og Luba frå Brussel som tok kurset, og det var eg strålande nøgd med! Dei andre båtane vi såg var fulle av folk. Vi trena og dykka i ro og mak, under oppsyn av instruktør Bruno.
|
|
Vi åt lunch på naborestauranten til dykkersjappa, herlige Cafecito de la Cuba, der dagens kosta 200 pesos (35 kr) inkludert drikke og kaffi.
|
|
Vi sat under eit mandel-tre, og blei stadig minna på det... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar