tirsdag 5. oktober 2010

Avreise Noreg

Avreise Oslo (etter ein svært trivelig middag på Delicatessen med dei særs delikate venninnene mine) 25.august. Gjekk på RyanAir-smellen igjen. Men kom iallfall fram til herlige Brussel. 
I det fjerne kan de skimte Mannekin Pis, så slepp de å oppsøke den når det skal til Brussel. Gå heller i dei koselige gatene som ikkje er fulle av turistar. 


Rannveig var så snill å ta meg med på ølsmaking. Med anbefalingshjelp frå servitøren arbeida vi oss gjennom (delar av) lista. Dei mørskaste va stort sett best...og kirsebær-øla. 
Og når mørkre senka seg var det omtrent turistfritt og eg kunne endelig fotografere på Grand Place.


Avreise Brussel me JetAir (200 euro frå Brussel til Punta Cana), noke som fungerte veldig bra. Behagelig 9 timers flytur (så behagelig den kan vere), og flymaten var rett og slett god. Dama ved sida av meg var veldig opptatt av bønnekransen sin og slikt, og dei andre på flyet var stort sett opptatt av å vere svært høglytte på spansk. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar