lørdag 16. oktober 2010

Kvardagssyssel i Santo Domingo




Kunstutstilling på Blue Mall, eit svært fænsi og dyrt kjøpesenter der dei har mellom anna har Helly Hansen, Zara, Mango, La Occitane og Louis Vitton.


Frå ein carrito kan ein få kjøpt alt mulig. Her kjøpte vi is i eit veikryss. Sjåføren kjøpte også.


Juleutstillingane og dekorasjonane er på plass i butikkane.


Mykje kjekt å finne om ein leitar godt i butikkhyllene.


Silje fann ein mandel på bakken utanfor huset vårt.


Super Pola, vår vanligaste lunchplass. Billig og god mat, og mykje bråk.
Som vanlig innom Sweet Bakery for ein kaffi etter lunch. Frå venstre Kierstin, JR, Gerardo og Silje.


Utanfor Apec, universitetet der vi tek spanskkurs. Læraren vår skravlar konstant på spank, og snakkar veldig mykje med meg og JR. Vi forstår ikkje ein tidel. Resten av klassa er frå Haiti, med unntak av ei frå USA. Vi har mykje samlesing, og det er heilt grusomt. Eg forstår det sånn at det er om å gjere å lese høgast og raskast, uten intonasjon. Vi har undervisning kvar vekedag frå 4 til 6, og skal halde på i 3 mnd. Det er så mykje rart som skjer i timane at eg berre sit og flirer. Det kjekkaste med alt er pasjonsfruktjuica vi av og til kjøper etter undervisninga.


Byen har fått heilt ny metro. Den er superfin, og det er vakter over alt. Då dei bygde den var delar av byen uten vatn, for ingen sjekka kvar vassledningane gjekk, og dei grov rett over dei.


Vi såg"My name is Khan" i går. Då vi var i parkeringshuset var der eit par som krangla høglytt. Gerardo kunne oversett. Det viste seg at det var ei dame som hadde knepe mannen med elskarinna, som sat i bilen hans. Mannen ba kona roe seg ned sidan der var folk som høyrte på.


Filmen var svært god. Eg felte eit par tårer, til stor glede for dei rundt meg.

I tillegg må eg nemne ein ting som har skjedd uten at eg har bilder av det.  I går hadde ein bil  fått motorstopp midt i veien, og framhjulet sat fast i ei stor hole. Eg og Silje tilbaud hjelp og skubba bilen ut av hola og inn til fortauet. Mannen var heilt sjokkert og lykkelig over hjelpa. Damer som går langs vegen er uvanlig her, damer som skubbar bilar er enda meir uvanlig.

1 kommentar:

  1. Takk for tipsa om korleis vi kan fornye norskopplæringa vår!

    SvarSlett