onsdag 6. oktober 2010

Crazy mandag med Ozumy i Duarte


Ozumy har fri på mandagar, og den 2.oktober tok ho meg med til eit handledistrikt i ein heller dårlig del av Santo Domingo aust. Den er såpass dårlig at eg aldri skal reise dit aleine, og lokale Ozumy heller ikkje vil gå der aleine. Av med smykket før vi kom, ikkje vise fram mobil, halde godt på veska og så var vi i gong! 


Grunna det overnemnte har eg ikkje mange bilder herfrå, men det var ein svært interessant dag! Eg fekk altfor mykje merksend frå tilfeldige mannfolk, og alle ville drage oss inn i butikkane sine. Til og med politimennene ropte etter meg. Såpass gale at det var svært ubehagelig. Vi fann mange av dei same varene dei har i andre butikkar og kjøpesenter, til mykje bedre prisar. 

Ein heilt klar uting i butikkane er at dei tilsette fylger etter kundane. Intimsone finst ikkje. Dei står heilt oppi oss, og kjem med forslag til kva vi kan kjøpe. Svært ofte mindre fine ting. Dette gjeld for så vidt for omtrent alle butikkar i landet her. Og sidan arbeidskrafta er så billig, er det fleire tilsette enn kundar i butikkane. Her er Ozumy til venstre delvis omringa av tilsette.  

Uver i sikte, og vi går mot China town for å ete lunch

Ozumy og eg ventar på maten. Vi var hòlsvoltne. Rett etter vi sette oss ned byrja det å høljeregne, lyne og tore. Noke av det verste torever eg nokon gong har opplevd!

På trass av at det rann ei elv med flaumvatn inn i restauranten, var gleda stoooor då maten endelig kom! Smakte godt gjor det også! Og det slutta omtrent å regne til vi var ferdige med lunchen. Perfecto!

Vi kom oss faktisk heilt heim uten å bli rana. Ein herlig og svært interessant dag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar