fredag 15. oktober 2010

Cabarete tidlig i oktober

Har nettopp sagt ha det bra til Gerardo i Santigo, og vi ventar på bussen til Cabarete. Vi reiste med Caribe Tour. 
Herlig fyrstekveld på Alis surf camp/ Cabarete Hostels. Slappa av i restauranten saman med Ali og folk frå over alt. JR fekk supertilbud på surfing. I etterkant viste det seg at tilbudet slettes ikkje var supert.

Presidente og glad-mej


Herlig strand i Cabarete, men mange som ville selge oss alt mulig. Massage?? Flette hår? Mango til himlande 100 pesos?? (betalar 20-30 til vanleg). En som selte norske blad (mange nordmenn som studerar her) kunne informerte: "I like ur tits". Og han meinte ikkje tennene, slik dei gjerne gjer i Italia når dei seier det. 

På veg heim frå middag kveld nr 2. Restauranten på Alis var stengt, diverre, og vi måtte trekke ned mot stranda.

Det viste seg at det var nydelig nede på stranda. 

Tidligare på kvelden hadde det vore eit fælandes lyn- og torever, så det var få folk ute og åt. Berre nokre lauhundar.  

Campen låg svært nær ei myr, og det var froskar over alt. Mange overkøyrde i vegen.

Og mange levande langs vegen.

Ustikta frå plattingen utanfor leiligheta vår. Symjebasseng og massevis av palmer. 

Og hundar som gjor slik dei ofte gjer... Dette er frå Sosua. Stranda var flott. Ellers var der så mange gamle feite rosa amerikanarar med unge lokale jenter at det var kvalmande.

Dag 3 fann vi ein svært rolig del av stranda i Cabarete. Utrulig herlig! Og han som leigde ut solsengene fiksa Piña Colada.

Etter lunch fann vi ein mann vannvittig høgt oppe i ei palme. Han kutta ned kokosnøtter. Silje studerar teknikken. 

Gale.

Nei takk, ikkje kokosnøtt no heller...

Stranda "vår"

Vi reiste med Metro heim. Går kjappare enn Caribe Tours. Vi betalte 340 pesos (55 kr) for ein billett, og turen tok  4 timar. I iskald air condition-luft. Einaste gongen eg vil ha lestar og gensar er når eg er på ein buss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar