tirsdag 5. oktober 2010

Resort 1, Punta Cana

Vel framme i Den Dominikanske Republikk 27.august, landa eg i Punta Cana på austsida av øya. Det er omlag 4 timar frå Santo Domingo. Ein liten flyplass der eg ikkje forstod noken ting. Eg kom meg uansett gjennom...

Jan Robert møtte meg på flyplassen og vi tok taxi den korte vegen til hotellet vårt, Barcelo Dominican Beach - All Inclusive. Sidan det stort sett berre er turistar her, er alt overprisa. Klarte å prute litt med taxisjåføren, men han hadde glømt det då vi kom til hotellet. 


Herlig med varme og hav og strand for ein stakkars nordbuar.




Når ein er på resort får ein slike flotte band rundt handledda. Det viser at ein bor på hotellet og kan forsyne seg av alt dei tilbyr. Det viser også at ein er turist, og at alle derfor bør prøve å lure ein....


Eg ville så utrulig gjerne ha ei kokosnøtt. Sidan vi hadde blå band ville selgaren ha 10 dollar for 2 stk. Galning. Vi betalte likevel overpris, omlag ein tidel av den prisen. 



Helga tok altfor fort slutt, og vi måtte betale opris for den korte taxituren frå hotellet til busstasjonen i Punta Cana. Ein tilsett på hotellet ville gi oss ein superpris på taxi heilt til Santo Donmingo, mykje billigare enn bussen, berre 100 dollar. Sidan bussen nesten er gratis, prøvde vi å få han til å forklare korleis det var billigare. Det klart han ikkje. Ei lita matforgiftning (muligens grunna fuglar som åt av buffeten på hotellet) gjor at turen heim til Santo Domingo ikkje blei veldig komfortabel. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar