Oliver og Oliver kjem opprinnelig frå Cuba, og har blanda rom i Santo Domingo i den DominikanskeRepublikk sidan 1997. 3000 tønner med rom er på lager, og 4000 nye er på vei. |
Tapping, måling og gjennomlysing |
Førebels blir alt gjort for hand. Her set arbeidarane på etikettane og vaskar flaskene. Legg merke til korleis damene justerer høgda på stolane. |
Pavol er svært interessert i rom, og har ein blog for spesielt interesserte Dominicanrums.com |
I desse tankane blir blir rommen oppbevart i 15 til 21 dagar etter den er ferdig i tønnene. |
Denne er av typen Cubaney 25, det er 1810 liter i tanken, med alkoholprosent 38. Denne er ikkje klar til å brukast enda. |
Destillering av rommen i maskina til høgre. Rommen blir destillert mange gongar. |
Ein svært nøgd gjeng. Frå venstre Manuel, Pavol, Silje og eg. |
Opthimus lagra i opptil 25 år. Desse har deretter blitt oppbevart i andre tønner i omlagt 6 mnd for å tilføre litt smak. |
Dyraste rommen, kostar rundt 100 dollar for ei flaske. |
Original rom laga på gamlemåten |
Ein litt søtare rom, min favoritt |
Laboratoriet der 5-6 ekspertar arbeidar for å lage best mulig miksing. Hemmeligheita bak god rom er visst ein god miks. Oliver sjølv er midt i klynga til venstre. |
Nypakka rom klar for sending til Sør-Amerika |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar