tirsdag 5. oktober 2010

Inntrykk og tidlige oppdagingar i Santo Domingo

Alle hus har ein "watchiman". Dei har stort sett uniform og gevær og passar på husa til folk, bak store portar. Vår har verken det eine eller det andre. Han sit stort sett og søv, eller så er han i hytta han har bygd bak i hagen vår. Han høyrer også mykje på radio.

Når det regnar så høljar det! Himmel og hav kor det regnar her! Vi har mykje lyn og torever, og innimellom opnar himlen seg og vatn strøymar ned, lagar elevar i gatene og renn inn i butikkar. Om ein går ut i slikt ver blir ein uansett klisjklasj. Det går heldigvis over ganske kjapt...

Det er dyrt i dette landet. Dei fleste importerte varene har om lag same pris som i Noreg, men folk her tenar berre (maks) 1/6 av heime. Sjølv IKEA er svindyrt!


Det er mange insekt her. Det fyrste vi gjorde i leiligheta vår var å henge opp myggnetting framfor vindua.  Det fungerte.

Her er maur over alt, så vi vaskar bord og benkar heile tida. Her er også mykje andre kryp...

Aiesec (http://www.aiesec.org/) er ein bra organisasjon å reise på utveksling gjennom! JR, som kom hit ein mnd før meg, hadde alt eit stort nettverk med flotte folk ved min ankomst. Her har vi "Colmado Night", altså vi møtes på den lokale colmadoen for sosialt samver. Frå venstre ser du Manuel (DomRep), Kierstin (Canada), JR (Noreg), Geraldo (Guatemala), eg, Sylvia (Wales), Pavol (Slovakia), Yeimy (Colombia) og Paula (Costa Rica). 

Vi har så mange gekkoar og firfirsler i hagen og i huset! Dei et insekt og vi prøver å lokke dei inn i leiligheta. Rykte seier at dei visst skal bringe lykke. 




Carrito betyr "liten bil". Det er eit offentlig transportmiddel som går faste runder i hovedgatene i Santo Domingo. Du kan gå på omlag kar som helst ved å signalisere til sjåføren. Det er 6 passasjerplassar, 2 i framsete og 4 i baksete. Og ja, liten bil, så det kan fort bli trangt og varmt, sidan det stort sett er 30 grader ute.




Dei aller fleste Carritoane er falleferdige, og motorstans er ikkje uvanleg. Her er ei ganske vanleg dør. Det er slettes ikkje alle som kan opnast frå innsida

Typisk lunch. Nydelig godt kjøt, ris og bønnar, samt avocado. Dette er faktisk favorittlunchen min. Den kostar ca 150 pesos (25 kr). He blitt overraskande glad i bønnar.  Eg et stort sett lunch med JR og Kierstin.



Etter varmlunchen går vi som regel til Sweet Bakery for ein espresso og kanskje noke søtt. Vår faste servitrise er så herlig av vi er litt forelska i henne, alle tre.





Kierstin frå Canada arbeidar i det same firmaet som JR, er nabo med oss, og min faste pilatespartner. 


Dette er frå Supermarcado Nacional. Alle i grønt eller kvitt er der for å pakke ned varene våre, i ein million små handleposar. Arbeidskraft er billig her i landet.
I Zona Colonial er der ein bar (Diam's) som har Ladies Night med gratis drinkar til alle damer frå 5 til 9 alle kvardagar. Vi var der på fredag og då kom det plutselig mange modellar og fotografar, eigaren hadde tale, og alle fekk gratis sushi. Det er greit at slikt skjer. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar