I dag, 27.oktober, er det utrulig nok akkurat to månadar sidan eg kom til den Dominikanske Republikk. Då passar det ganske fint at eg faktisk forstod litt av det som blei sagt på spanskkurset i ettermiddag. Vi snakka mellom anna om Baccalao de Noruega. Eg er framleis den entusiastiske eleven som ikkje skjønar pøkk, men sit fremst og har ivrig augekontakt med læraren. Har iallfall lært mange nye ord denne veka, og er nesten klar for testen vi skal ha neste veke. Sjøl om eg ikkje forstod kva læraren sa då ho fortalde at vi skulle ha testen...eit heller dårlig teikn.
Ein reiseblogg frå Den Dominikanske Republikk. Her er det bilder, små historier, samt nyttige og unyttige reisetips og -triks. Alt i alt gir den eit visst innblikk i en alienkvardag i eit veldig annarleis land enn det stabile moderlandet Noreg.
onsdag 27. oktober 2010
søndag 24. oktober 2010
Date night og rolig-helg
Det blei plutselig ei rolig-helg, då turen til dei 27 fossane i nord blei utsatt til neste helg. Eg og JR bestemte oss for å ha date night på laurdag. Vi såg The Expendables på kinoen på Malecòn, ei gate som går langs havkanten i Santo Domingo. 100 pesos for en billett (18 kr) er heilt greit. Det som ikkje var greit, var temperaturen. Eg hadde med jakke (i bruk for fyrste gong her i landet) og var relativt godt påkledd, likevel var eg iskald! Eg forstår virkelig ikkje bruken av air condition i dette landet! Filmen var omlag som venta, i ekte Stallone-stil. Moro å sjå alle desse karane ilag. Statham var som vanlig fantastisk. (bilde frå http://www.imdb.com/title/tt1320253/) |
Sidan det var stortromme-kveld, kjøpte vi begge filet mignon med potetstappe, grønsaker og mofongo (lokal greie av mosa plantain og div anna). Nydelig!!! |
Ein elg som druknar. |
Hyttetur |
I dag blei vi slettes ikkje forfulgt av vakter/guidar. Mange var opptatt av å ligge lettare henslengt på puter i krokar, og spelte musikk frå mobilen. Merkelig konsept. |
Moderne kunst? |
JR hoppa og klatra og fiksa appelsin frå treet i hagen. Den var svært beisk. |
Ein luring-maur greidde å etterlate seg luktestoff oppå eit blad, noke som resulterte i at nesten alle maurane gjekk innom bladet og surra rundt der ei stund, på veg mot tua si. |
lørdag 23. oktober 2010
Museo de Arte Moderno
Då vi kom tilbake frå Bayahibe blei plutselig Silje H sengeliggande. Eg og Silje V drog på oppdagingsferd i Santo Domingo. Dag 1 var vi i Zona Colonial, dag 2 stakk vi til museumsområdet. Museet for moderne kunst imponerte stort! Temaet for utstillinga var ureining, og kunstnerar frå 13 land i karibien og sentral-amerika hadde bidratt.
Følte meg veldig heime her, grunna all mauren. Heile fasada var full av svære maur. |
Det Karibiske hav |
Tvillingane. Står Puerto Rico på veska, og ho til høgre har tårer i augene. |
Plutselig var vi omringa av vakter. Dei såg ut til å vere i ungdomsskulealder, og var svært nærgåande, dog imøtekomande. Her har dei akkurat byrja, og det er berre 7 av dei (nokre er bak stolpen). |
Vanktene fulgte heilt klart etter oss. Her held dei framleis ein viss distanse. Vi høyrde knising og at dei prøvde å lage nokre engelske setningar. |
Flugerommet |
Fantastisk flotte fotografi av framandlekamar i naturen |
Her har vaktene auka i antal, og og vi kan så vidt skimte Silje til høgre for flokken. Installasjonen heiter "Washing og brain and memory". |
Mange flotte og fæle bilete. Dette heiter "Killing time" og eg syns fargane er sjukt herlige! |
På dette tidspunktet hadde vi rundt 20 vakter rundt oss. Nokre snakkar litt engelsk, og eg kunne kommunisere lett på spansk men nokre av dei. Vi fekk forklaring på eit par av bilda. Kan nemne at ingen andre blei forfulgt. Dette biletet likte eg veldig godt. Utprinta papir og limt på flis. Easy pisy. Blir å prøve dette når eg kjem heim til moderlandet igjen. |
Museet hadde 4 etasjer. Då vi gjekk ned i kjellaren var der ingen vakter som fulgte etter oss. Nesten litt tomt... |
Utstillinga går berre i 2 dagar til, og så kjem det ei ny om arkitektur. Det blir nok fleire turar! |
fredag 22. oktober 2010
Bayahibe med gode venner
Vi køyrde etter jobb fredag 15.oktober. Gerardo var sjåfør, Silje, Kierstin, JR og eg sat på. Ein liten 2 timers køyretur austover frå Santo Domingo til Bayahibe. |
Rett på stranda og fekk eit par timar før solnedgongen |
Silje sitt vanntette kamera var ein stor suksess! |
Bayahibe er ein koselig liten fiskelandsby på sør-aust-kysten. |
Dag nr 2 køyrde vi til stranda i Dominicus. Det meste av stranda er for resort, men litt er offentlig. Herlig dag i solsteik på ei nydelig strand! |
Få fiskar men mange skjell. Flaks eg kler dykkermaske. |
JR i solnedgong |
Mykje energi... |
Flotte folk! Arbeidarane blant oss reiste heim søndagskvelden, for jobb mandag. |
Fyrste natta sov vi på Cabañas, andre natta på Hotel Bayahibe. Den fyrste staden var svært mykje dårligare enn den andre. Hotel Bayahibe kan eg anbefale på det sterkaste! |
Silje V fekk med ein cricket i bagasja frå den fyrste til den andre staden |
Utsikt frå frukostbordet vårt på Hotel Bayahibe |
Framme på øya. Veldig turist-turist. Fått tips om andre operatørar som køyrer til mindre turistifiserte områder på øya. Å anbefale. |
Vi kosa oss likevel (foto Silje H) |
Etter båtturen tok Bruno oss med til ferskvannsgrotta der vi var sist eg var her. Snorkling i krystallklart vatn mellom stalakittar og -mittar, samt kiking på flaggermus. |
Bruno underheldt |
Det var mange store grashopper på hotellet. Herlig søte. Uansett, Silje, Silje og eg blei igjen til og med onsdag. Ut på ettermiddagen reiste vi tilbake til Santo Domingo. |
Deilig solnedgong og ha det bra! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)