| Mamma og pappa bodde på Hotel Frances i Zona Colonial denne veka. Hotellet er i gammal kolonistil, og svært så flott. Fredag åt JR og eg middag med dei i restauranten der. |
| Vi åt churrasco heile gjengen. Maten var heilt ok, servicen svært god, og selskapet upåklagelig. Mamma var godt nøgd med å få gå i sommarklede i februar, trur ej. |
| Ein mann underheldt med pianospeling i bakgrunnen. Pappa var og nøgd. |
| Eg slo på stortromma med ein piña colada til dessert. |
| Her nærma klokka seg 22, og som vanlig blei vi ganske så trøtte rundt det tidspunktet. Merkelige saker, men det blir få seine kveldar på oss her i landet. |
| Laurdag kom LOL tilbake til byen. Vi åt lunch på Sweet Bakery. Line underheldt. |
| Ein flott gjeng! |
| Ein kan ha mykje moro med sugerør. |
| Posing utanfor yndlingsbakeriet vårt. Etter dette stakk pappa og JR heim til leiligheta, medan vi andre for på shopping. |
| Etter tapasen stakk vi innom AIESEC-kontoret, der det var Dominikansk Aften. Det var presentasjon av Den Dominikanske Republikk, smaksprøver på lokal mat, samt lokal musikk og dansing. Moro! |
JR, Karen og Yeimy
| 27.februar er nasjonaldagen til DomRep. Vi feira med søndagsmiddag på La Dolcerie, etter ein del fram og tilbake. |
| Det var herlig å sette seg ned og nyte god mat. Og i dag klarte dei å ikkje rote til bestillinga heller! Dei hadde berre ein liten glipp, men den var så liten at den nesten ikkje telst. |
| Pappa og eg kjøpte Swiss Bacon Burger, og den var like god som alltid! Papas Fritas med honey mustard sauce og ketchup. Herlig! |