onsdag 17. november 2010

Veke 46, ei relativt vanleg veke

No har veret roa seg her borte. Dei siste dagane har temperaturen leie på rundt 26 grader, og eg synes det til tider er litt kjølig. Forstår at dette kan verke fornærmande på folk i gamlelandet, men her er det reelt. Eg frys lett for tida, og må gå til innkjøp av varmare klede.




Tannverk, etter å ha fiksa tennene for så mange 1000 i norge før avreise. Det burde eg forrsten ikkje gjort, for her er mykje tann-turisme. Bo på hotell og få tennene fiksa. Eg gjekk til han som den amerikanske ambassada anbefalar, og eg likar han svært godt! Treng ikkje borre heller, berre fikse litt småting. Og i tilfelle noken treng ein tannlege her: 


Dr. Octacvio A. Franco T.
Abraham Lincon 847 Apto. 3A
Santo Domingo
tlf: 809 541 2806

Det er aldeles helig lukt på supermarkedet vi handler på, spesielt ved ananasen. Her er mykje god frukt! Mangoen er spesielt nydelig, men no er det plutselig ikkje mulig å finne mango i butikkar eller hjå fruktselgarane i gatene. Sesongen er over, og vi må visst vente til over jul før dei kjøme i butikken igjen.

Ein kan også kjøpe ei ananasplante, om ein ynskjer det. 

Like ved huset vårt er ein bokbutikk, som brått har opna spa i overetasja. Det gjekk dårlig med bokbutikken då finanskrisa kom, og dei bestemte seg for å satse på noke nytt. Eg har vore innom eit par gongar før, men det har aldri vore ope. På veg heim etter luch her ein dag gjekk eg innom får å høyre prisane for manikyr og pedikyr. 400 pesos til sammen, altså ca nkr 60, for begge. Det var ingen kundar i salongen, og eg var omringa av 4 som jobba der. Ingen snakka engelsk. Eg hadde ikkje med meg nok pengar, men det var ingen problem, special price. Og brått sat eg med beina i vatn. Herlig! 

Dama som gav meg mani-/pedikyren masserte og peela og stod på. Eg fekk kaffi og god oppfylging, då alle som jobba der, og det viste seg å vere litt fleire enn dei 4 eg fyrst møtte, var innom for å observere. Dei song til musikken (ballader som eg kjenner godt til, berre no på spansk), teksta på mobil, snakka i mobil, og kommenterte arbeidet. Ho eine ville gjerne klippe og stripe håret mitt, og veldig gjerne med ein gong. Eg stod over det. Trur det er greit å kunne kommunisere med frisøren.

Nede i gata har vi ein italiensk restaurant, og ved sidan av ligg ein italiensk butikk. Dei har nydelige skinker, ostar og heimelaga ferskt brød. Like greit eg ikkje oppdaga den skikkelig før no, for maten her er sabla god!

Tidligare i veka låg ein pose med frukt utanfor døra vår. Der var 3 frukter som ligna på appelsin, 2 heilt ukjente. Vi tok inn frukta og undra på kven som kunne ha gitt den til oss. Det viste seg at dei i 3.etg hadde vore på tur, og plukka med seg frukt til oss! Vi vekk 3 søt-sitrusar, ei svær grapefrukt (bildet) og ei eksotisk og veldig søt amazonas-frukt. Spennande.

JR er på oppdrag i ein bank eit stykke i frå kontoret for tida, men vi prøver å få til å ete lunch saman likevel.  I dag åt vi på den vanlige plassen vår, Super Pola. Han åt pasta og eg ris, bønner og kylling, som vanlig. Etterpå stakk vi innom Sweet Bakery. Nydelig espresso og bakevare. JR prøvde seg på ei kirsebær-juice sidan dei var tome for chinola (pasjonsfrukt). 

På veg tilbake til jobb nytta JR høve til å få pussa skona. Det kryr av skopussarar. Han her gjorde ein svært godt jobb, og ville ha 15 pesos (2,50 kr) for det. 15 pesos er nok til ein sjokolade crossant eller ei flaske vatn eller ein halv avocado, altså nesten ingenting. JR tipsa litt. 

Julepynt er noke dei "kan" her i landet. Det er over alt, og i overdådig massevisheit. Dette er kanskje ikkje eit veldig skildrande døme, men moro dog. Nissefar er ikkje død, slik det ser ut som, han har på seg dykkerutstyr og er på havets botn. Det er svært merkelig med julepynt når eg trur det er sommar.


Elles driv vi og planlegg jule- og nyttårsfeiring. Sofie og Frode kjem til jul, og Trond kjem før nyttår. Det blir stas å få besøk igjen! Vi prøver å finne ei god reiserute, med mykje strand! 

Onsdag var vi invitert til filmkveld hjå Sylvia (2 f.h) og Arturo. Her demonstrerar delar av gjengen den berømte "gringo pose".
Framme: Yeimy, bak f.v. Paula, JR, Sylvia og Gerardo. 

Og her har vi "latin pose!" JR opererar i grenseland for mannlig posering, sjølv innan "latin pose". Dersom han hadde på speedo eller sat på ein hest hadde det vore meir lov. 


Her trur eg dei hadde dei hadde eit prosjekt av eit kvart slag, men minst ein gjer feil. 

Filmkveld blei plutselig endra til spelekveld, og etter ein kjapp diskusjon kom Cranium på bordet. Fv. Sasha, Paula og JR, som var på mitt lag. Deretter Yeimi, Gerardo og Sylvia på det grøne laget, og til slutt Arturo, Kierstin og Pavol på det raudet laget. Vannvittig høgt støynivå og utallige forsøk på å øydelegge for dei andre, som seg hør og bør.


Dei tre til høgre leda mest då vi avslutta. Gerardo prøvar å vere med. Tida gjekk så fort at det plutselig var godt over midnatt, ikkje optimalt for alle dei som arbeidar. 
Eg, Kierstin og Sylvia, og delvis Paula, går på pilates to gongar i veka. Aklimtisert som eg er, byrjar eg lett å fryse her borte. Har byrja å ta med lestrar. Brukte ikkje det i Noreg eingong. Hjelp iallfall litt. Rena, instruktøren vår, er full av energi, og svært dyktig. Pilates er også ein flott måte å lære preposisjonar på, og namn på kroppsdelar.  


Fredag var det Russian Night i AIESEC-regi. Sasha er frå Russland, og fiksa mat og underhaldning.  Eg har lånt vekk kameraet mitt, så kunne ikkje dokumentere så mykje. God mat og godt lag, iallfall! 

Laurdag skulle vi endelig på den o'store 27 Charcos-turen. Det er 27 fossar litt lenger nord i landet, og ein går og klatrar og hoppar opp og ned. Skal vere utrulig bra! Turen skulle egentlig gjennomførast for leeenge sida, men måtte utsettast to gonar, mellom anna grunna stormen Tomas som kom med så mykje nedbr. Siljene skulle vere med, og det var stor sorg når vi innsåg at det ikkje blei. Denne gongen blei den avlyst totalt, på grunn av at elva renn gjennom Haiti, der det er kolera-utbrudd. Vatnet er altså ikkje trygt.


Biletet er frå nettsida til travel plus. Meir informasjon om turen finn du på nettsida til Moon travel guides

Dette er det einaste eg har merka av koleraepedemien så langt. Det har blitt obsevert kolera i den Dominkanske Republikk også, men berre eit par enkelttilfeller. Myndigheitene går rundt i fattige områder og oppfordrar folk til å koke eller klore vatnet, vaske hendene godt, og om å oppsøke lege om ein blir sjuk. Det heng også informasjonsplakatar over alt. 




Laurdag enda vi brått på kino, og såg The Social Network, filmen om Mark Zuckerberg og facebook. Underhaldande og interessant! Kinobilleten kosta 100 pesos, altso omlag 15 kr. Utanfor Malecon Kinosenter fann vi denne colaflaska. 

Etter filmen stakk vi innom den lokale Colmadoen for eit smørbrød og litt ron y cola. Etebilder leverar alltid. 

Denne veka her vi byrja å sjå Dexter. Det er den fyrste serien eg har fylgt med på sidan "The Pretender" og M*A*S*H på 90-talet. Den fell absolutt i smak. Vi var innom eit lokalt supermarked og kjøpte litt snop frå bakeriet. Denne smakte ikkje så mykje, men hadde kjekk konsistens. Kanelen på toppen gjorde at den minna om rjømegraut.

Søndag reiste vi til Juan Dolio, stranda omlag 55 km utanfor byen. Mykje vind og ikkje fullt så mykje sol.

Snorkla ein del, sjølv om det ikkje var så bra sikt no som sist, og eg fann denne! Stor glede! JR putta den i lomma på badeshortsen så vi kunne fortsette å snorkle. Etter ei godt stund på land, framleis i lomma til JR, byrja den brått å leve! Den inneheldt ein ikkje fullt så liten kreps! 

Haust? Her er iallfall nokre oransje blad her og der. 

Sjølv om den var kjempefin, la eg den tilbake i sjøen, den var tross alt okkupert. På veg tilbake til plassen vår, for å pakke samen og rusle til lunch, fann JR ut at han ville leike capoeira. Enda med at eg låt grusa i sanden og måtte ny runde i sjøen. Men lunchen leverte. Nygelig fersk fisk med tostones (fritert kokebanan).

Trur vi skal vere eit par dagar i Juan Dolio når Sofie og Frode kjem, medan vi ventar på Trond. Har funne eit hotell, Meridiana Residence, med leiligheter og gode prisar. Det ligg 50 meter frå stranda.

Søndagskvelden skal brukast til avslapping, spanskjobbing og Dexter. Har ikkje vore så mykje på skulen denne veka, men lest til eksamen heimefrå. Neste veke skal vi iallfall innom skulen. Eksamen om ein liten månad! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar