lørdag 27. november 2010

Diego Torres in Concert

Fredag 26.november, medan vi stod og venta på at Pilates skulle byrje, fekk vi telefon om at Sylvia hadde gratisbillettar til Diego Torres-konserten!!!! Vi heiv oss rundt, hoppa i ein carrito, og susa heim. Då vi nesten var heime viste det seg at ho likevel ikkje hadde så mange billettar, berre to. Enda med at JR og eg fekk billettane. 

Fødd i Argentina i 1971. Han har spelt i nokre TV-seriar, samt gitt ut 7 album frå 1992 til 2010.  Han har også spelt inn eit MTV Unplugged-album. Ein av dei store latinske stjernene som vi anar lite om at eksisterar. (bildet er frå easylistening.kazaa.com)

Billetten i handa og klar for galskap
Storskjermar og god stemning i Palacio de los Deportes (Palace of Sports?)

Dei hadde med Michael Jackson tribute, sjølvsagt. Litt oppfunka, og mykje god dansing. 

Alle fekk utdelt glowsticks! 

Torres hadde med seg nokre gjesteartistar, og dei var tydeligvis også veldig kjente. Steike god stemning under heile konserten! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar