lørdag 13. november 2010

Novemberdagar


Hengekøya er på plass i hagen! Den heng mellom to appelsintre. Herfrå har vi god utsikt til gekkoar, firfirler og kolibriar. 

Pavol, Gerardo, JR, Maria og syskenbarnet og eg på tur til Krispy Kreme søndag 7.november. Laaaang kø. 

Og absolutt verdt å vente på. Når ein står i kø får ein sjå store delar av produksjonsprosessen. Før eg smakte desse, trudde eg at eg ikkje like smultringar. 

Alle er steingode...

Vi kjøpte nok. 


Fredag 12. var eg og JR på grilling hjå Pedro, som eg og Siljene møtte i Jarabacoa.  "Syskenbarnet" hans, Eduardo, var der også. Det viste seg at dei ikkje var syskenbarn, egentlig, men så nærme at dei omlag var brødre. Utrulig koselig kar, han også, så vi hadde ein avslappande kveld nord i Santo Domingo. 

Det blei grilla biff. Sjukt god biff. Den smelta på tunga. Pedro og Eduardo krydra med ei saltvannsløysing.  Vi smakte også på Anta Banderas, ein vin som Antonio Banderas har gitt namn til. Nydelig vin, så absolutt å anbefale!

Pedro har 6 hestar, og to svære rottweilerar. Den eine hunden var veldig kosesjuk, og hadde enorme  mengder slev å gi bort.

Det blir nok fleire grillkveldar hjå Pedro, håper vi!


Oh yes, eg kjøpte badering på stranda! Søndag morgen stakk vi til Juan Dolio, ei strand ein liten time frå Santo Domingo. Hengekøya var med. Sylvia køyrde, og elles var det Yeimi, JR og eg. Etter ei stund kom Arturu, og heilt til slutt kom Pedro. 
Yeimy fann seg god til rette under eit tre!
Gjengen samla på stranda. Sylvia til venstre, så JR og Yeimy. Her var også flott å snorkle, og eg såg så mange flotte fiskar! 

JR la seg god til rette i hengekøya. Sidan eg berre hadde med mobilkameraet uten blits fekk eg ikkje med sjøen i bakgrunnen. Eg fekk meg ein liten blund i hengekøya etterkvart.

Ute på lunchtur. Åt på stranda. 

Vi fekk med oss solnedgongen før vi sette kursen mot Santo Domingo igjen. Eg og JR sat på med Pedro, som kom og møtte oss. Etter ein kjapp tur innom heime, stakk vi til Zona Colonial for ein matabete og frappuchino på Segafredo. Ei fantastisk herlig og avslappande helg. 


1 kommentar: