Dei herlige Siljene kom innom Santo Domingo igjen fredag 29.oktober, i høve tur til 27 charcos (27 flotte fossar lenger nord i landet). Diverre var her ein tropisk storm på veg. Den førte til store nedbørsmengder i nord, så heile turen blei utsatt. Etter litt graving i reisebøker og på nett, samt samtalar med kjente, enda vi med å ta bussen nordover til Jarabacoa. Det er eit flott høgareliggande område, kjent for sitt kaldare klima. Vi tok inn på Pinar Dorado, ca 8 min rolig gange utanfor sentrum.
Vi fekk anbefalt "El Carrito de Moshe", som viste seg å vere ein restaurant i ei garasje. Plastikkstolar, men nydelig mat, reint og fint, samt serveringspersonell med flotte hattar. |
Vi stakk innom ein av dei fire fossane, Salto de Jimenoa. |
Det var hengebruer heile vegen fram til fossen. |
Sjukt godtesjuke, og ingen sjokolade å oppdrive i byen. Silje H enda med å kjøpe nokre kjeks med marshmallows og kokos. Dei smakte grusomt. |
Vi plukka opp ein liten sjarmør som hadde tilhaldstad i cafeen. At Silje var allergisk stoppa ikkje henne! |
Til høgre er det nettopp planta nye kaffetre. Om 2 år vil dei vere klare til å gi kaffibønner. |
Ei skvisa kaffifrukt, med ei av dei to bønnene slik dei er når ein plukkar dei. Den andre har eg i munnen. |
Bønnene blir skilt etter tyngd i ei maskin som hellar og får bønnene til å hoppe. |
Dei lette bønnene hoppar mest, og vil ramle ned til høgre. Dei tyngre blir igjen til venstre. Dei tunge blir tatt vare på av Monte Alto, dei andre selt til andre. |
Det er viktig at bønnene har den rette fargen, til venstre her. Dei andre blir sortert ut. |
Avgangstider frå Jarabacoa til Santo Domingo, greit å vite. Turen tok 2,5 timar. |
Kolerautbruddet i Haiti skaper fryt også i DomRep. Her er no plakatar over alt! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar