torsdag 25. november 2010

Jobbsøking og 2årsdag med JR



Mandag 22.nov og tirsdag tråla eg byen på jakt etter jobb. Fortaua her i byen er ikkje alltid så godt tilrettelagt. Eg kom meg uansett fram, og blei fanga inn av New Horizons. Dei ville ha meg testa med ein gong, og gav meg ein matematikk-test. Eg rakk ikkje bli ferdig på tirsdag, så eg troppa opp igjen onsdag morgen. Tok resten av den testen, samt ein naturfagtest. Blei tilbudt jobb, og snakka med rektor og HR-ansvarlig. Er snakk om 100% frå 11.januar. Om eg tek jobben skal eg undervise i matte på 4. og 5.trinn, samt biologi på 10.tr. Dei har undervisning på spansk halve året, og engelsk andre halvdelen.
Skulen ligg omlag 20 minutt gange frå leiligheta vår, så det er ein fin morgentur. Arbeidstid 7.30 til 15.30. Dette er ein av dei fine installasjonane ein finn langs vegen. Sinare på onsdagen tok eg ein engelsktest på ein annan skule. Denne testen var svært merkelig, og eg kjenner at eg ikkje er særlig interessert i å arbeide på den skulen.
Her er krysset like ved huset vårt. Der er alltid mange bilar, og i går var der nokre som ikkje var fornøgde. Bilane på midten er i røyrsle, og den som er ekstra obsevant legg kanskje merke til at det er raudt lys for dei som vil til venstre. Bilane køyrde likevel, og stoppa heile trafikken. Nokre prøvde å snike seg innomellom, og alle tuta som galne. Det verste er at dette er tilnærma lik normalt her. Fotgjengarfelt med trafikklys finst omlag ikkje. Dei få som er fungerar iallfall ikkje. Vi berre snik oss inn mellom bilane. Og sidan det er nomalen, er det veldig venta, og bilane slepp ein fram. 
Eg fekk blomar!

Ute for å feire 2.årsdag med JR onsdag 24.november! Vi åt middag på Hostal Nicolas de Ovando i Zona Colonial. Maten var heilt fantastisk!  Dette er forretten. Til hovedrett hadde vi grilla biff med fløtegratinerte poteter og massevis av herlige urter.

Til dessert bestilte vi sjokoladefondant med herlig is. Eg var betatt. 

Etter middagen gjekk vi ein liten tur i byen, før vi fann ein taxi som var villig til å køyre oss heim for vanlig pris, og ikkje Zona Colonial- "crazy-turist-pris".  Ein utrulig herlig kveld, i usedvanlig godt lag! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar