Eg fekk anbefalt restaurant Lolita av Channing, ein kollega. Ho hadde ete der med foreldra sine, og dei var svært nøgde. Lolita skulle feire 1 års-dag, og hadde tilbud på 10-retters middag. Det beste eg veit er å smake mange forskjellige rettar, og sidan eg og JR lenge har snakka om å gå ut og ete ein betre middag, nytta vi no høvet. Eg ringte og bestilte bord, noke som viste seg ikkje naudsynt, då vi var dei einaste gjestane så tidlig som kl 20.00.
|
Fyrste rett kom øyeblikkelig på bordet, aubergine med noke kjøtfyll, tomatsaus og mozarella. Nydelig! Frozen juice leverte også. Vi slo på stortromma og bestilte ein deilig Malbec i tillegg. |
|
Andre forrett kom raskt på bordet. Eg var godt nøgd. |
|
Potetstappe med reker og noke sterkt noke. Med avocado på toppen. Så godt! |
|
Brått fekk vi ein tredje forrett, meir mozarella, pesto og tomatsaus, men av ein annan sort enn tidligare. |
|
Ein aldri så liten mellomrett, diverse røykelaks. Eg har aldri likt røykelaks, men dette var faktisk godt. |
|
Dei fyrste tre hovedrettane. Frå venstre biff med soppsaus og ruccola, på delt fyrsteplass med rett nr 2, risotto med safran og churrasco-biff. Nr 3 var ravioli med sopp og div. Sjefskokken, Santiago frå Peru, var innom oss fleire gongar for å høyre korleis vi likte maten. |
|
Nr 4, 5 og 6 fylte raskt opp magen. Vi fekk 2 nye risottotyper, og ein pasta. Alt var svært godt, men favoritten her var den i midten, svart risotto med skampi. |
|
Vi måtte ta ei pause før desserten. Vi fekk italiensk is, vanilje, sjokolade og pistasj (dvs. kelneren sa det var pistasje, men eg syntes det smakte meir av mandel. Uansett utrulig godt!). Det var litt vel mykje air-conition i restauranten, som elles i DomRep, men eg var godt forberedt. |
|
Etter is-desserten var vi godt nøgde. Men så kom kelneren og sa at vi skulle få ein is til, sidan det var ein til kvar. O`glede! |
|
Brått var det levande musikk! Han vandra rundt i lokalet og spelte svært behagelig musikk. |
|
Så var det tid for bursdagskake av sjokolade og mousse. |
|
Eg synes badeflisene var så fine, og av ekte naturstein. |
|
Avsjedsgåve, 3 fine små sjokoladar. Men på dette tidspunktet var vi så mette at dei havna i veska, og deretter i kjøkeskapet. Får spare dei til i morgon.
Eg er så mett no, og så utrulig godt nøgd! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar