I fylge The Rough Guide (2009) er Museo del Hombre, eller folkemuseet, på 18 plass over stadar ein ikkje må gå glipp av i den Dominikanske Republikk. I helga skulle vi eigentlig til Conztansa, men avlyste grunna dårlig ver. Søndag hadde vi derfor ingen planar, og stakk på museum! Eg fekk med meg JR og Lisa.
|
Vi er på veg... |
|
Dei tre vaktene ville ha 75 pesos med kvar av oss. Kvitteringa blei skiva ut til Roberd Verg?r |
|
Museet var svært slitt, og eg trur dei spara på straumen. Det var iallfall ikkje særlig belysning kringom. Men her ser vi iallfall nokre Taino-indianarar som jaktar på ei sjøku! Taino-indianarane bodde her i området før Columbus kom i 1492, og etterkvart nytta dei som slavar. Etter omlag 30 år var dei utrydda. Dvs. ein god del spanske menn fann seg Taino-damer, i fylge wikipedia var det så mange som 40% av spanjolane på øya, så ein del av arven blei ført vidare. |
|
Tainoane var gode på hengekøyer og slikt. |
|
Døde Tainoar. |
Då Columbus kom til øya for fyrste gong, i 1492, omtala han Tainoane på denne måten: |
They traded with us and gave us everything they had, with good will..they took great delight in pleasing us..They are very gentle and without knowledge of what is evil; nor do they murder or steal..Your highness may believe that in all the world there can be no better people ..They love their neighbours as themselves, and they have the sweetest talk in the world, and are gentle and always laughing.
Likevel tok dei Tainoane i bruk allereie på den neste turen. Spanjolane laga eit fiffig system i 1503, der dei sa at alt land tilhøyrte Spania. Taino-indianarane var dermed på Spansk jord, og måtte tjene den spanske trona. Dei måtte kome med gull, og generelt gjere mykje jobb for dei nyankomne. Då spanjolane kom, antek ein at det var omlag 1 million Tainoar på øya. Etter 50 år var det omlag 500 igjen.
|
JR studerar kunst. |
|
Det var mykje penis-kunst. |
|
Herlige statuer. |
|
Dei kunne sine krukker... |
|
Dei brukte mange typer skjell og stein til utsmykking. |
|
Og dei brukte også ein god del sentralstimulerande middel, og såg syner... |
|
Dette er tre-utsmykking, med ei Taino-familie i bakgrunnen. |
|
Mange ord i dangens engelsk og spansk kjem frå nettopp Taino-indianarane. |
|
Etterkvart som Tainoane døydde ut av nedslakting, koppar, influensa, svolt eller anna, måtte det ny arbeidskraft til. Turen gjekk til Afrika. I fylge U.S. Library of Congress var det i 1790 så mange som 40 000 kvite jordeigarar, 25 000 frie svarte eller mulattar, og 60 000 slavar i Santo Domingo. |
|
Sjølv om dette høyrest sjukt ut, var den enda verre i franskstyrte Haiti på den tida. Der var det omlag 30 000 kvite og 27 000 frie menn som fekk arbeid gjort av 500 000 svarte slavar! Derfor er dei fleste folk frå Haiti i dag mørkare enn dei frå den Dominikanske Republikk. Det er svært mykje rasisme mot folk frå Haiti. |
|
Dokke laga av tre, bein og menneskehår. |
|
JR og sukkerpressa. |
|
Taparliste skrive på sukkerpressa. |
|
I tillegg til å mangle lys og mange forklaringar, var det også mangel på støvtørking på museet. Her kan ein finne opptil mange små og store insekt. |
|
Trist karneval |
|
Karnevalmaske |
|
Eit bilete av spanjolar og tainoar.
Eg kan trygt seie at eg har vore på ein del andre museum som fortjenar 18.plassen meir enn dette museet. Men det var likevel interessant å sjå, og det sette igong litt studering av Tainoane og generell DomRep-historie. Etter Columbus og Spanjolane kom Franskmennene og Haitisk okkupasjon. Deretter blei DomRep sjølvstendig igjen litt utpå 1800-talet. Så kom ein del diktatorar, USA kom inn og okkuperte, deretter grusomme Trujillo. Trujillo blei styrta i 63, og etter det har det vore forskjellige presidentar. Den forge, Hipolito Mejia, er naboen vår, rett nedi gata. Leonel Fernandez, som er no, hadde sonen sin på skulen der eg har undervist det siste halvåret. Guten gjekk ut for 2 år sidan. Lite land dette her, men med sjuuuuukt i historie. Og det meste er grusom historie. Landet er likevel på veg oppover, og den store kampanja no er å få regjeringa til å bevilge meir pengar til utdanning. Kravet er 4%, noke presidenten lova, men ikkje heldt. Dei brukar i dag litt under 2% av BNP. Noreg brukar til samanlikning litt under 7% (talet er frå hukommelsen, så det kan vere at det er feil). Sidan utdanninga er så mangelfull er også den historiske kunnskapen svært mangelfull, og det er framleis mykje overtru ute og går. Eg merkar eg kan skrive side opp og ned om dette, men det må då vere måte på. Slutt. |
det her var interessant lesing! du skriver bra og er informativt uten å bli kjedelig! skriv gjerne flere sånne blogginnlegg :):)
SvarSletttusen takk, Silje! d va veldig kjekk tilbakemelding! måtte gjere litt reaserch før den... :-) skal sjå ka ej fæ til!
SvarSlett