Vi gjer lite på jobb for tida. Svært lite. Det er ingen elevar på skulen, ingenting å planlegge til neste år (sidan omlag ingen av oss skal vere der, og dei få som skal vere der veit det ikkje nyttar å planlegge då det uanstt blir endringar) og dermed ingentingå gjere. Likevel skal vi vere der i omlag 2 veker til, og gjere akkurat det samme. Eg forstår ikkje kvifor, men vi får betaling, og eg klarer fint å gjere ingenting i nokre veker. Eg held forrsten på å lage ei veske av brusetikettar, elles les eg aviser eller pratar med kjekke kollegaar. I dag fekk eg brått førespurnad frå Kristen om eg ville bli med på
La Cuchara de Madera. Dette er eit berømt bakeri med fantastiske kaker. Kan nemne at dette var etter arbeidstid, sjølv om det ikkje spelar noko rolle.
Natasha kom og henta meg, Kristen og Channing på skulen. Kan nemne at Natasha skal føde på mandag, og er svært gravid. Likevel er ho av dei mest sosiale her. Eg forstår ikkje korleis ho klarer det. Ho hadde med dei to herlige jentene sine, Sami og Emma. Aimee møtte oss der. Etterkvart kom også Ashley, og deretter Dave.
|
Himmel og hav. Vi bestilte 2 kaker på deling mellom 5 voksne og 2 barn. Det var egentlig akkurat passe. Dette er ein brownie extravaganza. Den var sabla god, og enormt svær. |
|
Channing har vore her nokre gongar før, og kunne manøvrere menyen. Dette er ei pyramide av karamell-kake. Med is og krem og sjokolade- og karamellsaus.
|
|
Kanskje størrelsen på kakene kjem betre fram her? Eg kan love å ta med dei neste besøkande her, for eg har ingenting imot å fare tilbake! |
|
Bakeriet har teiknesaker for ungane, og Sami og Emma nytta høvet. Dei fekk også smaksprøver på muffins då vi kom inn, til stor suksess! Natasha demonstrera kor dominikanisert ho har blitt, ved å halde BBen (BlackBerryen) sin i handa. |
|
Aimee enda til slutt opp i sofaen, som ikkje akkurat er på høgde med stolane eller passa til bordet. Etter lang tid var det på tide å transportere seg heim i rushtrafikken i Santo Domingo, ingen rask jobb. Natasha var så snill å køyre meg heim etterpå.
Kan nemne at ein av yndingsrestaurantane våre, La Dulcerie, ligg like i nærleiken her, og dei har også svært gode kaker. Er slettes ikkje sikker på kva plass som har best... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar