lørdag 18. juni 2011

Indisk Restaurant-oppleving

Eg har hørt rykter om ein indisk restaurant her i landet, muligens den einaste i Santo Domingo, og at den skulle vere så utrulig bra. Channing, ein kollega av meg, tok initiativ og organiserte eit besøk dit. Restauranten heiter Chatny og er i huset til kokkane. Dei har ei svært god heimesida, om noken vil sjekke ut! Ein tek av seg skona i gangen og sit på madrasser på golvet. Det er berre plass til 10-12 folk, så der er ei veldig intim stemning. Vi fekk grundig introduksjon til kvar rett, samt historiar frå indisk historie. Vi såg nokre snuttar frå indiske bollywood-filmar, og høyrde på indisk musikk. Rett og slett ei utrulig herlig oppleving! 

Fyrst fekk vi servert Mango Rose Lassi, ein yoghurtdrikk med mango, deretter fekk vi Chicken Samosa med Mango Chatny. 

Hovedretten bestod av basmatiris med Daal (linser i god saus), Aloo Bengan (grilla aubergine med potet, yoghurt og krydder),  Chicken Tandoori, Daddel- og potet-raita (yoghurtsaus), samt Chappathi (lefse).  Det var ingenting igjen i mine skåler etter maten. Nydelig godt!
Ein av vertane viste oss korleis vi skulle ete med chappathi og med fingrane. Det er berre å blande saman linsene eller raitaen med risen, lage ein liten ball, og so skubbe den inn i munnen med tommelen. Jadda. Her er Dave og Aimee tydelig inspirerte! 

Natasha, Jenny, Kristen og Channing, også inspirerte. Desse er kollegaar av meg.  

Claudia, eg, JR og Dave, framfor den deilige oransje veggen. 

"Nebbet" hadde framleis mat igjen då dei fleste, og iallfall eg, var ferdige å ete. Her har han eit eller anna prosjekt på gong. 

Etter maten gjekk verten rundt med rosevatn så vi fekk vaska hendene våre. 

Desserten var Seviaan, med pistasje på toppen. Legg merke til rosebladet under skeia. 

Channing og Anja naut desserten. 

Heile gjengen samla. Frå venstre Aimee (DomRep), Dave (Puerto Rico), Natasha (England/ Hong Kong ++), Jenny (US), Kristen (US), Channing (US), Claudia (US), Anja (Tyskland), eg og JR (Noreg) 

Det er godt mulig vi tek turen innom ein gong til før vi stikk heim, for dette var ei herlig oppleving! Og det var utrulig godt å ete indisk mat igjen, noke eg ikkje har gjort på nesten 1 år.

1 kommentar:

  1. Kjekk blogg Mari. Vi har kun hatt to indiske matopplevelser på turen, i Buenos Aires og San Francisco, men eg merke no at eg trenge ein ny opplevelse snarest :) Dette så digg ut! Kos deg masse den tida du har igjen, så ses vi forhåpentligvis igjen snart.

    Cathrine

    SvarSlett