Alle som er interns her lagar til ein kveld der dei presenterar sitt land for resten av AIESEC her i byen. I går, på jonsok, var det vår tur. Oppmøte kl 7, dominikansk tid. Då vi kom dit kl 8 var der overraskande mange folk. Vi hadde laga til det aller meste på førehand, og hadde berre igjen å koke poteter og dandere det heile på fat.
|
Fyrste rett: småblingsar med eggerøre og norsk røykelaks, direkte frå IKEA. |
|
Det slo an. |
|
Jasmin og Fanna, svenskane, hadde vore på seminar tidligare på dagen, og tenkte at det var smart å ha på namneskilta, minglemessig. |
|
Vi hadde presentasjon om Noreg. |
|
Mest fjas, men litt seriøst også. |
|
Det var overraskande mange som kom! Det var ei god blanding av AIESEC-medlemmar, vennar og kollegaar av meg, samt ein del folk som berre kjente nokon der. |
|
Ein fin gjeng. Etter presentasjonen sendte vi rundt salt lakris (vi fekk så mykje med Sofie og Frode til jul at vi ikkje har klart å ete opp alt!) Salt lakris er dei ikkje vande med her, og dei aller fleste syns det ikkje var godt i det heile. To stykk likte det, og forsynte seg ein ekstra gong. I tillegg til skandinavarane sjølvsagt. |
|
Eg og JR, etter kjøtkakeserveringa. Vi serverte heimelaga kjøtkaker med poteter, brun saus og tyttebærsylte. |
|
Roll call, AIESEC style! |
|
Karen, JR, Vicky og Marlon. Vicky har vore intern på ein skule utanfor Santo Domingo, og reiser heim no i dag. Vi har no sett omlag alle internane reise heim. Det kjem heldigvis nokre nye også, og i forgårs kom Mihai, som er ny intern i firmaet til JR.
Eg trur vi kan konkludere med at norgeskvelden blei ein suksess, og mykje mindre stressande enn eg hadde trudd! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar