mandag 27. juni 2011

Fantastiske Las Terrenas

Gloppen og Karianne, det er berre å smøre seg inn med solkrem! Våre siste gjestar kjem om ei god veke, og vi er så klar for nytt besøk! Omlag 15 stk har vore på besøk alt, og opplevd landet saman med oss. Det har vore så kjekt å ha alle her! Eg kjenner at det nærmar seg heimreise, noko eg slettes ikkje er klar for! Takk og lov for at eg kan reise mykje rundt i juli. Eg har lyst tilbake til omtrent alle stadar eg har vore.

Fredag 24.juni, ut på ettermiddagen, sette vi nasa nordover mot Samana og Las Terrenas. Eg har vore der ein gong tidlegare, og der er utrulig flott. Nokre frå jobben snakka om å reise, og vi heiv oss med. Vi var tilsaman 8 stk i vår villa, og så var det kjentfolk av kjentfolk i ein annan villa, eit stykke vekke. Ashley hadde funne villaen ganske tilfeldig på nett, og her var det snakk om bulls eye! Staden heitte Costa Las Ballenas, og eg anbefalar det på det varmaste!

Etter 2 timar, for min del sovande, på buss frå hovedstaden til Sanchez på Samana, tok vi motoconcho til guagua (minibuss)-stoppet. Derifrå var det omlag 20 min i guagua til Las Terrenas.

Det var supergrønt og flott rundt villaen vår! Den høyrer på ein måte til eit resort som er der, Costa Las Ballenas, og vi fekk bruke fasilitetane.

Hovedhuset, med 6 sengeplassar. Det høyrte også til ein liten bungalow med dobbeltseng og bad.
Villaen vår heitte Casa Corales

Stove og kjøkken. Det var mange sitteplassar ute. Eg diggar biletet av fisken. 

Romet vårt.

Badet var aldeles nydelig, med herlige fargar og fliser.  

Kjøkkenkroken, som hadde alt av utstyr. 


Bassengområdet. Vi rakk ein kjapp dukkert før det blei mørkt på fredagen. 

Fyrste kvelden stakk vi over til den andre folka, nokre som går på skule med Cesar, men dei var ikkje så interessert i å snakke med oss. 

Vi klarte oss fint på eigahand! Frå venstre Jenny (kollega), eg, JR, Helene (norsk) og Fanna (svensk)

Frukost laurdag morgen, appelsin juice, steikt egg, italiensk brød med chorizo og pesto (takk for den Line, framleis ein slager!)

På stranda var det så mange søte rosa skjell...

JR, Jenny og Mihai var på foto/oppdagelsesferd. JR måtte sjølvsagt klatre opp i ei høg pamle og kaste ned kokosnøtter.
Eg er rimelig glad eg ikkje var med, for palma var høg og eg hadde sikker freaka ut...

Spasertur på stranda, her Fanna og Helene

Vi fann ein halvfin restaurant, med kjekke brikker. Maten var veldig god! Det kom ei regnsky medan vi sat der. Perfekt timing! Det regna visstnok mykje i hovedstaden i helga, men ikkje oppe i nord!

Playa Bonita, like ved der vi bodde. 

JR fann ei kjekk palme

Resorten hadde flotte hengekøyer ved sjøen, men inne på området. JR nytta høvet til litt avslapping.

Mihai, nyekaren i firma der JR jobbar, i solnedgong. 

aaaah...

Eg naut kvelden 
Vi som gjekk tur på stranda i solnedgongen. Frå venstre eg, gravide Ashley, Mihai, Helene, Jenny og JR. Fanna låg i hengekøye, og Cesar, mannen til Ashley, var ute på tur. 

Hoppebilete er obligatorisk...




Etter solnedgongen stakk nokre av oss inn til sentrum. Alt var stengt, sidan det var kveld og lavsesong, men vi fann ein trivelig strandbar, med svært gode drinkar.

Las Chicas, Helene, Jenny, eg og Fanna. 

På veg heim stakk vi innom ein Colmado for å få tak i litt rom og cola, samt sjokolade og egg til frukosten. Colmado-mannen var svært så trivelig. 

Så var det å prøve å kome seg heim. Dei andre hadde byrja å grille, og vi var klare for litt mat... Det var slettes ikkje lett å finne transport. Tilslutt fekk vi tak i ein kar på ein moped med stort bagasjebrett. Han køyrde moto-taxi. Han fekk tak i ein kompis, og dei køyrde oss heim for 100 pesos. 

Fanna og Jenny bakpå. Dei køyrde veldig fint, så fint at vi bestilte samme karen dagen etter (dog ikkje han her). Han ringe forøvrig i dag då eg var på jobb...

Tilbake i villaen, etter grillinga. Mihai har det ok fyrste helga si i DomRep.

Jenny, Cesar og Ashley. 

JR sløva i hagen, og lata som om han var MJ.  
Dei små kokosnøttene er inne i masse greier, så JR bearbeida dei litt. Den grøne på bakken er slik dei er på trea, den lysebrune er slik dei er inni, før den har tørka. Den er sjølvsagt full av kokosmjølk og kokos. 

Søndag tok Fanna, Helene og eg motoconcho til Playa Coson, ei anna flott strand, uten mange folk. Der var ein liten restaurant med god juice. 
Motoconcho-drosjesjåføren vår, Jonathan. Han ville henge på stranda. Det var ikkje vi så ute etter. 


Stranda er til salgs.... Her er ein del hotell og leiligheter,men dei er ikkje så synlige.

Jenny og Ashley gjekk til stranda (ein god time frå playa Bonita), og fortsette litt vidare. Dei fann ein utrulig flott villa, og dama som eigde den inviterte dei inn for å sjå. Ho eigde fleire villaar, og det var visst skikkelig Hollywood-style. Då Jenny og Ashley hadde kome opp i 2.etg, og såg på det eine badet, med ein flott sofa i, høyrde dei at det kom folk. Dei blei litt satt ut, for dei var i bikini, og syntes det var litt pinlig å møte dei som leigde villaen. Dama beroliga dei med at det berre var nokre ungdomar. Og jada, der kom halve 10.trinn frå skulen vår! Og både Ashley og Jenny er lærarar, og kjenner godt til elevane. Det var visst mora til ho eine som leigar dei ut.

Utrulig flott strand!

Det var mykje vind denne dagen, og etter 10 min i sjøen var sarongen min full i sand. Øyra mi, som var mot vinden, er framleis full av sand. 

Restauranten.

Eg og Jenny skulle gjere nokre ærend før heimreise, men alt var stengt. Vi tok heller ein kaffi medan vi venta på at Ashley og Cesar plukka oss opp for heimreise. Dei andre tok bussen.

 Der er litt kjøligare enn i hovedstanden, og det var veldig godt. Det har vore kvelande varmt og klamt i Santo Domingo i det siste. 
Etter denne helga har faktisk Las Terrenas på Samana komt seg opp på topp 3-lista mi over beste plassar i landet. Området sør for Barahona er også på den lista. Mulig Las Galeras også er der, litt lenger austover på Samana. 

fredag 24. juni 2011

Norsk kveld hjå AIESEC

Alle som er interns her lagar til ein kveld der dei presenterar sitt land for resten av AIESEC her i byen. I går, på jonsok, var det vår tur. Oppmøte kl 7, dominikansk tid. Då vi kom dit kl 8 var der overraskande mange folk. Vi hadde laga til det aller meste på førehand, og hadde berre igjen å koke poteter og dandere det heile på fat. 
Fyrste rett: småblingsar med eggerøre og norsk røykelaks, direkte frå IKEA.  

Det slo an. 


Jasmin og Fanna, svenskane, hadde vore på seminar tidligare på dagen, og tenkte at det var smart å ha på namneskilta, minglemessig. 

Vi hadde presentasjon om Noreg. 

Mest fjas, men litt seriøst også. 

Det var overraskande mange som kom! Det var ei god blanding av AIESEC-medlemmar, vennar og kollegaar av meg, samt ein del folk som berre kjente nokon der. 

Ein fin gjeng. Etter presentasjonen sendte vi rundt salt lakris (vi fekk så mykje med Sofie og Frode til jul at vi ikkje har klart å ete opp alt!) Salt lakris er dei ikkje vande med her, og dei aller fleste syns det ikkje var godt i det heile. To stykk likte det, og forsynte seg ein ekstra gong. I tillegg til skandinavarane sjølvsagt. 

Eg og JR, etter kjøtkakeserveringa. Vi serverte heimelaga kjøtkaker med poteter, brun saus og tyttebærsylte. 

Roll call, AIESEC style!

Karen, JR, Vicky og Marlon. Vicky har vore intern på ein skule utanfor Santo Domingo, og reiser heim no i dag.  Vi har no sett omlag alle internane reise heim. Det kjem heldigvis nokre nye også, og i forgårs kom Mihai, som er ny intern i firmaet til JR.

Eg trur vi kan konkludere med at norgeskvelden blei ein suksess, og mykje mindre stressande enn eg hadde trudd! 

onsdag 22. juni 2011

Kakehimmelen

Vi gjer lite på jobb for tida. Svært lite. Det er ingen elevar på skulen, ingenting å planlegge til neste år (sidan omlag ingen av oss skal vere der, og dei få som skal vere der veit det ikkje nyttar å planlegge då det uanstt blir endringar) og dermed ingentingå gjere. Likevel skal vi vere der i omlag 2 veker til, og gjere akkurat det samme. Eg forstår ikkje kvifor, men vi får betaling, og eg klarer fint å gjere ingenting i nokre veker. Eg held forrsten på å lage ei veske av brusetikettar, elles les eg aviser eller pratar med kjekke kollegaar. I dag fekk eg brått førespurnad frå Kristen om eg ville bli med på La Cuchara de Madera. Dette er eit berømt bakeri med fantastiske kaker. Kan nemne at dette var etter arbeidstid, sjølv om det ikkje spelar noko rolle.

Natasha kom og henta meg, Kristen og Channing på skulen. Kan nemne at Natasha skal føde på mandag, og er svært gravid. Likevel er ho av dei mest sosiale her. Eg forstår ikkje korleis ho klarer det. Ho hadde med dei to herlige jentene sine, Sami og Emma. Aimee møtte oss der. Etterkvart kom også Ashley, og deretter Dave. 
Himmel og hav. Vi bestilte 2 kaker på deling mellom 5 voksne og 2 barn. Det var egentlig akkurat passe. Dette er ein brownie extravaganza. Den var sabla god, og enormt  svær.


Channing har vore her nokre gongar før, og kunne manøvrere menyen. Dette er ei pyramide av karamell-kake. Med is og krem og sjokolade- og karamellsaus.

Kanskje størrelsen på kakene kjem betre fram her? Eg kan love å ta med dei neste besøkande her, for eg har ingenting imot å fare tilbake!

Bakeriet har teiknesaker for ungane, og Sami og Emma nytta høvet. Dei fekk også smaksprøver på muffins då vi kom inn, til stor suksess! Natasha demonstrera kor dominikanisert ho har blitt, ved å halde BBen (BlackBerryen) sin i handa.


Aimee enda til slutt opp i sofaen, som ikkje akkurat er på høgde med stolane eller passa til bordet. Etter lang tid var det på tide å transportere seg heim i rushtrafikken i Santo Domingo, ingen rask jobb. Natasha var så snill å køyre meg heim etterpå.

Kan nemne at ein av yndingsrestaurantane våre, La Dulcerie, ligg like i nærleiken her, og dei har også svært gode kaker. Er slettes ikkje sikker på kva plass som har best...

lørdag 18. juni 2011

Indisk Restaurant-oppleving

Eg har hørt rykter om ein indisk restaurant her i landet, muligens den einaste i Santo Domingo, og at den skulle vere så utrulig bra. Channing, ein kollega av meg, tok initiativ og organiserte eit besøk dit. Restauranten heiter Chatny og er i huset til kokkane. Dei har ei svært god heimesida, om noken vil sjekke ut! Ein tek av seg skona i gangen og sit på madrasser på golvet. Det er berre plass til 10-12 folk, så der er ei veldig intim stemning. Vi fekk grundig introduksjon til kvar rett, samt historiar frå indisk historie. Vi såg nokre snuttar frå indiske bollywood-filmar, og høyrde på indisk musikk. Rett og slett ei utrulig herlig oppleving! 

Fyrst fekk vi servert Mango Rose Lassi, ein yoghurtdrikk med mango, deretter fekk vi Chicken Samosa med Mango Chatny. 

Hovedretten bestod av basmatiris med Daal (linser i god saus), Aloo Bengan (grilla aubergine med potet, yoghurt og krydder),  Chicken Tandoori, Daddel- og potet-raita (yoghurtsaus), samt Chappathi (lefse).  Det var ingenting igjen i mine skåler etter maten. Nydelig godt!
Ein av vertane viste oss korleis vi skulle ete med chappathi og med fingrane. Det er berre å blande saman linsene eller raitaen med risen, lage ein liten ball, og so skubbe den inn i munnen med tommelen. Jadda. Her er Dave og Aimee tydelig inspirerte! 

Natasha, Jenny, Kristen og Channing, også inspirerte. Desse er kollegaar av meg.  

Claudia, eg, JR og Dave, framfor den deilige oransje veggen. 

"Nebbet" hadde framleis mat igjen då dei fleste, og iallfall eg, var ferdige å ete. Her har han eit eller anna prosjekt på gong. 

Etter maten gjekk verten rundt med rosevatn så vi fekk vaska hendene våre. 

Desserten var Seviaan, med pistasje på toppen. Legg merke til rosebladet under skeia. 

Channing og Anja naut desserten. 

Heile gjengen samla. Frå venstre Aimee (DomRep), Dave (Puerto Rico), Natasha (England/ Hong Kong ++), Jenny (US), Kristen (US), Channing (US), Claudia (US), Anja (Tyskland), eg og JR (Noreg) 

Det er godt mulig vi tek turen innom ein gong til før vi stikk heim, for dette var ei herlig oppleving! Og det var utrulig godt å ete indisk mat igjen, noke eg ikkje har gjort på nesten 1 år.

mandag 13. juni 2011

Ranchen til Nancy

Nancy, ein herlig kollega, inviterte alle oss utlenningar til ranchen deira ein halvtime nord for Santo Domingo. Søndag morgen skulle vi møte på skulen kl 9 for å bli plukka opp. Vi var litt seine, og ingen av dei eg ringte for å seie frå var på plass. Vi er i manana-land. Omlag ein halvtime etter oppmøtetidspunktet var alle 13 tilstades, og vi kom oss i minibussen.

Ashley forsyner seg av frukosten. Nancy hadde forberedt ekte dominikansk frukost med mangu, salami, stekt ost, kakao og frisk juice.

Utefrukost

Dette er ein ekte kamikaze-sommarfugl. Han flaug stadig inn i vifta frå forge bilde. Han blei slått til fleire gongar, og fekk til og med rift i vingen. Ei lita stund etter kom ein annan sommarfugl og gjorde akkurat det samme...



Nancy si signaturkake; Arepa

Fyrst såg vi ein pitteliten baby-tarantell. Deretter såg vi ein mykje større død ein.

Nancy laga sancocho, dominikansk variant av brennsnut, på gamlemåten. Eg jobbar med Ashley. Cesar er mannen hennar.

Gale å ha symjebasseng i hagen.

JR kosa seg.

Channing likte maten. Ho har forøvrig fått seg jobb på ein amerikansk skule i Kongo til hausten.


Verten sjølv, Nancy.


Nydelig! Vi åt og åt og åt....


Etter hovedretten var det meir avslapping. Cesar, Doug, Ashley og JR spelte domino.

Raylind and Kate. Raylind har evne til å snakke med fluger...iallfall nå han har på dei brillene.

Herlige kollegaar.

Nancy og mannen har så mange manto-tre! Med enorme mangoar! Eg fekk med ein heil pose heim... 

Dei sel også honning.  

Mange forskjellige orkidear i hagen. ok omgivelsar dette.

Emily og ein kjempe-lime!

Tok med meg pool-boyen heim rundt solnedgong...