Viser innlegg med etiketten Las Galeras. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Las Galeras. Vis alle innlegg

mandag 27. juni 2011

Fantastiske Las Terrenas

Gloppen og Karianne, det er berre å smøre seg inn med solkrem! Våre siste gjestar kjem om ei god veke, og vi er så klar for nytt besøk! Omlag 15 stk har vore på besøk alt, og opplevd landet saman med oss. Det har vore så kjekt å ha alle her! Eg kjenner at det nærmar seg heimreise, noko eg slettes ikkje er klar for! Takk og lov for at eg kan reise mykje rundt i juli. Eg har lyst tilbake til omtrent alle stadar eg har vore.

Fredag 24.juni, ut på ettermiddagen, sette vi nasa nordover mot Samana og Las Terrenas. Eg har vore der ein gong tidlegare, og der er utrulig flott. Nokre frå jobben snakka om å reise, og vi heiv oss med. Vi var tilsaman 8 stk i vår villa, og så var det kjentfolk av kjentfolk i ein annan villa, eit stykke vekke. Ashley hadde funne villaen ganske tilfeldig på nett, og her var det snakk om bulls eye! Staden heitte Costa Las Ballenas, og eg anbefalar det på det varmaste!

Etter 2 timar, for min del sovande, på buss frå hovedstaden til Sanchez på Samana, tok vi motoconcho til guagua (minibuss)-stoppet. Derifrå var det omlag 20 min i guagua til Las Terrenas.

Det var supergrønt og flott rundt villaen vår! Den høyrer på ein måte til eit resort som er der, Costa Las Ballenas, og vi fekk bruke fasilitetane.

Hovedhuset, med 6 sengeplassar. Det høyrte også til ein liten bungalow med dobbeltseng og bad.
Villaen vår heitte Casa Corales

Stove og kjøkken. Det var mange sitteplassar ute. Eg diggar biletet av fisken. 

Romet vårt.

Badet var aldeles nydelig, med herlige fargar og fliser.  

Kjøkkenkroken, som hadde alt av utstyr. 


Bassengområdet. Vi rakk ein kjapp dukkert før det blei mørkt på fredagen. 

Fyrste kvelden stakk vi over til den andre folka, nokre som går på skule med Cesar, men dei var ikkje så interessert i å snakke med oss. 

Vi klarte oss fint på eigahand! Frå venstre Jenny (kollega), eg, JR, Helene (norsk) og Fanna (svensk)

Frukost laurdag morgen, appelsin juice, steikt egg, italiensk brød med chorizo og pesto (takk for den Line, framleis ein slager!)

På stranda var det så mange søte rosa skjell...

JR, Jenny og Mihai var på foto/oppdagelsesferd. JR måtte sjølvsagt klatre opp i ei høg pamle og kaste ned kokosnøtter.
Eg er rimelig glad eg ikkje var med, for palma var høg og eg hadde sikker freaka ut...

Spasertur på stranda, her Fanna og Helene

Vi fann ein halvfin restaurant, med kjekke brikker. Maten var veldig god! Det kom ei regnsky medan vi sat der. Perfekt timing! Det regna visstnok mykje i hovedstaden i helga, men ikkje oppe i nord!

Playa Bonita, like ved der vi bodde. 

JR fann ei kjekk palme

Resorten hadde flotte hengekøyer ved sjøen, men inne på området. JR nytta høvet til litt avslapping.

Mihai, nyekaren i firma der JR jobbar, i solnedgong. 

aaaah...

Eg naut kvelden 
Vi som gjekk tur på stranda i solnedgongen. Frå venstre eg, gravide Ashley, Mihai, Helene, Jenny og JR. Fanna låg i hengekøye, og Cesar, mannen til Ashley, var ute på tur. 

Hoppebilete er obligatorisk...




Etter solnedgongen stakk nokre av oss inn til sentrum. Alt var stengt, sidan det var kveld og lavsesong, men vi fann ein trivelig strandbar, med svært gode drinkar.

Las Chicas, Helene, Jenny, eg og Fanna. 

På veg heim stakk vi innom ein Colmado for å få tak i litt rom og cola, samt sjokolade og egg til frukosten. Colmado-mannen var svært så trivelig. 

Så var det å prøve å kome seg heim. Dei andre hadde byrja å grille, og vi var klare for litt mat... Det var slettes ikkje lett å finne transport. Tilslutt fekk vi tak i ein kar på ein moped med stort bagasjebrett. Han køyrde moto-taxi. Han fekk tak i ein kompis, og dei køyrde oss heim for 100 pesos. 

Fanna og Jenny bakpå. Dei køyrde veldig fint, så fint at vi bestilte samme karen dagen etter (dog ikkje han her). Han ringe forøvrig i dag då eg var på jobb...

Tilbake i villaen, etter grillinga. Mihai har det ok fyrste helga si i DomRep.

Jenny, Cesar og Ashley. 

JR sløva i hagen, og lata som om han var MJ.  
Dei små kokosnøttene er inne i masse greier, så JR bearbeida dei litt. Den grøne på bakken er slik dei er på trea, den lysebrune er slik dei er inni, før den har tørka. Den er sjølvsagt full av kokosmjølk og kokos. 

Søndag tok Fanna, Helene og eg motoconcho til Playa Coson, ei anna flott strand, uten mange folk. Der var ein liten restaurant med god juice. 
Motoconcho-drosjesjåføren vår, Jonathan. Han ville henge på stranda. Det var ikkje vi så ute etter. 


Stranda er til salgs.... Her er ein del hotell og leiligheter,men dei er ikkje så synlige.

Jenny og Ashley gjekk til stranda (ein god time frå playa Bonita), og fortsette litt vidare. Dei fann ein utrulig flott villa, og dama som eigde den inviterte dei inn for å sjå. Ho eigde fleire villaar, og det var visst skikkelig Hollywood-style. Då Jenny og Ashley hadde kome opp i 2.etg, og såg på det eine badet, med ein flott sofa i, høyrde dei at det kom folk. Dei blei litt satt ut, for dei var i bikini, og syntes det var litt pinlig å møte dei som leigde villaen. Dama beroliga dei med at det berre var nokre ungdomar. Og jada, der kom halve 10.trinn frå skulen vår! Og både Ashley og Jenny er lærarar, og kjenner godt til elevane. Det var visst mora til ho eine som leigar dei ut.

Utrulig flott strand!

Det var mykje vind denne dagen, og etter 10 min i sjøen var sarongen min full i sand. Øyra mi, som var mot vinden, er framleis full av sand. 

Restauranten.

Eg og Jenny skulle gjere nokre ærend før heimreise, men alt var stengt. Vi tok heller ein kaffi medan vi venta på at Ashley og Cesar plukka oss opp for heimreise. Dei andre tok bussen.

 Der er litt kjøligare enn i hovedstanden, og det var veldig godt. Det har vore kvelande varmt og klamt i Santo Domingo i det siste. 
Etter denne helga har faktisk Las Terrenas på Samana komt seg opp på topp 3-lista mi over beste plassar i landet. Området sør for Barahona er også på den lista. Mulig Las Galeras også er der, litt lenger austover på Samana. 

tirsdag 4. januar 2011

Las Galeras


31.desember tok vi Caribe Tours-buss nordover til Samana. Mykje interessant å sjå langs vegen.


Vi hadde booka ei leilighet på La Isleta, som hadde fått svært god kritikk på Tripadvisor.com
Svært koselig inne også
Utsikt til havet
Stranda nedanfor leiligheta var ikkje noke å klage på!


Det bar rett på butikken for innkjøp då vi kom fram. Liten butikk med mange fluger.  
Trond nyt ein tidlig morgen på terassen, og les seg opp på området.

Båttur til Playa Rincon (2000 pesos), og vi åt nydelig sjømat på stranda. Det var diverre mange skyer.

Sola kika fram ei stund, og ungdomen nytta tida godt. 

Cocolocos

<3

Randi, som var kapteinen vår, fanga ei firfisle for oss! Stor stas!

På ettemiddagen opna himlen seg, og det hølja ned!




Vi kosa oss sjølvsagt likevel!


Om moregenen dag 2 gjekk JR ein tur for å finne hengekøye til stranda. Brått kom Jeffery/Geoffrey til oss og sa han hadde avtalt med JR å ta oss med til Fronton, og trengte 1000 til bensinpengar. Dette hadde vi ikkje diskutert, og eg rekna med at JR slettes ikkje hadde gått med på den prisen han sa til meg. Så eg sa vi måtte diskutere det. Då JR kom heim, hadde han også snakka med Jeffrey, og han sa eg hadde sagt vi ville på tur. Vi for ikkje på tur med han igjen. 


Dag 2 rusla vi berre ned til Playita, ei herlig stranda omlag 15 min gange frå leiligheta. Absolutt ei av mine favorittstrender!
Vi snorkla mykje. JR og Trond fann denne. Eg såg ein svær blekksprut som lata som om den var ein stein. Og mange fiskar og anna kjekt. 


JR hadde vore på tokt og fått tak i ei lita strandhengekøye. Passa perfekt under palma. 


Trond passa perfekt oppå palma.

Sistedagen var det sjølvsagt overskya igjen, sidan vi var utrulig klare for ny tur til Playita. Pakka heller samen, prøvde å finne taxi, berre styr, og enda i guagua til Samana. Dei ville ha taxipris sjølv om det var ein liten offentlig buss, noke Jeffrey hadde fiksa for oss. Utrulig dårlig fiksing. Mykje diskutering og suretryne, og til slutt fekk vi prisen ned til 80 pesos pr.pers. Då vi kom til Samana ville dei likevel ha 100. Uirriterte oss. Ny diskutering. Enda med at vi fekk den avtalte prisen. Vi måtte slappe av med kaffi, lunch og presidente i sola, som sjølvsagt kom fram då vi gjekk på bussen frå Las Galeras. Absolutt alle prøvde å lure oss denne dagen, og eg byrjar å bli rimelig lei av det. 
Bussen frå Samana til Santo Domingo var fantatisk! Svære seter, og kjempegod plass. 2,5 time i buss for 310 pesos (50 kr)
Fekk akkurat med oss solnedgongen då vi kom inn til Santo Domingo


Oppsummering:

Jeffrey på Las Galeras er full i svindel. 
Det blir tur til Fronton ved neste høve. 
La Isleta var ein svært koselig stad å bu. 
Nydelig mat på Le Taino (fisk i bananblad!)
Playita er ei nydelig strand!
Betalar du med dollar blir du iallfall lurt.