onsdag 13. april 2011

Science Fair, sannsynligvis mest interessant for naturfaglærarar

På skulen har dei ei svær greie som heiter Science Fair, i ekte amerikansk stil! Tid, hjerneceller og pengar blir investert i håp om ein ok karakter og eit godt prosjekt! Skulen arrangerar dette kvart andre år, og alle elevane er med på det. Eg veit ikkje heilt korleis organiseringa er, men plutselig var eg dommar, saman med ein eksemplarisk elevdommar. Fyrste dagen såg vi 2. trinn, som var så ufattelig søte og flinke. Så var eg dommar for 4.trinn, deretter 11.trinn. 

Elevane står ganske fritt til å velge prosjekt, og dei må bruke vitenskapelig metode for å finne svara. Hypotese og konklusjon måtte vere med. Noke slettes ikkje alle klarte, men det var iallfall ikkje mangel på interessante prosjekt! 

Desse 9.klassingane samanlikna effekta av organisk og kjemisk gjødsel. Eg har valgt å ikkje vise bilder av elevane, sidan eg ikkje veit kor ok det ville ha vore. Men dei var iallfall utruleg flotte, i fine-uniforma; blå bukser, kvit skjorte med slips for gutane,  kvit skjorte for jentene, og gjerne dressjakke. 

Magnetisme og høghastigheitstog. 

Forskjellige typer energi. Her var nokre mødre som fiksa plakat til den store gullmedalje i bakgrunnen. Det såg ut til at mange foreldre hadde vore involvert i prosessane. 

Elevane på klassetrinna under går rundt for å sjå kva dei store har laga. Foreldra er inviterte, og elevane presenterar også for dommarane som kjem rundt. Dei har i tillegg til utstillinga levert inn ein skriftleg del. 

Flammar som dansar i takt med musikken. Eg veit ikkje heilt kva dei testa, men sjølve eksperimentet såg iallfall flott ut!

Hot ice. Moro sak. Link til oppskrift på Youtube.

Kva får objekt til å ruste raskare?

11.trinn og 12.trinn fokuserte på meir biologi- og økologiretta prosjekt. 

Dette var så flott gjennomført! Dei utsatte planter for forskjellige typer musikk 3 timar pr dag over eit visst tidsrom. 

Dei to til venstre har høyrt på klassisk, nr 3 frå vensre har høyrt på Lady Gaga, og planta til høgre har høyrt på Heavy Metal. 

Kva gjer tivolia slik at det blir vanskeligare å vinne i spela deira? 

Alkohol contra nikotin, eksperiment med mus!

Dei hadde massevis av små kvite mus...

...og slapp dei opp i ein heimesnekra labyrint. Eg fekk halde ei mus og prøve, uten at den var påverka av noke. Den var slettes ikkje interessert i osten. Mulig ettervirkningar av eksperimenteringa. 

Det har vore mykje utslepp av bly i eit område vest for Santo Domingo. Desse elevane såg på korleis det påverka folket med tanke på sjukdom. 

Denne gruppa hadde til og med laga (dvs. fått laga, sidan omlag ingen lagar noko her, og alt kan kjøpast) kaker forma som jorda, iallfall meir eller mindre. Dei hadde om global oppvarming og isbrear. 

Denne gruppa dyrka vekstra som basilikum, aubergin og tomat i berre vatn, uten jord, og det fungerte veldig bra!

Eg var fullstendig oppslukt desse dagane, så mykje bra! Og vi dommarar fekk gratis mat, juice og kaffi, noko som hjalp enda meir på. Kanskje dette kan vere ein ide å ta med heim til Noreg? Eg har ikkje så mykje andre gode idear å ta med iallfall, men det får kome på sikt.

søndag 27. mars 2011

Innbrot

Laurdag 19. mars stakk vi ut på shopping og cafe i 3-tida. Då vi kom heim var huseigar og fleire naboar ute i hagen. Dei sa at noken hadde brote opp portane inn til gangane i huset, og at det såg ut som om dei hadde vore inne i leiligheta vår. Og jada. Dei hadde komt seg inn den låste porten, knust låsen inn til gangen, og deretter brote seg inn i leiligheta vår. Huset har 3 etg. og dei andre var heime, og hadde ikkje høyrt noke. Dei tok kun med seg elektronikk, og 100-pesos-solbrillene t JR. 




Dei fekk med seg både PCen til JR, og jobb-PCen hass. Dei tok også det lisje og det store kameraet, med 18-200mm-linsa og den vanlige, samt mp3-spelarane våre og dei norske mobilane våre. Min var øydelagt, så den får dei ikkje mykje glede av. Men JR sin var bra. Dei var ikkje interessert i pass eller kredittkort, heldigvis. Dei var heller ikkje innom kjøkken eller bad. Dei var også innom romet til Trond, og forsynte seg med det han hadde av dollar. 

Dei braut seg inn i naboleiligheta også, på samme plan som vi er på, og dermed måtte dei inn nok ei gangdør, før dei braut seg inn i leiligheta deira. Der fekk dei "berre" med seg PC og kamera. JR og eit par naboar stakk til politiet for å anmelde.

Døra vår fekk litt hard medfart, og kunne verken lukkast skikkelig eller låsast på eit par dagar. Vi har no fått ny lås og ny dørkarm.


 Neste morgen, før kl 10, stilte eit par politimenn på døra. Dei tok fingeravtrykk av div i leiligheta, og av meg og JR. 

Vi har ikkje høyrt noke meir, og ingen rundt huset har sett noke, sjølvsagt. Vi har kontakta forsikringsselskap, og håper det raskt blir ordnings.  

mandag 7. mars 2011

Barahona med fam

Fredag 4.mars, rett etter jobb, for eg og pappa til Avis for å leige bil. Dei hadde ingen tilgjengelige, så vi blei henta av Budget, og fekk leigd ein Kia med dei. Prosessen tok berre 4 timar, så det blei ikkje avreise mot Barahona den kvelden. I tillegg trakka eg på ein spikar hjå Budget, noke som la ein liten dempar på røyrsleevna mi. Uansett, laurdag morgon var det avreise litt før 8!

Fyrste stopp var for å få oss frukost, omlag ein time vest for Santo Domingo. Her har JR fått seg ein skikkelig dominikansk frukost, med pølse, løk, mangu (mosa kokebanan) og kokt yuka (potet-liknande grønsak). 


Vel framme på Las Patos måtte vi ha oss litt mat. Og vi venta lenge. Og alle ungane var innom for å snakke med oss. Alle ville passe bilen vår, og gjerne vaske den. 

Då maten endelig kom var det berre fryd og gammen! Ekte dominikansk mat her også, med kreps og fisk og tostones og alt mulig godt!

Så var det endelig tid for stranda. Ei herlig steinstrand, med store bølger!


Det blei nokre grusingar...

Vi hadde med vannmelon, og pappa fiksa kniv av noke flintstein han fann på stranda. 

Easy peasy!

Steinane var så fine! Eg sleit sjølvsagt veldig med å bevege meg sidan venstrefoten min hadde eit stort sår under...

Og fleire blei grusa. Her var visst ein del straumar i området, fekk vi vite etterpå. Men vi merka ikkje så mykje av dei, heldigvis!

Utrulig flott strand!

Mamma og turist-pappa kosa seg!

Då det var på tide å finne overnatting, stakk vi fyrst til Playa Azul, omlag 5 km sør for Barahona. Der var det diverre fullt, men vi fekk sett litt på solnedgongen. 

Vi køyrde vidare til Hotel el Quemaito, og overnatta der. Dei har utrulig god mat, kjipe rom, hyggelige tilsette, og ein herlig frukthage. I hagen såg eg mellom anna ei ananas-palme! Det er alltid stas. 

Mange blomar også. 

Søndagen sov vi uten vekkarklokke, og rakk så vidt den herlige frukosten. Så var det avslapping og lesing ved bassenget i nokre timar. Eg er midt inne i boka Shantaram, som Silje la igjen her. Den er så fengande! Vi sjekka ut i 1-tida og køyrde til den nærmaste stranda, berre eit par km lenger sør. Dette var ei minst like fin strand! Her var det i tillegg bra å snorkle. JR kom litt langt ut, og fekk virkelig kjenne på straumane. Heldigvis kom han seg fint inn igjen.Vi kjøpte middag på stranda, nydlelig fisk og kylling, samt tostones og anna godt. 

Då vi måtte reise i 4-tida var det med utrulig tungt hjerte. Eg likar dette området så godt, for det er så rolig her, og så få andre turistar. Vi sjakka mamma og pappa inn på Playa Azul, og køyrde til Barahona for å ta ut pengar. Mamma og pappa blei igjen der, og eg og JR vende nasene heimover.

Turen frå Barahona til Santo Domingo tok 3 timar, og då vi nærma oss byen byrja det å regne. På med alle nødlys, som dei gjer her i landet. Vi køyrde inn til Budget 3 min før tida, med full tank og ingen skraper. Fyrste gong eg har køyrt bil her i landet, på skikkelig, og det gjekk sabla fint! Dette gjer eg lett igjen! Mamma og pappa er igjen i Barahona fram til onsdag, og eg tankane mine reiser dit heile tida. Det er så herlig å kunne ta slike helgeturar!

I ettertid har eg fått høyre meir om at å bade i områda der kan vere farlig, for der er så mange sterke straumar. 

søndag 27. februar 2011

Fræshelg med mykje besøk i St.Domingo

Mamma og pappa bodde på Hotel Frances i Zona Colonial denne veka. Hotellet er i gammal kolonistil, og svært så flott. Fredag åt JR og eg middag med dei i restauranten der. 

Vi åt churrasco heile gjengen. Maten var heilt ok, servicen svært god, og selskapet upåklagelig. Mamma var godt nøgd med å få gå i sommarklede i februar, trur ej. 

Ein mann underheldt med pianospeling i bakgrunnen. Pappa var og nøgd. 

Eg slo på stortromma med ein piña colada til dessert.
Her nærma klokka seg 22, og som vanlig blei vi ganske så trøtte rundt det tidspunktet. Merkelige saker, men det blir få seine kveldar på oss her i landet. 

Laurdag kom LOL tilbake til byen. Vi åt lunch på Sweet Bakery. Line underheldt. 

Ein flott gjeng!

Ein kan ha mykje moro med sugerør. 

Posing utanfor yndlingsbakeriet vårt. Etter dette stakk pappa og JR heim til leiligheta, medan vi andre for på shopping. 

Vi gjekk mot Plaza Central, og brått såg vi ein liten og utrulig koselig butikk som heitte "Gosh so pretty". Line var ekstatisk. Lars var ikkje slett så entusiastisk. Enda med at både eg, Line og mamma handla der. Så mange fine smykker!
Lardagskvelden hadde vi tapaskveld med oss. Dvs vi prøvde iallfall. Vi gjekk brått tom for gass, og måtte låne ovnen til naboen. Claudia hadde fiksa så mykje nydelig mexicansk mat at vi omtrent slapp unna all matlanging! Vi fekk sett fram litt ost og frukt, men det var omlag det. Eg har fått oppskrift på maten, og gler meg til å prøve å lage! Frå venstre her er Claudia, Silvia, Trond, Line, Lars, JR, pappa og mamma. 

Etter tapasen stakk vi innom AIESEC-kontoret, der det var Dominikansk Aften. Det var presentasjon av Den Dominikanske Republikk, smaksprøver på lokal mat,  samt lokal musikk og dansing. Moro!  

JR, Karen og Yeimy

Søndag var ikkje Line særlig glad. Ho hadde på langbukse og sko for fyrste gong på omlag 3 veker, og skulle straks ta taxi til flyplassen. Ikkje kjekt å reise frå sommaren. Men det har iallfall vore utrulig kjekt å ha dei på besøk!

27.februar er nasjonaldagen til DomRep. Vi feira med søndagsmiddag på La Dolcerie, etter ein del fram og tilbake. 

Det var herlig å sette seg ned og nyte god mat. Og i dag klarte dei å ikkje rote til bestillinga heller! Dei hadde berre ein liten glipp, men den var så liten at den nesten ikkje telst. 

Pappa og eg kjøpte Swiss Bacon Burger, og den var like god som alltid! Papas Fritas med honey mustard sauce og ketchup. Herlig!

Etter middagen gjekk vi innom Krispy Kream, der mamma og pappa fekk sine fyrste doughnuts av den herlige typen! Vi gjekk heim gjennom Churchill, og der var det karneval og parader, så då fekk vi sett litt av det også! I morgon, mandag, reiser dei austover til Bayahibe for nokre dagar der, før vi reiser vestover til Barahona neste helg.