Laurdag 19. mars stakk vi ut på shopping og cafe i 3-tida. Då vi kom heim var huseigar og fleire naboar ute i hagen. Dei sa at noken hadde brote opp portane inn til gangane i huset, og at det såg ut som om dei hadde vore inne i leiligheta vår. Og jada. Dei hadde komt seg inn den låste porten, knust låsen inn til gangen, og deretter brote seg inn i leiligheta vår. Huset har 3 etg. og dei andre var heime, og hadde ikkje høyrt noke. Dei tok kun med seg elektronikk, og 100-pesos-solbrillene t JR.
Dei fekk med seg både PCen til JR, og jobb-PCen hass. Dei tok også det lisje og det store kameraet, med 18-200mm-linsa og den vanlige, samt mp3-spelarane våre og dei norske mobilane våre. Min var øydelagt, så den får dei ikkje mykje glede av. Men JR sin var bra. Dei var ikkje interessert i pass eller kredittkort, heldigvis. Dei var heller ikkje innom kjøkken eller bad. Dei var også innom romet til Trond, og forsynte seg med det han hadde av dollar.
Dei braut seg inn i naboleiligheta også, på samme plan som vi er på, og dermed måtte dei inn nok ei gangdør, før dei braut seg inn i leiligheta deira. Der fekk dei "berre" med seg PC og kamera. JR og eit par naboar stakk til politiet for å anmelde.
Døra vår fekk litt hard medfart, og kunne verken lukkast skikkelig eller låsast på eit par dagar. Vi har no fått ny lås og ny dørkarm. |
Neste morgen, før kl 10, stilte eit par politimenn på døra. Dei tok fingeravtrykk av div i leiligheta, og av meg og JR.
Vi har ikkje høyrt noke meir, og ingen rundt huset har sett noke, sjølvsagt. Vi har kontakta forsikringsselskap, og håper det raskt blir ordnings. |
dette høres ut som en sak for.... CSI: Dominikanske republikk! awsum spinoff !
SvarSlettTok de av seg solbrillene sånn som Horatio?
SvarSlett