Vel framme på Las Patos måtte vi ha oss litt mat. Og vi venta lenge. Og alle ungane var innom for å snakke med oss. Alle ville passe bilen vår, og gjerne vaske den. |
Då maten endelig kom var det berre fryd og gammen! Ekte dominikansk mat her også, med kreps og fisk og tostones og alt mulig godt! |
Så var det endelig tid for stranda. Ei herlig steinstrand, med store bølger! |
Det blei nokre grusingar... |
Vi hadde med vannmelon, og pappa fiksa kniv av noke flintstein han fann på stranda. |
Easy peasy! |
Steinane var så fine! Eg sleit sjølvsagt veldig med å bevege meg sidan venstrefoten min hadde eit stort sår under... |
Og fleire blei grusa. Her var visst ein del straumar i området, fekk vi vite etterpå. Men vi merka ikkje så mykje av dei, heldigvis! |
Utrulig flott strand! |
Mamma og turist-pappa kosa seg! |
Då det var på tide å finne overnatting, stakk vi fyrst til Playa Azul, omlag 5 km sør for Barahona. Der var det diverre fullt, men vi fekk sett litt på solnedgongen. |
Mange blomar også. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar