Viser innlegg med etiketten Barahona. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barahona. Vis alle innlegg

mandag 7. mars 2011

Barahona med fam

Fredag 4.mars, rett etter jobb, for eg og pappa til Avis for å leige bil. Dei hadde ingen tilgjengelige, så vi blei henta av Budget, og fekk leigd ein Kia med dei. Prosessen tok berre 4 timar, så det blei ikkje avreise mot Barahona den kvelden. I tillegg trakka eg på ein spikar hjå Budget, noke som la ein liten dempar på røyrsleevna mi. Uansett, laurdag morgon var det avreise litt før 8!

Fyrste stopp var for å få oss frukost, omlag ein time vest for Santo Domingo. Her har JR fått seg ein skikkelig dominikansk frukost, med pølse, løk, mangu (mosa kokebanan) og kokt yuka (potet-liknande grønsak). 


Vel framme på Las Patos måtte vi ha oss litt mat. Og vi venta lenge. Og alle ungane var innom for å snakke med oss. Alle ville passe bilen vår, og gjerne vaske den. 

Då maten endelig kom var det berre fryd og gammen! Ekte dominikansk mat her også, med kreps og fisk og tostones og alt mulig godt!

Så var det endelig tid for stranda. Ei herlig steinstrand, med store bølger!


Det blei nokre grusingar...

Vi hadde med vannmelon, og pappa fiksa kniv av noke flintstein han fann på stranda. 

Easy peasy!

Steinane var så fine! Eg sleit sjølvsagt veldig med å bevege meg sidan venstrefoten min hadde eit stort sår under...

Og fleire blei grusa. Her var visst ein del straumar i området, fekk vi vite etterpå. Men vi merka ikkje så mykje av dei, heldigvis!

Utrulig flott strand!

Mamma og turist-pappa kosa seg!

Då det var på tide å finne overnatting, stakk vi fyrst til Playa Azul, omlag 5 km sør for Barahona. Der var det diverre fullt, men vi fekk sett litt på solnedgongen. 

Vi køyrde vidare til Hotel el Quemaito, og overnatta der. Dei har utrulig god mat, kjipe rom, hyggelige tilsette, og ein herlig frukthage. I hagen såg eg mellom anna ei ananas-palme! Det er alltid stas. 

Mange blomar også. 

Søndagen sov vi uten vekkarklokke, og rakk så vidt den herlige frukosten. Så var det avslapping og lesing ved bassenget i nokre timar. Eg er midt inne i boka Shantaram, som Silje la igjen her. Den er så fengande! Vi sjekka ut i 1-tida og køyrde til den nærmaste stranda, berre eit par km lenger sør. Dette var ei minst like fin strand! Her var det i tillegg bra å snorkle. JR kom litt langt ut, og fekk virkelig kjenne på straumane. Heldigvis kom han seg fint inn igjen.Vi kjøpte middag på stranda, nydlelig fisk og kylling, samt tostones og anna godt. 

Då vi måtte reise i 4-tida var det med utrulig tungt hjerte. Eg likar dette området så godt, for det er så rolig her, og så få andre turistar. Vi sjakka mamma og pappa inn på Playa Azul, og køyrde til Barahona for å ta ut pengar. Mamma og pappa blei igjen der, og eg og JR vende nasene heimover.

Turen frå Barahona til Santo Domingo tok 3 timar, og då vi nærma oss byen byrja det å regne. På med alle nødlys, som dei gjer her i landet. Vi køyrde inn til Budget 3 min før tida, med full tank og ingen skraper. Fyrste gong eg har køyrt bil her i landet, på skikkelig, og det gjekk sabla fint! Dette gjer eg lett igjen! Mamma og pappa er igjen i Barahona fram til onsdag, og eg tankane mine reiser dit heile tida. Det er så herlig å kunne ta slike helgeturar!

I ettertid har eg fått høyre meir om at å bade i områda der kan vere farlig, for der er så mange sterke straumar. 

mandag 10. januar 2011

Casablanca og Polo Magnitico

Vi hadde lest mykje bra om Casablanca, som er eit lite hotell sør for Barahona, og no var tida inne for å prøve det. Vi kom dit på ettermiddagen, litt før solnedgong.  Blei møtt av dei del vakthundar, og eg oppdaga at eg slettes ikkje er glad i vakthundar og laushundar. 

Roma var svært sparsommelige, med ein del maur, samt berre kaldt vatn. Eg syntes likevel det var ein svært koselig plass.  Det var ikkje mulig å ete drop-in- middag, for her bestill ein mat om morgenen, så går eigaren til markedet for å handle inn, og lagar maten om kvelden.

Vi tusla over til nabohotellet, Quemaito, for å ete. Sofie og Frode likte det så godt at dei tok inn der i staden. Maten der var dyr og det tok ein time å få den, og vi var rimelig leie då den endelig kom. Maten var fantastisk!!!! Eg åt fisk og reker i ein gourmetsaus uten like! Aldels fantastisk mat, som må anbefalast på det sterkaste!

 Utsikta frå hagen var heller ingenting å klage på. 

Der var også basseng og varmtvatn og det var ikkje måte på! 

Men no over til Casablanca, som eg synest var så utrulig herlig! 

Det var mange planter og murte gangar i hagen. 


Eg stod opp i 8-tida om morgenen, medan alle andre sov. Eg tusla inn i hagen, blei fanga inn av eigaren, og gitt ein rykande varm kaffi. Frukostbordet stod klart, men eg venta på resten. 

Det var dekka på langbord til oss og dei fire andre gjestane. 

Fersk pasjonsfruktjuice og vannmelonjuice i morgensol. 

Det hang fersk frukt kringom, og det var mange treutskjeringar. 
Banan frå hagen.

JR klar for frukost. Kaffi og juice, musli- og fruktgraut, eggerøre, ferskt brød og kvitløkssaus, samt kyllinglever- pate. Trond var usikker på om han likte det, og då han fekk vite kva det var, likte han det ikkje. Eg derimot syntes det var nydelig!

Restauranten sett frå baksida av hotellet. 

Ein ny skolopender til Trond. Denne enda større enn den forge!


Då vi var klare for avreise oppdaga vi eit punktert framdekk. Trond og Frode var øyeblikkelig på saka. Så viste det seg at jekken vi hadde fått, til Forden, var til ein Nissan. Og var umulig å bruke. Ekstradekket hadde ei flenge. Leigebil er gollj! Ein av dei tilsette ved plassen hadde ein gammal jekk liggande, og hjalp oss med ordninga. 

Medan karane jobba i solsteiken nytta eg høvet til å fotografere nokre av dei mange sommarfuglane som flaug kringom. 

Denne var spesielt fotogen, opna vingane og tok ei ekstra runde for så å kome tilbake for vidare fotografering. 

Trond ville også posere. 

Innom ein verkstad for å få fiksa dekket. Denne karen hadde fullstendig kontroll! Kosta oss 100 pesos og ein halv time. 

Den magnetiske polen skal visst finnast like vest for Barahona, og dit måtte vi. Vi hadde lest at om ein stoppa bilen i botnen av ein bakke, og sette den i fri, ville den rulle oppover bakken igjen. 

Bilen sett i fri, og vi er klare. Og ja, bilen rulla oppigjen!!!


Her illusterar gjengen effekta. Det skal visst vere ein optisk illusjon, der omgjevnadane og veien får det til å sjå ut som om det er ein nedoverbakke, medan det ikkje er det. Utrulig spesielt. 

Enriquillo, den fyrste statua eg har sett av ein lokal kar. Han her var ein Taino-indianar som gjorde opprør mot spanjolane på tidleg 1500-tal. Stort sett finn ein berre statuar av spanjolar som drap indianarar. 


Vi var no på veg mot Lago Enriquillo, ein svært spesiell saltvatninnsjø. Her var det ørken og fjell.  

søndag 9. januar 2011

Barahona og Playa Azul

Med Sofie, Frode og Trond i hus måtte vi ut på tur! Vi leigde bil og la i veg mot Barahona, og deretter grensa til Haiti. Vi hadde høyrt at dette området skulle vere utrulig flott, med svært lite utenlandsk turisme. Eg har omlag ein million bilete frå denne turen, for noke så flott er det lenge sidan eg har sett. Dette området må eg berre anbefale på det sterkaste! Det er greiast å reise her om ein pratar litt spansk, men folk er så hyggelige at det nok er mulig å klare seg utan også!

Fyrste stopp i Barahona var Melo, ein lokal kaffifabrikk. Eigaren var ikkje der, men vi fekk likevel ei lita omvising, på spansk, av veldig hyggelige arbeidarar. Kaffien er min absolutte favorittkaffi, utrulig god smak!


Karane er klare for kaffi!

Ein kar som ville vere med på biletet.
Kaffien blei sortert og brend litt lenger oppe i byen, så vi måtte ut på ein liten tur.

Fine bønnar. Dei eksporterar til Italia og Japan og mange andre land

Frode, Sofie, Trond og JR. Omvisaren vår nr 2 frå høgre, vegvisaren vår heilt til høgre. 
Heilt tilfeldig enda vi deretter opp på Playa Azul, omlag ei halv mil sør for Barahona.
 

Frå 2200 pesos for eit dobbeltrom. Greie rom og bad. 

Flott basseng.

Utsikta nede ved sjøen var majestetisk!

Vi fekk med oss heile solnedgongen. 

JR heldt utkik. 

Gale med blå himmel og palmer .


Brent toast til frukost. Restauranten her var ikkje imponerande. Kan nemne av Frode var svært nøgde med fisken han åt til kvelds her. 

Påfuglar i hagen trekk derimot opp. 

Kattungar også. 

Dei hadde akkurat fått auge! Blei nokre snikturar inn på romet bak resepsjonen. 


Utsikta var ikkje dårlig i dagslys heller! Diverre var bølgene så store at det ikkje var fint å bade der. JR og Trond fekk leika seg litt i bølgene, og fekk grusa seg i småsteinane på stranda. 

Vi testa ut eit par andre hotell i området her, og alle leverte. Dette var likevel favoritten til fleirtalet!